Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Jubilantar
 

 


 

 

      
Jubilantar i Lindås kommune(27.11.2006)

2006 

25 år - NGIR 
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap omfattar alle kommunar i regionen og i tillegg Solund. Jubileet vart feira på Strialtun fredag 10. november. 

2006 

20 år - Mongstadbase 
I jubileumsåret er Mongstadbase ein av dei største arbeidplassane i distriktet med 165 tilsette pluss innleigd personell. Basen er den største forsyningsbasen i landet, rekna etter tonnasje. Over 2000 skip legg til kai i 2006. Jubileet vert feira med fest ombord i hurtigruteskipet MS «Trollfjord». Dagleg leiar er Ragnhild Tykhelle Langøy. 

2005 

140 år - Lindås kyrkje 
Lindås kyrkje fyller 140 år og det vart markert med jubileumsgudsteneste 16. september 2005. Kyrkja vart vigsla 20. september 1865 av biskop Birkeland. 

2003 

100 år - Hjelmås ungdomslag 
Søndag 16. november 2003 kunne Hjelmås Ungdomslag feire 100-års jubileum på Leiknes skule. 

2003

40 år - Lindås skulemusikk 
Lindås skulemusikk feira sitt 40-års jubileum søndag 16. november 2003. 

2002

50 år - Eikanger IL 
I jubileumsåret kan laget varte opp med flunkande ny krøllgrasmatte. I anledning Norges Fotballforbund sitt 100 års jubileum - får Eikanger IL besøk av fotballpresident Per Ravn Omdal, og laget får æra av å stå for Hordaland sin del av fotballforbundet si jubileumsmarkering. 

2002

20 år - Lindås sogelag 
I april kunne sogelaget feire 20 års jubileum. Under markeringa vart dei to som starta laget, Jan B. Thorsheim og Olav Kvamme, tildelt kvar sin vesle kulturskatt - eit handmåla porselensfat. 

2001

100 år - Alversund Musikklag 
130 noverande og tidlegare medlemmer var samla til ein svært vellukka hundreårsfest på Alver Hotell lørdag 28. april. Mange av musikantane fekk tildelt medaljer og æresprisar. Laget fekk mange flotte gåver, og mange gode ord, blant anna frå kultursjefen. 
Ekstra stas vart gjort på Magne Fosse som fekk NMFs gjevaste utmerkinga, for 50 års medlemskap. 

2001

50 år - Eikanger Bjørsvik Musikklag 
Onsdag 28. februar var det konsert på Ostereidet for å markere at det er 50 år sidan Bjørsvik Musikklag vart starta. Det er også i år 30 år sidan dei to korpsa vart slått saman til EBML. 28. februar skal forøvrig tradisjonelt vera ein konsertdag, der ein markerer samanslåinga av dei to korpsa. 

2001

40 år -Alversund skulemusikkkorps 
Dette vart feira med jubileumskonsert i gymsalen på Alversund skule laurdag 27. oktober. Korpset har i jubileumsåret 20 musikantar og 14 aspirantar, under leiing av dirigent Finn C. Larsen. Dei fleste musikantane kjem frå Alversund skule, men korpset rekruterer også frå Feste, Seim og Leiknes. Korpset feirar 40-års jubileet som det eldste skulekorpset i Nordhordland. 

2001

40 år - Nordhordland vidaregåande skule 
Skulen feira i oktober sitt 40-års jubileum med ein fest der fem av skulen sine noverande og tidlegare tilsette vart heidra med Norges Vel medalje. Det var Eirik Kolstad, Bjørg Leknesund, Inge Lie Molvik, Astrid Reigstad og Asbjørn Dale. 

2001

25 år - Skodvin skulemusikk 
Skulekorpset kan så langt sjå tilbake på 1. plass i nordisk meisterskap og 2. plass i EM. 

2001

20 år - Oster Brass 
Laurdag 24. mars kunne Oster Brass markere sitt 20-års jubileum med eit svært så underholdande jubileumsshow på Grand i Bergen.. 
Oster Brass vart starta 1. mars 1981, og tanken med korpset den gongen var at det mellom anna skulle verta ein stad for å vidareutvikla skulemusikantar som hadde tenkt seg inn i Eikanger Bjørsvik Musikklag. 

2001

20 år - Western Geco Fjord Instruments. 
Verksemda i Knarvik har 280 tilsette i jubileumsåret. 

2000 

100 år - UL Sambygdingen 
UL Sambygdingen i Alversund rundar 100 år i november. Jubilanten får overrekt eit bilde av laget sin skipar, Johan Litleskare. 

2000 

25 år - Knarvik skulekorps 
Knarvik skulekorps feirar 25-års jubileum i november. 

2000

25 år - Seim Songkor 
Midt i februar kunne Seim Songkor feire 25-års jubileum. Koret har ei lang merittliste, bl.a. musikalane «Dampen» og «Kattane i Lindås», Bestleshyllesten «I vesterveg til Liverpool», «Håkonarspelet» og ei rekkje krevande kyrkjekonsertar. Vidare konkurransar og store festivalar i Italia og Tyskland. 

2000 

20 år - LO i Nordhordland 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal