Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kyrkja
Fjon fjellkyrkje

 

 
Fjon Fjellkyrkje
Foto: Scandion
 
Fjon Fjellkyrkje er ein kombinert leirplass/kyrkje som ligg i Matredal i Masfjorden kommune. Ho ligg vakkert til ved inngangen til Stølsheimen og Matrefjella. 

Ho er eigd av alle sokneråda i Nordhordland prosti, og vert brukt av ulike lag, kyrkjelydar, forsamlingar og organisasjonar frå Gulen, Nordhordland og bergensområdet. 

Det er plass til 29 overnattingsgjestar på dei fem soveromma i tillegg til 14 plassar på 3 nye soverom i 2.etg. Ideèn til byggjinga vart lagt fram på eit soknerådsmøte i Masfjorden våren 1975. 
 
Skjærtorsdag 3.april 1980 var det friluftsgudsteneste på tomta. Steinar Ihle la ned grunnstein som ligg der altarpartiet er i dag. Etter mange tusen timar dugnad vart kyrkja innvigd sundag 16.august 1987 i strålande vèr. 

I dag er kyrkja utleigd omtrent kvar helg i vår og haustsemesteret. Ho er også utleigd til bl.a konfirmasjoner, bryllaup, geburtsdager. Av anna aktivitet kan nemnast; gudstenester og Olsokstemne. Nokre kyrkjelydar legg også kyrkjelydstur/gudsteneste til denne vakre plassen. Fjon Fjellkyrkje ligg der for å bli brukt. Styret for kyrkja vil ynskja Dykk velkomne for eit minnerikt opphald. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no