Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

      

     

Perstova
Forfatter: Arnold Natås
Publiseringsdato: 20.04.2000 00:00
 
Historia om Per Urden, som overnatta her ei julenatt - då det rauk opp til storm i fjellet. 

I Stordalen var to gamle gardsbruk. Kor gamle dei er, veit me ikkje. Men gamle skriv fortel at det var levert bjørneøyra til lensmannen her frå, på l700-talet. Og at det var mykje bjørn og ulv her då. På fjellgarden Stordalen, budde i 1830-40 åra, ein av dei siste jegrane, som livbjerga seg av fjellet i den tida. Namnet hans var Peder Larsson, frå Modalen, seinare Per Urden, då han flytta til Sandnes. Han var fødd 1809 - død 1882. Kona hans heitte Marta Lassedotter, f. 1809, d. 1879. 

I 1979 - Olsokdag, søndag den 29. juli vart det avduka ei tavle, til minne om Per Urden, og alle som kjempa for levemåten her i desse trakter i denne tiden. Tavla står på ein stad på fjellet som heter Per-Stova. Navnet er etter Per. 

Ordføraren i Masfjorden i 1979 - Arne A. Hope, avduka Minnesmerket. Først vart sungen eit vers av Gud signe Norigs land. Kanskje for første gang her på staden, eller, han Per sang han, då han vart liggjande verfast her, under hilderen, ei julenatt. Men no: 

Talen av ordføraren: 
Gode forsamling. - Det er kanskje noko symbolsk i det at Perstova, endå ein gang må takast i bruk til ly for menneske. Som det og ligg i navnet. For 30 år sidan avduka Kongen eit minnesmerke over folk som fall i krigen. Kanskje skulle han vore her idag. For idag er det eit anna minnesmerke som kanskje betyr vel so mykje for det norske folk, og det slit dei måtte gjennomgå for og opprettholda livet. 
Fjellområdet her inne har vore vår rikdom, i alle år, her i Masfjorden kommune. Og det er harde folk som har opphelde seg her. Folk som har klart og fått noko av dette. Og området her inne, står idag for 60 prosent av Masfjordens inntekter, i skattar og avgifter. 

Det har hatt stor betydning for stølsdrifta i tida før kraftutbygginga kom i gang, og i tida der før, var det jagt og fiske som var eit kjærkomment bidrag til levemåten og busetnaden i bygdane våre. Me kan seia at Masfjordens historie hadde vore ånnorleis, om ikkje fjellet hadde vore. Det var ikkje alltid det slo til for dei som levde av fangsten.. Det kunne vera dårlege tider, for dei som for andre. Stordalen veit me ikke kor tid den vart busett. Men det er sannsynligt at her har budt folk her, i nokre hundre år. 

Personen som me idag skal samlast om og minnast, er Per i Urden, eller Peder Larsson som han då heitte. Me veit at han kom ein stad i frå Modalen. Han var vel då ein av dei siste jegrane her på fjellet. 
Me veit ikkje so svært mykje om han. Men me veit en del, om kor det var og livbjerga seg her, og naturen er den same som den gangen, og me kan vel forestilla oss nokoleis kva som skjedde. Og med fantasien litt til hjelp kan me prøva og vera med han litt, dei dagane føre jul. Det var vel for og spe på litt på kosten at han måtte komma seg til handelsmannen. Dei gjekk som vanlig ned Fossedalen. Der var mest livdeleg, og ned til Matre og videre ut til Solheim. Her var den einaste handelsmannen på den tida her i fjorden. Men på førjulsvinteren var Matrefjorden vanskeleg og ta seg fram. Og veien over fjellet her og ned Hopsdalen var då mykje sikrare. I frå Stordalen og til Hope går det med ca. 5 timar å gå. Og me rekna med at han brukte den tida. Til Solheim hadde dei gjerne følgje med folk ifrå Hope, og dei gjorde då unna den handelen som var nødvendig. Og me kan vel med nokonlunde sikkerheit sei det han hadde med seg i sekken, då han måtte leggja seg til her, på grunn av været. 

Dei hadde eit stort forbruk av tørrfisk, fjellfolka våre. Og der hadde dei med seg enten ei våg, det vil sei 18 kg. Eller ei halv våg, det er 8 kg. Og noko mjøl. Dei gjekk sjelden under 20 kg. med seg på ryggjen, når dei hadde vore hjå handelsmannen. 
Nokre av anleggsfolka våre veit nok kor fjellet her er i uvær. Nokre av oss som er her idag, har opplevd og sjå fjellet i storm. Og visst stormen var slik som me har sett han seinare, so kan ein ikkje opphalda seg utandørs. Men må søkja og koma i ly. Til og halda rett kurs i slikt vær er ikkje lett. Men me veit at han var nøyaktig på rett vei, og han visste om den einaste plassen på heile fjellet som det var råd og bjerga seg, og det var akkurat her. Og på den måten kan me seia at det var menneska si seier over naturkreftene. Det har ikkje vore skreve ned noko om denne hendinga. Det var ikkje so mange som kunne skrive i denne tida på bygdane. So noko ukebladhistorie har det ikkje vorte av denne hendinga. Men ei kvardagshending, so den- gangen var. So me idag skal minnast. Og eg vil håpe at den tavla her som me no skal ta duken vekk ifrå, må minna ungdomane våre om forfedrane, og om deiras livssituasjon... Som var so mykje annleis enn so me er vant med. 

Idag ville me kanskje grine på nasen om me mangla litt pålegg på bordet ein dag. Det var annleis for dei. Det var sjølve livet det gjaldt. 

Og om det ikkje var nødvendigt so hadde nok ikke han Per tekje turen so nære opp under jul. Det er no iallfall sikkert. For oss i kommunen er det triveleg at de har tekje intiativet til og setta opp dette Minnesmerke her. Me har berre 3 i frå før. Dei to står på Sandnes, og det eine står i Stordalen. Og me vil då få lov og takka, spesielt då Arnold Natås for tiltaket. Og vil då på vegne av Masfjorden kommune tilby at me i kommunen skal overta ansvaret for dette merket her i framtida. 
Med desse ord, vil eg då ta duken av tavla. 


Der vart oppført ein sketsj på fjellet den dagen om dette. 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal