Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Fedje
Næringsliv
Fedje Trafikksentral

 

 
Fedje Trafikksentral 
Foto: Scandion.

Fedje Trafikksentral vart offisielt opna 1. september 1992. Sentralen, som er eit godt utsiktpunkt over Fedje og Nordsjøen, driv losformidling og overvaking av skipstrafikk. 

Losane har hatt tilhald på Fedje i generasjonar og losbåten er eit trygt innslag. Sjølv om fiskeria er på retur, er det nok av dei som har nytte av losane sine kunnskaper. Oljeaktiviteten i våre nære farvatn har stor nytte av lostenestene. 

I samband med den store tanktrafikken til oljeterminalane på Mongstad og Sture - fastsette Stortinget at den nye trafikksentralen for Vestlandet skulle byggjast på Fedje. Den vart bygd på dei same tuftene som dei andre losbygga. 


Foto: Scandion.

Losane har hatt tilhald på Fedje i generasjonar og losbåten er eit trygt innslag. Sjølv om fiskeria er på retur, er det nok av dei som har nytte av losane sine kunnskaper. Oljeaktiviteten i våre nære farvatn har stor nytte av lostenestene. Bildet viser to losbåtar på veg inn i hamna. 

Magnus Lagabøtes landslov frå 1276 inneheld dei eldste norske losbestemmelsane. I 1720 vart ein fast losadministrasjon oppretta, og landet delt i losdistrikt. Landet vart delt i to,-det søndenfjeldske og det nordenfjeldske - og skiljet gjekk ved Åna Sira i Rogaland. 

Alle skip på utlandet vart pålagt losplikt i 1725. Inndelinga av losoldermannskaper stammer frå den gang. 

I førstninga var det eit system med konkurranselosing. Det førde til ei hard og farleg tevling mellom losane for å kapre seg skip for å få prisepengane. Mange tok stor risiko og gjekk ut i altfor dårleg ver. Langs kysten finst mange soger om enkjer og farlause som sat att etter losar som fann si grav i bølgjene. Seinare, på 1800-talet, tok losane meir og meir i bruk overdekte losfartøy, og det auka tryggleiken. Systemet med konkurranselosing tok slutt ved loslova av 1899 som sette store krav til kunnskap om lokale farvatn og sjømannskap for dei som skulle verta losar. 

Gjennom heile 1800-talet var det fleire losar stasjonerte på Fedje. Losing må ha vore ei viktig næring for Fedje, både som hovudnæring og attåtnæring for fiskarane. 

Området ved Hesthaugen, like aust for Vinappen, vart eit viktig område for lostenesta på Fedje. Ein forutsetning for å få seg jobb var å bu slik at ein hadde godt oversyn over havet, for losane sat då heime for å halde utkikk etter båtar, med god hjelp frå kona og borna. Dei hadde sine eigne losskøyter som dei segla ut til skipa med. 

Loslova av 1948 innebar ei sterkare organisering av tjenesta. 

I 1953 vart det bygt loshytte på tuftene etter radartårnet frå siste verdskrig, og det førte til fast vakthald. I 1956 vart det kjøpt inn ei skikkelig losskøyte til Fedje. Aktiviteten auka år for år, ikkje minst på grunn av skipstrafikken til det nye raffineriet på Mongstad, og i 1977 vart det bygt ein mykje større og meir moderne losstasjon på same staden. Den vart erstatta av Fedje Trafikksentral i 1992. 

Fedje Trafikksentral gjev deg eit storslagent utsyn over Fedje og nokre deler av Nordhordland. 

---------------------------------
Kjelde: Kulturhistorisk vegvisar Fedje 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no