Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kultur
Kulturbygg
Granneheimen
 
 

Granneheimen 
(18.07.2007)
Forfattar: Arne L. Hope. Foto: Scandion

Det hadde vore naturleg i mange år å nytta skulehusa til møtesamver, der grenda hadde slike. Men etter kvart auka folkemengda i krinsane og desse husa kunne såleis lite dekka, i alle høve større samlingar. Difor kom tanken om å reisa bedehus opp. 

Den fyrste grenda som fekk eit slikt samlingshus var Sør-Kvingo. 

I august 1925 samla Martin Størkson Kvinge alle ektepar på Sør-Kvingo og la fram eit ynskje han hadde bore på alt frå unge år. 

Han hadde i fleire år spart saman og lagt til side ein liten kapital. For dei pengane ynskte han å få kosta opp eit forsamlingshus i heimegrenda. 

Spørsmålet var nå om grenda ville ta imot ei slik gave, og stilla høveleg tomt til å byggja på og føra opp grunnmur. 

Huset skulle vera ei takk til far og mor frå den store barneflokken for den gode kristenarven dei fekk med seg ut frå barndomsheimen og vera grenda sin eigedom. Grannane tok med stor takksemd mot tilbodet. Høveleg tomt vart funnen og grunnarbeidet med støypt kjellarmur unnagjort. Og i 1926 var huset ferdigbygt, etter teikning av Kaspar, bror til gjevaren. 

Pinsedag 1927 vart huset vigsla av misjonsprest Hodneland og vart heitande Granneheimen. 

I 1931 gjorde Sandnes kyrkjelyd vedtak om med departementet si godkjenning, at 8 gudstenester frå Sandnes sokn, skulle leggjast til Granneheimen årleg, etter at huset vart vigsla til slikt bruk. 

Då nyvegen mellom Søre- og Nordkvingo var ferdig i 1951, vart grenda, med gjevaren sitt ynske, einige om at heile skulekrinsen måtte stå som eigar og ha ansvar for huset. 

I 1953 vart det ved dugnad og eit større banklån skote vekk noko fjell under bygningen, slik at matsal og kjøken vart romslegare. Det vart plass til garderobe og sanitæranlegg. Samstundes vart det tilbygt kor og sakristi. Til det løyvde heradet 5000 kroner. 

Bygdefolka har heile tida vore gjevmilde når det galdt vyrdsling av huset, med pengegåver, materialar, lysekrune, farga glas i koren, lysestakar, messehakel, altarsylv og mangt anna. 

Ein kvinneklubb i Bergen (alle syskinborn) kom saman og laga ting til ei utlodding, som gav eit overskot på 3.200 kroner som gjekk til klokketårn. Tårnet er teikna av arkitekt Fridtjof Sandnes, Stavanger, ein ætling frå Masfjorden, og samansett gratis av Kvinge Møbelverkstad. Klokka let seg høyra fyrste gong ved gudstenesta 23.12. 1973. 

I møteboka til huset har M. Kvinge skreve m.a.: 
"Må derfor Granneheimen bli og være 
et sted hvor lys kan tendes til Guds ære, 
et sted for råd og dåd i helg og vyrke, 
til hjelp i ånds og håndens yrke, 
en hjelp i kamp for livet list og her, 
et sted hvor granner får hverandre kjær." 

----------------------------------------------------------- 
Informasjonen er henta frå Masfjordboka, band II - 1978. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no