Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Bømlo
Samferdsle
Trekantsambandet

 

  
Trekantsambandet
Tekst: Scandion
  
Med Trekantsambandet fekk øykommunane Bømlo, Stord og Fitjar forbindelse til fastlandet - og anlegget er ein del av Kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim.

27. oktober 1986 vart Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap AS stifta med formål å etablere fast forbindelse mellom Stord og Bømlo, og vidare forbindelse til Sveio.

28. desember 2000 opna ny kyststamveg mellom Sveio og Stord.

30. april 2001 var femten tusen festkledde menneske til stades då Kong Harald opna Trekantsambandet mellom Sveio, Stord og Bømlo

Totalkostnad for Trekantsambandet var 1.814 mill. kr. (2000)

I regionen har Trekantsambandet løyst ut eit stort, undertrykt transportbehov etter at 4 ferjesamband er avløyst av fast vegforbindelse. Den enkelte innbyggjar har fått eit vesentleg større tilbod på alle områder tilgjengeleg innanfor ei reisetid på 45 - 60 min. Tidskostnader i kommunikasjonen har minska betydeleg. Veganlegget har opna for kryssing av fjorden døgnet rundt i motsetnad til ferjene.

OM ANLEGGET
Trekantsambandet har erstatta 4 ferjestrekningar, Valevåg Skjersholmane, Valevåg-Mosterhamn, Sagvåg-Siggjarvåg og Skjersholmane-Utbjoa og består av:

Bømlafjordtunnelen
Undersjøisk tunnel på 7820 m frå Sveio til øya Føyno i Stord kommune.
Lågaste punkt er 260 meter under havflata.
Tunnelen har 3 køyrefelt.
Største stigning er 8,5 %.
Kostnad : 476 mill. kr.

Stordabrua
Hengebru over Digernessundet, mellom Digernesklubben på Stord og øya Føyno.
Lengde i alt 1076 m, hovudspenn på 677 m.
Brutårna er 97 meter over vassflata, og seglingshøgda er 18 m i 200 m lengde..
Kostnad : 433 mill. kr.

Bømlabrua
Hengebru over Spissøysundet, mellom Nautøy og Spissøy.
Lengde i alt 990 m, hovudspenn på 577 m.
Brutårna er 105 meter over vassflaten, og seglingshøgda er 36 m.
Kostnad : 336 mill. kr.

Spissøybrua
Lågbru over Gassasundet frå Spissøy til Klungervika på Bømlo.
Total lengde 350 m og i alt 11,3 km veg i dagen.
Seglingshøgda er 7 m.
Kostnad : 46 mill. kr.

Digernestunnelen
Digernestunnelen - også kalla miljøtunnelen fungerer som ein portal når du køyrer ut på Stordabrua.
Kostnad : 36 mill. kr.

Veganlegg
Kostnad : 325 mill. kr.

Byggherrekostnader: 172 mill. kr.

Nye vegar
Det er til sammen 21,5 km veg i anlegget. Det er gang- og sykkelveg mellom Bømlo og Stord.

Bomstasjonen
Bomstasjonen ligg på øya Føyno. Det er 3 køyrefelt gjennom bomstasjonen i kvar retning.

AutoPASS vart innført frå 1. februar 2004.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal