Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Samferdsle i Lindås
Samferdsle i Nordhordland

 

 
Landets lengste vegtunnel 
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 25.07.2004

7. juli 1927 skjedde det ei storhending innan samferdsla i Nordhordland. Då vart landets lengste vegtunnel på 184 meter opna gjennom Fureberget, og tunnelen batt Vassbygdi saman med Seim og Isdalstø. 

Dette gav store utsyn for ei utvikling av trafikken på landevegen, då det no let seg gjera å køyra like frå Fanebust i Lindås til Isdalstø, ei veglengde på nærare 35 km. 


Ved innslaget til Furebergstunnelen i 1925. Eigar av biletet i 1988: Nils Nonås, Lonevåg. 

I Gula Tidend stod det fylgjande å lese denne dagen: 

Eit nytt stykke ferdigt av Alversund - Lindaasvegen 
«I dag skal fylkesmann Friis Petersen, yveringeniør Jensen, lensmann Dåe og ordførar Elsås ut og taka imot hovudvegen Seim - Gausreide som no er ferdig. På dette stykket hev ein og den store tunnelen gjennom Furuberget som hefte so mykje. 

Med dette vegstykket hev ein fenge ein ny bindeledd på vegen millom Alversund og Lindaas. Det er berre 5-600 m att til ein hev heile sambandet ferdigt. Den gamle vegen jamsides kann brukast millombels, ogso til bilferdsla.» 

Avisa skreiv ingenting etter opninga. 

Vegparsellen Seim - Nesse - Hopland vart opna seks dagar før, altså den 1. juli 1927. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal