Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Attraksjonar
Håkonshaugen

 

  
Håkonshaugen på Seim
Foto: Scandion.

Tusenårsstaden i Lindås kommune

Håkonshaugen er eit historisk gravminne etter Håkon den Gode som var konge frå omlag år 933 til år 960. Haugen var mykje øydelagd før han vart arkeologisk undersøkt i 1879 og i 1958. 

Ved utgravinga i 1958 fann dei restar av den gamle haugkanten og kunne fastslå at haugen opphavleg har vore 20 m i tverrmål. Det vart funne spor etter ei båre eller ein kistebotn. Men leivningar etter kongen sjølv eller sverdet hans, Kvernbit, som han etter soga skal ha fått med seg i grava, vart ikkje funne. 
Håkonshaugen vart deretter oppbygd slik den er i dag til eit historisk minnesmerke og opna av Kong Olav i 1961. 

 
Håkon I (om lag 920-960), var konge av Noreg frå 933. Han er òg kjend som Håkon den gode, Håkon Haraldsson eller Håkon Adalsteinsfostre eller Adelstensfostre (norrønt: Hákon Aðalsteinsfóstri). Håkon var yngste sonen til Harald Hårfagre og Tora Mosterstong, og bror til Eirik Blodøks. Det vert sagt at Tora var om bord på båt då ho skulle få barnet. Skipet la til land, og der ho fødde, heiter det Håkonshella. 

Tilnamnet Adalsteinsfostre fekk Håkon etter å ha hatt Kong Adalstein (Athelstan av England) som fosterfar. I England vart Håkon oppdregen i den kristne trua, og er difor kjend som den fyrste kongen som prøvde å kristna Noreg. Han mislukkast på grunn av stor motstand. 

Håkon var bror av Eirik Blodøks. Eirik måtte røma landet då Håkon Adalsteinsforstre kom attende til Noreg for å ta kongemakta. Eirik var dårleg likt på grunn av rå framferd, med plyndring og herjing. Håkon fekk difor stønad frå dei norske hovdingane. Slik vart Håkon konge av Noreg. 

Håkon måtte fleire gonger verja landet mot Eirikssønene, som samarbeidde med danskekongen Harald Blåtann. Danskekongen var dronning Gunnhild sin bror. Han fekk banesåret sitt i eit slag mot dei på Fitjar på øya Stord i 960 eller 961. Håkon den gode vart hauglagd på kongsgarden Seim i Nordhordland. Etter at Håkon døydde, sette danskekongen Harald Blåtann Harald Gråfell og dei andre av Eirik Blodøks sine søner til å styra landet som sine underkongar. Desse vart kalla Eirikssønene. 

Håkon den gode vert særleg knytt til to store reformer i retning av organisatorisk samling av riket, nemleg «leidang» og «lagting». Skipnaden gjorde mogleg eit meir formalisert samarbeid mellom kongen og bondefolket. 

Soga om Håkon vart skriven ned av islendingen Snorre Sturlason (Snorri Sturluson). Soga er ein del av Heimskringla, norske kongesoger. Henta frå Nynorsk Wikipedia

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no