Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 


 
 

 

   
Pumpar pengar
Forfattar: Jarle Hodne
(06.11.2003)

Nygard pumpekraftverk i Modalen skal setjast i drift i desember 2004 og vil bli det 29. vasskraftverket til BKK. Utbygginga vil koste i underkant av 240 millionar kroner. 

Når straumprisen er høg, vil kraftverket gå som normalt. Med låge prisar kan BKK kopla inn reversen og pumpa vatnet tilbake til eit høgare magasin for å vente på prisoppgang. Kraftverket vil auka BKK sin samla produksjon med 74 GWh i året, like mykje som forbruket til 3700 einebustader. 

Anleggsleiar Kjell Vestly frå MIKA (t.v.) og byggjeleiar Otto Løkkebø frå BKK framfor tunnelinnslaget til Nygard pumpekraftverk. Foto: Jarle Hodne. 

Miljøvennleg utbygging 
- Dette kraftverket har små inngrep i miljøet fordi det ikkje medfører ny utbygging av elvar eller vatn. Alt er regulert frå før, seier prosjektleiar Svein Haga i BKK Rådgiving. 

Anleggsarbeidet går for fullt under Krosstølen. Entreprenøren MIKA er no i ferd med å byggja sjølve kraftstasjonen 580 meter inne i fjellet. Samtidig pågår arbeidet med sjakter og den 2,8 kilometer lange driftstunnelen frå kraftstasjonen opp til Skjerjevatn. 
- Vi har sprengt ut 900 meter 3. oktober og har ei framdrift på rundt 15 meter for dagen, opplyser Otto Løkkebø, som er BKK sin byggjeleiar på staden. 

Skjerjevatn høyrer i dag til Evanger kraftverk, men BKK vil få meir energi ut av vatnet ved å føra det til Nygard. 
 

Vatnet renn så ned i Stølsvatn og vidare til Steinsland og Hellandsfoss kraftverk som ligg lenger nede i Modalsvassdraget. 


Kraftstasjonen er i ferd med å bli reist 580 meter inne i fjellet. Foto: Jarle Hodne. 

Gamalt prosjekt 
Nygard pumpekraftverk var opphavleg planlagt som ein del av Steinslands - utbygginga og fekk konsesjon i 1992. 

Men først i 2002 fann styret i BKK det økonomisk forsvarleg å realisera prosjektet. Større prisskilnad på sommar- og vinterkraft og eit generelt høgare prisnivå gjer det lønsamt å byggja ut no. 

I dei økonomiske vurderingane tel det med at Stølsvatn har liten kapasitet, slik at BKK i dag tapar pengar fordi flaumvatn renn over demninga. Når Nygard pumpekraftverk kjem i drift, kan vatnet i staden bli pumpa opp til Skjerjevatn der kapasiteten er langt større. Vatn som i dag renn forbi turbinane i sommarhalvåret, kan dermed bli til verdifull vinterkraft. 

Kombinerer turbin og pumpe 
Nygard pumpekraftverk har ein Francis-turbin som kan gå begge veiar. Ved å snu straumen verkar generatoren som motor og turbinen som ei pumpe. 

I sommarhalvåret pumpar ein vatn opp frå Stølsvatn til Skjerjevatn, der det blir lagra for vinterproduksjon. 

Omlegginga er så enkel at ein også kan pumpa vatn om natta og produsera energi om dagen. Prisskilnaden må vera minst 20 prosent for at det skal svara seg. Det vil seia at dersom kraftprisen er 20 øre/kWh nattetid, må han være over 24 øre/kWh på dagtid for å gje forteneste når ein slepp vatnet ned att. 
............................................................. 
BKK-nytt oktober 2003 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal