Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

      

 
Krigsminnesmerker


Minnesmerke over hærfolk frå Masfjord 1808 - 1814
Foto: Scandion
( 17.07.2007)

Ungdomlaga i bygda reiste i 1926 ein bauta over masfjordingar som var med i krigen mot Sverige 1808 - 1814. Minnesmerket står ved Sandnes kyrkje og namna til 59 mann står skrive på ei koparplate festa til steinen. Dei fleste av mennene gjorde teneste i det nordre nordhordlenske kompaniet. 

Avdukinga av minnesmerket var ein sundag i mai same året, og Hans B. Wergeland held talen. Det fastbuande befal i bygda paraderte. Minnesteinen er 2,60 meter høg over sokkelen og er teken or utmarka på Solheim. 


Minnesmerke ved Sandnes kyrkje. Foto: Scandion.

12 masfjordingar som fall for fedrelandet 1940 - 1945 har fått sitt minnesmerke ved Sandnes kyrkje. 
Namna er : 

Ole H. Sleire 
Olav L. Reknes 
Oskar L. Kvinge 
Arne B. Sandnes 
Ivar H. Duesund 
Haakon H. Duesund 
Martin A. Sandnes 
Torgeir S. Stordal 
Agnar M. Haukeland 
Birger H. Wergeland 
Gunnar K. Otterstad 
Magnus J. Otterstad 

Ole H. Sleire, f. 20. desember 1917, var i Marinen i 1940 og drog til England. Han var kvartermester ombord i fregatten ESKDALE og vart drepen av ein granatsplint under artellerikamp med tyske sjøstridskrefter, utanfor Dieppe i Kanalen, 12 desember 1942. 

Olav L. Reknes (f. 15. desember 1921), Haakon H. Duesund (f. 9. mai 1917), Agnar M. Haukeland (f. 10. desember 1912), Gunnar K. Otterstad (f. 2. august 1915) og Arne Sandnes (f. 7. april 1912) reiste den 12. januar 1942 ut frå Sandnes i Masfjorden, med M/B VIKING II for å komme til England. Undervegs møtte dei uvær, og alle kom bort. 

Oskar L. Kvinge var matros og skyttar ombord i D/S SENTA. Under skyting 4. oktober 1941 oppsto det ein funksjonsfeil, ladinga eksploderte og Oskar Kvinge vart drepen. Nesten på årsdagen etter, den 13. oktober 1942, vart SENTA torpedert i Nord-Atlanteren og alle 35 ombord kom bort. 

Ivar H. Duesund, f. 3. august 1905, dreiv etterretning og frakta norske agentar som opererte frå England. Han vart arrestert 7. februar 1941, dømt til døden og henretta på Ulven 22. oktober 1941. Les meir her 

Martin A. Sandnes var med i kampane i 1940. Deretter drog han til England og vart kanonskyttar på D/S INGERTO. Han omkom 12. mars 1942, då skipet blei torpodert i Nord-Atlanteren. 

Torgeir S. Stordal samarbeida med den norske Bjørn West styrken i Matrefjella. Han vart tatt av dage av tyskarane då dei brant ned garden hans 4-5 mai 1945. 

Birger H. Wergeland var med i kampane i 1940. Han vart arrestert 16. januar 1942 og sendt i fangenskap til Tyskland. Han døydde 28. mai 1943 i Schildberg. 

Magnus J. Otterstad drog til Shetland med M/B SOLØY frå Værlandet 2. august 1941. Han kom i marinen og var maskinmann på KNM UREDD. Han omkom i februar 1943 då ubåten gjekk på ei mine utanfor Novik, sør for Bodø. 
 

Minnesmerke over falne Bjørn West-soldatar 
( 17.07.2007 15:22 )
Minnesmerke over Bjørn West soldatar som fall i Matrefjella vart avduka av dåverande Kronprins Olav 29. juli 1949. 
Minnesmerket stod då nær utløpet av Stordalsvatnet. Då BKK tok til med damarbeid der vart det flytta, og har sidan stått like ved Stordalen Fjellstove. 

Minnesmerket er reist av Bjørn West soldatar i Bergen og omland. Ved avdukinga paraderte ein tropp frå sjøforsvaret. Veret var fint og mykje folk var til stades. 

Denne vitjinga av kronprinsen, og fylgje han hadde med seg, var ei storhending i Masfjorden si soge. Bygda hadde då - sovidt ei veit - for fyrste gong vitjing av ein norsk kongeleg person, skriv Lars Nordland i Masfjordboka. 
 
 


Minnesmerke over falne Bjørn West-soldatar. Foto: Scandion.

På minnesmerket står desse namna: 

Jakob Aasheim 
Johan Gatland 
Arne Lampe 
Arnold Mathiesen 
Torgeir Stordal 
Henning Wernøe 

"FOR NOREGS SAK I SNØ DEI SEIG MEN FRIE KÅR OR GRAVA STEIG"

Jakob Aasheim (f. 1918 i Hosanger) kom med i Bjørn West styrken våren 1945. Han fall 28. april 1945 ved Kringlebotn. 

Johan Gatland (f. 1921 i Fotlandsvåg) kom med i Bjørn West styrken våren 1945. Han fall 29. april 1945. 

Arne Lampe (f. 1919 i Bergen) var med i kampane 1940 på Vosseavsnittet. Han kom seinare med i Milorg og i Bjørn West styrken. Han fall 28. april 1945 under eit ordonansoppdrag i Matrefjella. 

Arnold Mathiesen (f. 1918 i Kongsvinger) var med i krigen i Noreg i 1940. Han var deretter kurer over grensa til Sverige. Våren 1944 drog han til England og kom med i kompani Linge. Han utførte oppdrag i Noreg og kom til Bjørn West styrken i 1945. Han fall under eit tysk angrep i Matrefjella 29. april 1945. 

Torgeir Stordal var gardbrukar i Stordalen. Han samarbeidde med Bjørn West styrken og vart tatt av dage då tyskarane brann ned garden hans 4-5 mai 1945. 

Henning Wernøe (f. 1909 i Bergen) var med i kampane på Vosseavsnittet i 1940. Han var deretter i Milorg og kom til Bjørn West styrken i 1944. Han fall under kampane i Matrefjella 28. april 1945. 

.................................................................................... 

Bjørn West marsjen 
Den årlege Bjørn West marsjen, til minne om heimefrontavdelinga Bjørn West 1944-1945, gjekk første gong av stabelen i 1983. Kvart år sidan det har det vore tale og kranspåleggjing ved minnesmerket over dei falne. 

Desse har halde tala og lagt ned krans ved minnesmerket i Stordalen: 

1983 Ola Litleskare, generalmajor. D.K.V. 
1984 Eilert Eilertsen, lege i Bjørn West. 
1985 Ola Berg, generalmajor, GIHV. 
1986 Roar Hedegård Jacobsen, feltprest i Bjørn West. 
1987 Sverre Helland, Bjørn West veteran. 
1988 Fredrik Kayser, nestkommanderande i Bjørn West. 
1989 Tormod Sleppen, generalmajor, GIHV. 
1990 Arnfinn Finne, Bjørn West veteran. 
1991 Erik Riisnes, ordførar i Masfjorden. 
1992 Viger Aabrek, oberst, sjef IR9/FD19. 
1993 Helen Mowinchel Nilsen, KP sjef Bjørn West. 
1994 Kjell Espelid, Bjørn West veteran (soldat nr. 1) 
1995 Ulf Arnesen, oberstløytnant sjef HV9. 
1996 Atle Neteland, Adm.dir. BKK. 
1997 Sverre Øverland, generalmajor GIHV. 
1998 Nils Bjørge, Bjørn West veteran. 
1999 Roald Haugen, generalmajor GIHV. 
2000 Sigurd Helstrøm, brigader, stabssjef. 
2001 Karstein Torkildsen, Bjørn West veteran. 
2002 Knut Åge Greve, oberstløytnant HV9. 
2003 Odd Frøyse Tangen, generalmajor GIHV. 
2004 Bengt Ivar F. Brovold, generalmajor GIHV. 
2005 Oscar Haukeland, tidlegare ordførar i Masfjorden. 

Bjørn West Muséet 
Bjørn West Museet i Matre informerer om dei forhold soldatane levde under, om utruleg slit med forsyningar, om snøstormar, kulde, regn og matmangel, - og problematisk innkvartering, godt kameratskap og imponerande kampmoral. 

Historia om Bjørn West er dramatisk, interessant og spennande norsk krigshistorie. Ved hjelp av bilder, tekst, film og intervjuer med enkelte som var med, får ein innblikk i avdelingens kvardag og krig. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal