Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Samferdsle
 

 

         
SOGA OM VEGEN
Forfatter: M. H. Matre
Publiseringsdato: 26.10.2002

Soga om ættene i bygda let seg berre vandt fylgje attende til omlag 1500, og soga om vegen er endå mykje kortare enn det. Likevel er det ikkje nokon grunn til å tru at ikkje desse sogene er eldre, og ein kan med ein viss rett seie at soga om vegen er soga om folket som til kvar tid har halde til her. 

Frå den eine garden eller buplassen til den andre rak det nok folk i dei mest ymse ærend. Ein lånet vel varme, medan ein annan kanskje hadde ein uven han vilde betale noko tilbake, eller det var kanskje ei klok kone som måtte hentast når det støytte sjukdom til. Eitt er i alle høve visst: Ungdomen hadde sine vegar gardimellom frå tid til annan, utan sat vi ikkje her, korkje du eller eg! 

Etterkvart vart det rudt av vegen nedfallstre, og dei steinane som låg mest til meins vart velt tilsides, kanskje kom det ein steinhelle i det verste dovet, og når den var nedtrødd, kom det ei ny oppa, ja det kom gjerne fleire i rast over eit blautt myrdrag. Her og der vart eit brot gjort tettare meddi det vart lagt eitpar heller oppå kvarandre, og der var ein straks på veg til ei tropp! Så vart geitevegen farande for både eitt og hitt, og den brune stigen låg der som eit band mellom gardane. 

Krøter vart drivne til og frå, og langt ut i leksa stod hesten ein dag på tunet, med ein kløvdall på ryggen! Det var vel ein merkesdag på høgd med dei aller største! 

Så gjekk det nok mange og gode år før hesten ein dag om vintern atter stod på tunet, denne venda med sleden attom seg, eller kanskje det var berre droga aller først, men i sporet kom sleden, og der låg lasset, der låg kornet og saltet, og ut frå garden låg det kjøt og ull og ved. Og mannen gjekk ved sida og var «herre» med bein rygg!

Først dei aller siste hundradåra kom så det me i dag kjenner som veg. Han hadde skjæring og mur og holveit under, og skap av grøft. Det var den me kjenner frå det som er skrive om Tangedalsvegen, han skulde vera \"brukbar vei"! 

Den dagen det kom slik veg til tuns, var det eit tidarvende på høgd med dei aller største, ein rekna ikkje i bører lenger for det som skulde fraktast til og frå, noko nytt var kome til, det vart tale om lasset, og det skulde ikkje mannen bakse med, det vart hesten som tok tyngda! Ja, då det leid endå lenger, så lurde han seg til å sitja på, den største skøyteløysa, sjølvsagt når han ikkje hadde lass på, og berre i unnabakk, og helst når ingen såg det! 

Endå lenger fram sat han på lasset når det gjekk for det same, og han sat der med pipa og hadde kos når det halla med. Bygginga av vegen hadde gjerne krøkt ryggen hans, nå kunde han retta seg, og han visste at ingen fleire ætter på hans tun skulde bruke ryggen sin til å frakte til og frå på. 

VEGBYGGINGA I MASFJORDEN 

Det vil vera kjent at Masfjorden vart utskild frå Lindås herad i 1879. Til då var det ikkje bygt ein einaste meter veg som det offentlege hadde ytt noko til. Rett nok hadde det same året vorte vedteke i Lindås heradstyre å yta tilskot til vegen Frøyset - Sleire, men det var først året etterpå at dette vegbygget kom i gang. 

Slik Masfjorden herad ligg til rettes frå natura, er det klårt for alle at det etterkvart vilde reise seg krav om ei rekke vegar i ymse lutar av bygda. For ein stor del ligg gardane oppetter i dalane, det er langt til sjøs, og etter kvart det kom båtferdsle med varor og post i gang, så kom vegkrava, det eine etter hitt. Då desse vegane for ein stor del var bygde, så kom tanken fram om å få veg langs fjorden. 

Med ein viss rett kan ein seie at utviklinga av folkeskulen kom til å verta ei sak som også førde vegkrav med seg. Kanskje ser ein dette tydelegast langs veglina Garneset - Ådnekvam. Frå først av var det berre tanke på veg frå gardane og fram til dei nyreiste skulehusa, og det var først så seint som i 1908 at det samla linestykke vert omtala. 

Frå det året Masfjorden vart eige herad finn ein at det ikkje var langt mellom vegkrava. Alt i det andre heradstyremøtet hadde ein det første. Merkeleg nok var dette ein vegstubbe som endå ikkje er bygd, nemleg frå Haugsvær til Storsundet, på sørsida av fjorden. Grunnen til at det der var ynskjande med veg, var at isen er leid i fjorden, og tanken om vegen til Solheim, langs nordsida av fjorden, var endå ikkje påkomen. 

I dei 20 åra frå 1880 og utetter, er det ikkje mange heradstyremøte utan at ein møter tale om veg ein eller annan stad. Ein kan nemna at det for ymse av desse vegane tok urimeleg lang tid før dei kom i gang, enn seie var ferdige. I den samanhengen vil ein nemna brua over Risnesstraumen. Første gongen ein høyrer tale om denne, er i 1888, og først i 1943 vart ho ferdig, dryge 50 år tok det. 

Nå til dags høyrer ein ofte at dei gamle nok ikkje skjøna seg noko større på dette med vegane, og at dei gjorde for lite, men ser ein betre etter, finn ein at dette er eit altfor lettvint oksledrag. Berre ein einaste gong har heradstyret ikkje vore med på fremja eit vegkrav. og det var første gongen det var tale om den før nemnde Risnesbrua. Det hadde vel si årsak i at ein meinte det ikkje var teknisk råd å byggja henne, kabelbrua kom etterpå ei tid. 

Det ein kanskje kan sjå etterpå er at sume av vegane skulde vore igangsette som hovudvegar. Til dømes Garneset - Ådnekvam og Haugsdal - fylkesgrensa. Det ser ut som dei styrande i bygda ikkje hadde så lett for å gå til Stat og fylke og bede om hjelp. Dei var jo vane med å klare seg på eiga hand, og på den andre sida var det nok ikkje alltid så lett å få hjelp heller. 

Ser ein under eitt på saka, må ein vel sanne at det er gjort mykje godt arbeid, og at stort framsyn er lagt for dagen. Og framfor alt må ein syne den aller største vyrdnad for den personlege offerviljen ein støyter på. Det er ikkje uvanleg å finne at ein mann tok på seg både 50 og 60 dagsverk i året. 

Dette vil ein kome attende til under omtalen av dei einskilde vegane, og likeeins vil ein finna kva heradet har ytt dei ymse åra frametter. 

KLASSIFISERING AV VEGANE 

Ein deler til vanleg vegane inn i 5 klassar, og ein nemner dei her: 1. Riksvegar. 2. Hovudvegar. 3. Bygdevegar. 4. Vegfondsvegar. 5. Kolonisasjonsveg. 

Riksvegane er store stamvegar frå den eine landsluten til den andre, høgfjellsvegane kjem også inn under desse. Det er for det meste Staten som ber uttogene med desse vegane. Dei fylke vegane skjer gjennom må då oftast ta ein del, og då vert ofte denne delen likna ut på herad som ligg i leida. 

Hovudvegane er vegar som bind saman fleire herad, men ein finn tidt undantak frå dette. Sume stader er det berre store grender innan same heradet hovudvegen bind saman. Det er staten som ber tyngste utlogone med hovudvegane med. Fylka vert då pålagde frå 1/3 til 1/10 av utlogone, og av dette må då herada ta ein part som i kvart tilfelle vert fastsett av fylket. 

Bygdevegane vert kosta av herad og fylke ilag. I Hordaland er fylket sin part 2/10 av utlogone. Resten fell på heradet, og dette legg i sin tur det meste på dei som beinveges er interesserte. Det hender at ein kan få statstilskot til slike vegar, oftast er dette då halvparten av den samla kostnaden. 

Vegane Haugsdal - fylkesgrensa og Garneset - Ådnekvam vert hos oss bygde med statstilskot, 6/10 parter til det første, og 7/10 til det andre. 

Vegfondsvegar vert bygde med tilskot på 4/10 frå vegfondet til fylket. Er der ekstra store kontantutlegg som t.d. til ei bru, kan dette tilskotet gå opp til 6/10, men det er ikkje høve til å søkje statsstødnad til slike vegar. 

Kolonisasjonsvegar vert bygd til bl.a. bureisingsbruk. Her yter staten ved landbruksdepartementet eit rimeleg tilskot, men det er ikkje noko fast grense. Ved sida kan ein også søkje hjelp av fylket sitt vegfond. 

VEDLIKEHALDET PÅ VEGANE 

Riksvegane vert vedlikehaldne av staten. 

Hovudvegane er det fylket som må ta seg av. Frå først vart dette vedlikehaldet lagt på alle som hadde matrikulerte bruk, slik at dei anten måtte svare eit visst tal dagsverk årleg, eller det vart også pålagd ein serskatt. Denne var 18 skilling pr. skylddaler. 

Etter ei tid måtte ein gå frå denne ordninga, og det vart fylka som tok over vedlikehaldet. Utlogone vart utlikna på herada i form av eit tillegg på fylkesskatten. Dette vekte stor harme i dei herad som ikkje hadde hovudvegar, og det gjekk så langt at nokre ordførarar truga med å reisa sak mot fylket. 

Det heile vart ordna på det viset at også vegvedlikehaldet kom inn som ein sers post i fylkesskatten, og dei herad som då ikkje hadde vegar, også slapp å betala noko. Ein kan gjerne seie det slik at dei herad som hadde vegar, fekk eit tillegg på skatten sin. Det har synt seg at dette er ei brukande ordning, og ein har framleides dette systemet. 

Bygdevegane blir vedlikehaldne av heradet. Ein freista også her med å føra over vedlikehaldet til jordeigarane, men ein måtte forlate denne ordninga, og no er det heradskassen som har denne utloga. Herada har litt av bensinavgifta til dette, og det er hjå oss lensmannen som er ansvarleg for at turvande vedlikehald vert sett i gang. 

Utlogone til vegbygging og vedlikehald for Masfjorden dei ymse år. 

1884.....kr. 400,- 1913.....kr. 520 
1885.....kr. 450,- 1914.....kr. 1255,- 
1886.....kr. 450,- 1915.....kr. 1325,- 
1887.....kr. 585,- 1916.....kr. 1335,- 
1888.....kr. 350,- 1917.....kr. 1335,- 
1889.....kr. 275,- 1918.....kr. 2430,- 
1890.....kr. 265,- 1919.....kr. 3745,- 
1891.....kr. 400,- 1920.....kr. 5360,- 
1892.....kr. 450,- 1921.....kr. 15360,- 
1893.....kr. 800,- 1922.....kr. 14360,- 
1894.....kr. 300,- 1923.....kr. 12660,- 
1895.....kr. 500,- 1924.....kr. 10390,- 
1896.....kr. 775,- 1925.....kr. 8290,- 
1897.....kr. 600,- 1926.....kr. 8290,- 
1898.....kr. 510,- 1927.....kr. 7250,- 
1899.....kr. 675,- 1928.....kr. 9150,- 
1900.....kr. 300,- 1929.....kr. 8000,- 
1901.....kr. 300,- 1930.....kr. 9220,- 
1902.....kr. 300,- 1931.....kr. 10100,- 
1903.....kr.1850,- (Lauvfossbrua) 1932.....kr. 9220,- 
1904.....kr. 170,- 1933.....kr. 7870,- 
1905.....kr. 170,- 1934.....kr. 7470,- 
1906.....kr. 915,- 1935.....kr. 7200,- 
1907.....kr. 260,- 1936.....kr. 7300,- 
1908.....kr. 315,- 1937.....kr. 11290,- 
1909.....kr. 760,- 1938.....kr. 12080,- 
1910.....kr. 510,- 1939.....kr. 14480,- 
1911.....kr. 555,- 1940.....kr. 14750,- 
1912.....kr. 360,- 

DEI EINSKILDE VEGANE 

Hosteland- Birkeland 
I eit skriv av 17. juli 1880 høyrde ein først om denne vegen i heradstyret. Året etter, den 3. mai, låg det føre kalkyle frå vegkontoret, og heradstyret vedtok å yta tilskot som den gongen var 1/5 av \"bro og mineringsutgifter\". Dei interessa hadde teikna 337 årlege dagsverk så lenge vegarbeidet vilde vare. Frå først var vegen planlagd som «Ridevei med tre alens bredde». Vidare skulde han byggjast i to parsellar, den første frå Hosteland til Kvamsdalsvatnet, og den andre frå øvreenden av vatnet til Birkeland. Ein våga seg ikkje i ferd med stykket langs Kvamsdalsvatnet, den vegen kom først mange år seinare i samband med Haugsdal - fylkesgrensa. 

I heradstyremøte 19. oktober 1901 låg det føre protestskriv om at vegen ovanfor Kvamsdalsvatnet vart laga med for stor breidd. Heradstyret synte til vedtaket sitt i 1881 då det først vart løyvt pengar til vegen. Seinare kom det søknad om å byggje haldeplass ved kaien på Hosteland. Dette vart ei heil sak av då det vart gjort krav om ein større vederlag for denne utvidingi. Til slutt vart det ekspropriering og ved overskynet vart grunneigaren tilkjend kr. 70. 
Når ein tenker på at utgiftene med eksproprieringa kom på over kr. 500,- kan ein vel seia at det var mykje skrik og lite ull. 

Den samla kostnaden med dette vegbygget var kr. 22 595,-. Av dette fall det kr. 4 519,- på staten. Resten, kr. 18 076,- fall på oppsitjarane. Dette vart for det meste betalt med arbeid. 
Kommunen ytte jo eit lite kontant tilskot, men det har ikkje vore mogleg korkje ved dette bygget, eller seinare, å nøye slå fast kor mykje dette var. Ein skulde tru at det knapt oversteig kr. 500. 

Haugsdal - Tverberg 
I 1887 vart det søkt om veg frå Haugsdal til Tverberg, med bru over elva til Kjetland. Alle tre gardane teikna seg for 70 dagsverk til manns. 

I 1890 vart tilskotet gjeve i heradstyret, og det var den gongen 1/5 av det som gjekk med til «bro og minering». Vegen fekk elles vanleg tilskot frå fylke, og omkring 1903 var vegen ferdig. 

Brua over Haugsdalselva var frå først av tre, men omkring 1915 var ho så dårleg, for ein del var det isen si skuld, at det måtte ny bru til. Den nye brua vart bygd på murde kjer i elva, og elles med jarnbjelkar og betongdekk oppå. Det vart søkt om statstilskot til dette arbeidet, og staten bar halve utlogone. Den nye brua vart ferdig i 19??. 

Brua på Kjetland vart bygd som kvelvingsbru av stein i eitt spenn, og det ser framleides ut som om gråsteinen er eit bra byggematrial! Det var fagfolk utanbygds frå som murde brui. 

Matre- Fosse 
I heradstyremøtet den 15. januar 1886 låg det føre søknad frå Matre om veg frå Matre til Hommelfossen. To år seinare søkte dei to mennene i Kringlebotten om tilskot til bru over elva i \"Holene\", og dei fekk 80 kr. til dette. I 1895 vart det sett i gang med vegen gjennom Matredalen, og det vart halde fram med denne til 1908. 
Det var ikkje berre Matrefolka som bygde vegen, for dei som budde på Fosse og i Kringlebotten var jo også interesserte i denne vegen, og dei var med. Dei hadde same pliktdagsverk kvart år som hine, og det var ikkje lite. På denne vegen var det 60 dagsverk i året. 
I 1908 vart vatsrettane selde, og det vart teke ein stans i vegbygginga i von om at dei som hadde kjøpt vilde bygge ut. Det drog ut med dette, men i 1915 var vegen ferdig like opp til Fosse. 
Då pliktbygginga slutta i 1908 var det bygt omlag 4 km veg, dei var då komne til «Klypet». Herfra var det så at «Matrefaldene» bygde vegen fram til Fosse. Dette var også omlag 4 km. 

Kvingedalsvegen 
I heradstyremøte den 11. januar 1885 låg det føre søknad om veg frå Nordre Kvinge til Kvingedal. Det var bøndene på begge desse gardane som stod føre søknaden. Ein vedtok å sende vegkravet til vegkontoret, og få det kostnadsrekna på vanleg måte. 

I 1894 vart det gjeve vanleg tilskot frå heradet si sida. 
I 1911 kom det som nytt til at ein søkte om å få lengd vegen til \"Nystykket\". Året etter vart det gjeve vanleg løyving til dette, men her kom det noko nytt til, og det var at eit av bruka nekta fri grunn over innmarka. Dette var første gongen kommunen måtte ekspropriera seg fram. 
Denne vegen vart påbyrja i nittiåra og først i 1930 var han ferdig fram til \"Nystykket\". 

Haugsdal - fylkesgrensa. 
Det var i 1879 ein tok til med vegen frå Frøyset til Sleire, og han vart ferdig i 1894. Dette var den første vegen i bygda. Han vart bygd med tilskot frå fylket, og heradet ytte 1/5 av \"det som medgikk til bro og mineringsutgifter\". (Heilt til 1910 held denne forma for kommunalt tilskot seg. Det året låg det føre søknad frå oppsitjarane på Indre Hope om veg frå Hopsøyri og opp til garden Hope. Heradstilskotet vart då endra til å bli 1/10 av samla utloga til heile vegen). 

Vegen frå Frøyset til Sleire var jo eit stort framsteg, men båten kom ikkje lenger enn til Straumsvik, og det varde ikkje så lenge før det kom krav om å fortsette vegen frå Frøyset til Straumsvik. 

I 1900 tok så heradstyret opp tanken om å bygge vegen utetter til Straumsvik, og det vilde også fortsette frå den andre enden, slik at vegen frå Sleire kom saman med vegen frå Hosteland til Birkeland, og ikkje nok med det, men stykket langs Kvamsdalsvatnet, som det tidlegare ikkje hadde vore pågangsmot til å gå i gang med, vart no medteke. Vidare søkte ein om at vegen måtte halde fram til grensa mot Sogn og Fjordane, for det var under bygging veg frå Brekke over Verkland til Ynnesdalen. 

Det vart vedteke å bygge vegen som bygdeveg med statstilskot. I dag vil ein nok seia at den heller skulde vore fremja som hovudveg. Grunnen må vel vera at ein meinte det vilde gå for lang tid før vegen kunde kome i gang, og det ser ut som det nett i denne tida var stort pågangsmot til stades når det galdt vegane. 

Det var strid om saka i heradstyret, då mange meinte at det vart eit for tungt lyft for bygda. Saka kom likevel i orden og arbeidet tok til i 1908. Sidan søkte Ytre Haugsdal og Rambjør om veg frå seg og innetter til Straumsvik. Likeeins søkte Kvamsdalen om veg frå seg og fram til Birkelandsvegen. Båe desse krava vart opptekne og dei vart tilknytte Straumsvik - fylkesgrensa som det heile nå vart heitande: Haugsdal - fylkesgrensa med arm til Kvamsdal. Vegen kom i gang med halvt statstilskot, dette er seinare endra til 6/10. Framleides er ikkje vegen ferdig i heile lengda si, og no er det søkt om å få lengd vegen frå Haugsdal fram til grensa mot Gulen. Dette er nok med tanke på å få ferjestaden for Ytre Riksveg lagd til Straumsvik, og det må vel seiast at dette er det rette. 

Ådnekvamme - Garneset. 
Ein finn att i 1885 spreidde freistnader på å bygge veg ymse stader langs denne lina, men det samla vegkrav kom ikkje før omlag 1900. Med reiste skulehus på dei mest sentrale gardane, finn ein at dei som låg meir avsides langs fjorden, kom med krav om veg. Det same hende både på Andvik, Hope og Kvinge. Først og fremst var det skuleveg. 

I 1902 og 1903 vart det så for alvor teke fatt med teikning av distriktstitskot for heile vegen. Dette var slett ikkje lett. Det synte seg at det var rådlaust å få teikna årlege dagsverk på same måten som hadde vore gjort ymse andre stader i bygda, t.d. på Hostelandsvegen, Matrevegen, Haugsdalsvegen o.fl. Ved denne nye vegen vilde ein ikkje gå med på årlege dagsverk så lenge vegbygginga var i gang, ein gjekk berre med på å yte ein fastsett sum, og når denne var innbetalt, var ein også ferdig med sitt tilskot. Heile vegen var kalkulert til ein sum, og etter det vart så distriktstilskotet utrekna. 

Sjølv på denne vis var det store vanskar med å få teikna nok tilskot, men omsider kom ein då så langt at dette var i orden, og distriktstilskotet var 2/5 av ein kalkyle på vel 100 000 kr. Ein rekna med at vegen vilde kome i halvt statstilskot, og at fylket vilde ta 2/5. Heradet vilde då reida ut den siste femteparten, men det måtte også garantere for distriktstilskotet. 

Når no tidene har endra seg slik kalkylen i dag er over ein million, vil ein lett skyne at dei interesserte slapp etter måten billeg, men det vert heradet som må betale. På dei første vegane i bygda, der fjellgardane var utestengde og sleit urimeleg tungt før vegen kom, der var det nok ein god mun større offervilje tilstades, men denne vegen er jo på ein måte ein samanbindingsveg i større perspektiv, så ein kan vel seie at det er rimeleg at heradet ofrar ein del meir. 

På ein måte kan ein seie at det same gjer seg gjeldande for vegen Haugsdal - fylkesgrensa. Med tida er det jo å vona at dei meir og meir vil verta samanbindingsvegar. 

Arbeidet på Ådnekvam - Garneset-vegen kom i gang med halvt statstilskot, men dette vart i 1940 oppsett til 7/10. 

Framigjennom har det vore ein heil del meiningsskilnad om kvar ein skulde ta til å bygge, og f.t. vert det arbeidt på fleire stader, men det vil nok ta endå mange år før vegen vert ferdig, med dei løyvingane som no er. Heilt i ei onnor stoda hadde dette vegbygget stått om riksvegen hadde kome nordetter langs Austfjorden frå Bjørsvik. Det hadde vorte både billegare for heradet, og ein må også rekne med at det hadde kome veg mange år tidlegare. 

Solheim - fylkesgrensa. 
I heradstyremøte den 6. juni 1884 låg det føre eit skriv frå interesserte i Masfjorden og Brekke om veg mellom dei to fjordane. Året etter heldt dei to herada sams møte på Brekke om denne saka. Ordføraren i Masfjorden vart vald til møtestyrar, men kvart herad førde sine eigne møtebøker. Det vart semje om etternemnde vedtak: 

«Ordførerne i Lavik og Masfjorden inngår til sine respektive fylker med søknad om vei i forbindelse med følgende alternativer: 

1. Instefjorden-Solheim. 

2. Brekke-Hosteland. 

3. Brekke-Austgulen-Frøyset.» 

I heradstyreprotokollen for Masfjorden finn ein denne etterskrifta: 

«Masfjorden herredstyre udtaler enstemmig under henvisning til søknaden av 10/5 1878 og S .B. amtsveikommiteplan av 1881 sin tilslutning til veilinjen over Instefjord-Kringlen til Solheim, idet man fandt at denne linjen som amtsforbindelse hadde sin særegne berettigelse i sammenhæng med de to øvrige linjer, såvel ved sin længre avstand fra kysten, som ved sin eventuelle fortsettelse til Oster over Haugsdal i Masfjorden. Tillige bemærkes om denne linje at den har en længde av 11 km., medens de øvrige formenes at ha en længde av 25 km.» 

Ein bør merke seg årstallet for dette møtet, og då må ein vedgå at det vart lagt framsyn for dagen. 

Lavik heradstyre vedtok den samme fråsegna med 13 mot 9 r. 

I heradstyre den 13/2 1894 vart det vedteke å gjera ein ny freistnad i samband med Lavik om vegen, men dette møtet kom ikkje til å verta halde. 

I møtet den 4. mai same året låg det så føre ein søknad frå Kalhovde og Furebotten om veg frå Solheim til Geirevatnet. Søknaden vart send fylket med søknad om statstilskot. Denne søknaden kom det ikkje noko meir av. 
I møtet den 10. juni 1897 kom saka på nytt fram. Denne venda søkte ein til vegdirektøren om hovudveg frå Solheim til Instefjord. Det låg ved bindande fråsegn frå dei interesserte om dagsverk som tilsvara heradet sin part om vegen vart oppteken som hovudveg. Hordaland fylkesting gav sitt løyve, men det var heile tida føresetnaden at Sogn og Fjordane vilde bygge vegen frå Geirevatn og ned til Instefjorden. Solheim fylkesgrensa vart påbyrja i 1905, og i 1910 var ein framkomen til vatnet på grensa mot Sogn og Fjordane. 

Først i 1930, etter at vegen hadde enda blindt oppe ved Geirevatnet i 20 år, vart det sett igang nordanfor, og i år, 1951, er det framleides ein kilometer eller noko slikt som ikkje er ferdig. Dette må vel seiast å vera det motsette av samarbeid. 

Matre- Solheim 
Første gongen ein høyrer tale om denne vegen er ein søknad frå Haugsvær. Merkeleg nok var det på andre sida av fjorden, nemleg frå Haugsvær til Storsundet. Denne søknaden vart referert den 15/4 1879. Saka vart send futen til fråsegn, og ho kom tilbake med oppmoding om å få klårleik i om vegen hadde interesse for andre distrikt. 

No kan ein tykkje det var rart at det heller ikkje den gongen vart søkt om veg frå Haugsvær til Solheim, men ein må hugse på at denne vilde verta omlag fire gonger så lang, og folk var ikkje så vane med å få det ein i dag kallar for "stønad". 

I 1895 låg det ny søknad føre, og denne venda vart det slege noko hardare til. Det var tale om veg frå Matre like til Eikemofoss! Søknaden vart send fylket med tilråding, men først i møte den 2. juni 1903 låg det føre kalkyle av vegen. Den 15/10 same året sende heradstyret denne saka frå seg med søknad om statsstønad til denne vegen. 

Så, i 1909 den 9. juni søkte A/S Matrefaldene om konsesjon på vatsfalla. Som eit av vilkåri for konsesjonen knytte då heradstyret til at selskapet skulde yte kr. 10 000 til denne vegen. Denne summen utgjorde heradet sin part etter den kalkylen som låg føre. 

Heradstyret delte opp vegen i to bygg. Matre - Solheim i det eine, og så Krossleite - Eikemofoss. Ein gjekk ut frå at det skulde verta lettare å få det gjennom på den vis. I dag har ein grunn til å tvile om dette var rett, men den gongen var det nok teke alle rimelege omsyn.

Det synte seg også at det vart vanskar. Vegkomiteen åt fylket knytte vilkar til då saka var framme i fylkestinget. Mellom anna skulde heradet \"forskuttere\" fylket sin part til vegen kom i tur. Etterpå vart det eit hardt tak om denne saka i heradstyret. Det enda med at 5 vilde gjeve garantien, medan 5 røysta mot. Deretter måtte soknestyret i Solheim garantere. Dette vart då likevel ikkje aktuelt. Hans B. Wergeland som den tid var ordførar i Masfjorden, var på same tid stortingsmann, og i stortinget fekk han saka i gjennom utan at garantien frå Solheim vart effektiv. 

Arbeidet på Matre tok til i 1912, men fram til Solheim kom ein først i 1929. På Krossleitet tok arbeidet til i 1930-åra, og det er no ferdig veg ½ km uteter, men det er i alt 3 km til Eikemo. 

Romarheimvegen 
I 1887, vart det i heradstyremøte lese eit skriv frå Hosanger formannskap til Masfjorden. Saka galdt veg frå Oster til Masfjorden. Heradstyret svara at det fann vegen \"ønskelig og berettiget, og til nytte for begge herreder\". 

I 1892 søkte så gardane Tverberg, Kjetland, Bjørneklett og Haukeland på Masfjordsida, og Dyrkolbotn, Nipen på Ostersida om at det måtte verta bygt veg frå Haugsdal til Romarheim. Saka vart tilrådd i heradstyret, og send fylket. 

I 1896 kom så tanken opp om jernbane, og Hosanger vende seg atter hit om jernbane frå Dalseide på Bergensbana, over Romarheim - Matre - Instefjord i Sogn. Det synte seg at det var mindre tru på jernbane her i fjorden, og ho vilde jo også berre snerte bygda i ein utkant. Likevel valde Masfjorden to mann som i tilfelle skulde møte for Masfjorden om det vart gjort noko meir med saka. Det var Rasmus F. Haugsdal og Arne A. Haugsvær. 

I 1911 vart vegtanken på nytt oppteken, denne venda frå Modalen si sida. Modalen meinte at Masfjorden måtte vera med på å få saka inn for første fylkestinget. Dette høvde godt for Masfjorden, og det gjekk inn for saka på nytt, men ein kan ikkje sjå at saka kom vidare for fylkestinget. 

I åra frå 1922 og utetter er det mykje tale om denne vegen, og no også om ein ytre riksveg frå Bergen og nordetter til Sogn. Serleg i pressa var det stort ordskifte om dei ymse linene. 

Ein vil tru at det naturlege hadde vore at Sogn og Fjordane, Hordaland og Bergen hadde kome saman og blitt samde om ei line for denne vegen, men det vart ikkje gjort slik. Saka vart overleten til dei ymse distrikt, og det vart eit stridt tak om linevalet, der kanskje altfor trange lokale omsyn fekk gjera seg altfor mykje gjeldande. 

For Masfjorden var saka etter måten greid. Det var å velje mellom Romarheimlina og Bjørsviklina over Sandnes - Duesund - Krossleitet til Sogn. Som ein ser ligg den siste lina som ein diagonal gjennom heile Masfjorden omlag. Ein vegstubb på 3 km vilde få heile Nordbygda inn på denne vegen, det var berre Hosteland - Duesund som måtte nybyggast. Vegen Sandnes - Andvik var alt i gjenge, og Solheimsokna vilde, bortsett frå Haugsdal med ein gong vera knytt til. 

Romarheimlina derimot vilde kome Solheim til gode på same vis, men det vilde verta med det. Resten av bygda vilde få lange utsikter med omsyn til sambandsveg med byen t.d. 

Han som representerte Haugsdal i heradstyret måtte jo av lokale omsyn halda på Romarheimlina, men resten av heradstyret stod samla om den andre. Og så gjekk atter tida. I 1928 vart det utteke ei nemnd frå Masfjorden, Lindås, Alversund, Hamre, Modalen, Bruvik, Hosanger, Haus og Åsane. Med i denne nemnda var også overingeniør Jensen frå Hordaland fylke, og statsingeniør Ingstad frå Bergen. Det vart halde ei rekkje møter i denne nemnda, og det var også ymse synfaringar av dei linene som var på tale. Til slutt vart det inga semje om val av line, og nemnda kløyvde seg meddi 6 held på Romarheimslina og 5 på den over Bjørsvik - Sandnes. Fleirtalet var representantane frå Modalen, Hosanger, Hamre, Åsane, Haus og Bruvik. Resten held på den andre lina. Statsingeniør Ingstad hadde servotum. Han meinte at når lina frå Bjørsvik kom til Duesund, skulde ho ta over Risnes til Gulen og Rutledal. 

I 1937 kom så endeleg saka fram i fylkestinget, men ho vart utsett det året. Året baketter kom så fylkesmannen i Hordaland med framlegg om at ein måtte velja Romarheimlina. Samskipnader i Bergen hadde i mellomtida arbeidt mykje for denne lina, og Bergen hadde gjeve fråsegn om at det kunde reknast på eit tilskot frå kommunen der på ein halv million kroner til vegen, men berre på det vilkåret at ein valde Romarheimlina. 

For fylkesmannen var vel dette avgjerande, for dette var så stor sum at han vilde utgjera distriktstilskotet frå fylket, etter den kalkyle som då låg føre. 

Slik saka stod var det ikkje råd å ta opp noko anna framlegg; då dette vilde verta oppteke berre som ein demonstrasjon. No har jo arbeidet vore i gang i fleire år, men ein kan ikkje sjå at Bergen har ytt noe tilskot endå. Etter den kalkylen som no lyt leggjast til grunn, vil det knapt verta nokon fare for at det ikkje skal verta bruk for tilskotet frå Bergen! 

Ein lyt vel seia at Sogn og Fjordane var snøggare i snuen i denne saka. Alt i 1937 vedtok Stortinget at den ytre riksvegen frå Bergen til Sogn, skulde gå gjennom Gulen, og etter det måtte fylkesmannen i Hordaland ta saka opp med vegdirektør og fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Dette hadde til fylgje at Hordaland fekk bruke riksvegmidlar til Romarheimlina. 

Det vert no arbeidt på vegen gjennom Gulen, og det vil få veldig mykje å seia for vår bygd om ein kan få ferjestaden på nordsida av fjorden lagd til Straumsvik i staden for Halsvik. Frå Masfjorden er det gjort føreteljing hjå vegdirektøren om dette tidlegare, men det er grunn til å tru at Masfjorden må fylgje denne saka med eit årvake auga, om det ikkje skal mislukkast. 

Sandnes kyrkje- prestegarden 
Den 24. juni 1883 søkte soknepresten om veg frå prestegarden inn til kyrkja på Sandnes. Det ser ut til at denne saki straks har støytt på vanskar med omsyn til grunnavståinga, og heradstyret har gjort vedtak om å ekspropriere grunn, men seinare har saka på ein eller annan måte ordna seg. Vegen kom i arbeid i 1887 og berre 4 år etterpå var han ferdig, så det gjekk fort. Det ser ut til at ein har sett på denne vegen som om det var berre presten som hadde nytte av han, for distrikstilskotet vart utlikna på alle matrikulerte bruk i heradet. Det går likevel ikkje fram om det var likt på alle. 

Solheim bryggje - kyrkja 
I 1881 var Solheim kyrkja ferdig, men det var ikkje veg opp dit frå sjøen, og det var lenge vandt å koma fram langs hamrane når det var flo. Kanskje var det kyrkjevegen på Sandnes som sette fart i arbeidet på Solheim med, for på ein eller annan måte har kommunen ordna med pengar til denne vegen. Det ser ikkje ut til at det har vorte utlikna på bruka denne gongen. Det ser ut til at vegen vart bygd vinteren 1895-96. Det var tre mann som hadde heile arbeidet, Steffen B. Sætre, Erik Askeland og Ole O. Haugsvær (Skaret). Vidare seiast det at dei hadde 1200 kr. for heile vegen. 

Tangedalsvegen 
I heradstyremøte den 16/10 1884 låg det føre søknad frå bøndene i Tangedal om eit tilskot frå heradet. Det var veg dei tenkte på. Med 7 mot 4 røyster vart saka utsett, men i november året etterpå kom ho tilbake, og då vart det løyvt 150 kr. på det vilkår at det vart «oparbeidet brugbar vei». 
G. Monsen og Ole E. Sleire skulde sjå etter at alt gjekk i orden med arbeidet. Det går fram av dette at det ikkje vart søkt om vanleg tilskot av herad og fylke, men det heile var eit privat tiltak, og ein hadde då tenkt seg å få ein del hjelp av heradet. 

Dette førde ikkje fram. Det vart nok arbeidt ein del, og heradet betalte også litt, men etterkvart har det gått i stå. I møte den 4/9 1896 vart det søkt om tilskot som vanleg bygdeveg med fylkestilskot. Søknaden gjekk den vanlege vegen til vegkontoret for kalkyle. 

Den 10/5 1900 låg det endelege overslag føre, og heradet gav vanleg tilskot, men først i 1910 kom saka i orden for fylkestinget. Elles gjekk det seigt med bygginga då det var lange tidsbolkar det ikkje vart arbeidt i det heile. 

Seinare fekk Hans B. Wergeland denne vegen opp i rekkja for fylket sine bygdevegar, rett nok som den siste. 

Då så vegfondet kom, vart det søkt om tilskot frå dette for å få vegen ferdig. Dermed gjekk han ut av rekkja som hovudveg. 

Det har seinare vore freista å lengje vegen også til dei øvste tuna, men dette har endå ikkje vorte av, for det meste er vel dette orsak i at det ikkje har blitt gjeve fri grunn for å bygge vidare. 

Rambjørsvik - Rambjør 
Det var i nittiåra at denne vegen også kom i stand. Han hadde vanlege tilskot frå fylke og herad, men det var nok bøndene sjølve som måtte legge til breidaste ryggen med dagsverk både haust og vår. Såvidt ein kan sjå gjekk heile bygginga etter måten snøgt. 

Hopsøyra - Hope 
Då vegen frå Matre til Solheim var under bygging, var det rimeleg at dei to karane på Hope gjerne vilde nå ned i denne med ein vegstubb. Heradet hadde freista å få arm til Hope på sjølve hovudvegen, men det førde ikkje fram. 

Så kom det i 1911 søknad fra dei to på Hope om tilskot til bygdeveg. I møte den 28. februar gav heradet tilskot til denne vegen, og søkte då om vanleg tilskot frå fylket. 

Heradet tok på seg 1/10 av den samla kostnaden, tidlegare hadde det vore vanleg å gjeve 1/5 av utlogone til \"bro og mineringsutgifter\". Dette var den første bygdevegen heradet hadde løyvt så mykje til, men når ein i dag ser på vegen der han ligg, må ein vedgå at Hopskarane har lagt ein breid rygg til i dette arbeidet. 

Dei tok til hausten 1916 og i 1919 nådde dei innmarka på Øyra. Etter det pusta dei på eit par år, men i 1921 var verket fullførd. 

Tverberg - Verkuren 
Då vegen Haugsdal - Tverberg med brua til Kjetland var ferdig, hadde gardane lenger oppe i dalen framleides ikkje nokon veg vidare. Under dagsverkteikninga for Haugsdalsvegen, var det føresetnaden for Bjørneklett og Haukeland at vegen skulde halde fram, og det var lova at både Tverberg og Kjetland skulde vera med vidare. Vegen var det sett i gang med i 1930. og han fekk vanleg tilskot frå fylke og vegfond. Seinare kom altså Romarheimvegen meir og meir på tale, og det vart vedteke at riksvegen skulde gå nett her. I von om at riksvegen straks skulde kome, gav gardbrukarane seg då dei hadde kome til Bjørneklettbotn. 

Riksvegen er no i arbeid, men ein kan trygt seia med Bjørnson «at det går langsomt». Og sjølv når denne er brøytt fram, vil det endå stå tunge tak for både Bjørnekletten og Haukeland før vegen til deira tun er ein røyndom. 

Kjetland- Storemyr 
I førstninga av 30-åra søkte dei på Storemyr om veg frå Kjetlandsbrua og ned til seg. Denne vegen fekk vanlege tilskot, og det vart straks sett i gang. Etter måten var det lett å bygge også, og det var heller kort. Omlag 4 år tok det, så var vegen ferdig. 

Bru over Risnesstraumen 
Det var tidlegare nemnd at det var søkt om denne brua alt i 1888, men den gongen vart det ikkje gjort meir med saka. I 1935 kom så atter bøndene på Risnes med søknad til heradstyret. Det tok endå nokre år, og desse gjekk for ein stor part med til samråding om distriktstilskotet. 

I 1938 kom saka til fylkestinget. Det vart gjeve tilskot frå vegfondet og dertil vanleg fylkestilskot. Det drygde så lenge ut med bygginga at prisane vart andre, og kalkylen rakk ikkje på nokon måte. Brua kosta omlag det duble av det ein hadde rekna med. For Risnesbøndene har det vore eit uvanleg tungt tak, både med materialer og i reide pengar. 

Brua vart ferdig under krigen 1940-45. 

Veg til Lindebotten 
Då vegen kom langs Kvamsdalsvatnet, søkte Martin Lindebotten om å få bygge ein arm opp til seg. I heradstyret i 1930 vart det gjeve tilskot til denne vegen, og same året kom det også i orden med fylkes- og vegfondstilskot. Det vart likevel eit svært tak for Martin som budde i Lindebotten åleine. 

Likevel klarde han det heile på snaue 10 år, og ein må vel seie at det er eit friskt dagsverk av ein einskild mann. 

Nordland-Åsheim 
I 1934 søkte Martinus Nordland om veg frå Nordland og opp til nybrotsbruket sitt på Åsheim. Bøndene på Totland, Nordland og Andvik, som også hadde interesse av at det kom veg opp dalen, teikna seg også for arbeid på denne vegen. For skuld at dette var ein såkalla kolonisasjonsveg, vart det utanom dei vanlege tilskota også gjeve eit tilskot frå landbruksdepartementet, slik at dei samla tilskota frå det offentlege etterkvart kom opp i omlag 70% av den samla kostnaden. 

Det har likevel gått seint med bygginga for den parten som vedkjem pliktdagsverka. No, i 1951, er framleis ikkje vegen ferdig, og staten trugar no med å dra innatt noko av tilskotet om det ikkje blir gjort fortgang med pliktarbeidet. 

Vegfondsvegar 
I 1930-åra vart det gjeve tilskot til ei heil rekkje vegfondsvegar. Ein nemner under dette: 

1. Kvinge - Kvingebakken. 
2. Halsøy - Areklett med arm til bryggja i Tresdalsvik. 
3. Reknes - Reknessjøen. 
4. Duesund - Mollandseid med arm til bryggja i Duesund. 
5. Molland - Mollandseid. 
6. Fausdal-Eikemofoss. 

Av desse vart Reknesvegen ferdig i 1938 og Kvinge - Kvingebakken i 1941. Dei andre har det gått seigare med, og for dei fleste sitt vedkomande står det endå att størstedelen. 

Utviding av Skjelsundet 
I heradstyremøtet den 27. august 1885 vart det samrøystes vedteke å søkje staten om tilskot slik at ein kunde kome i gjennom med rutebåtane. Året etterpå låg det føre kalkyle frå \"Kanalvesenet\" om utdjuping av sundet. Dette vilde då koste kr. 16 100,-. 

Ein så stor sum kvidde dei seg på den gongen, og mot ei røyst vart det vedteke at heradstyret ikkje såg så stor nytte i dette tiltaket, at det vilde vege opp kostnaden. 

20 år etterpå hadde heradstyret endra dette synet sitt, og i møtet den 24/4 1906 vart det på nytt søkt om at arbeidet måtte verta utførd etter dei gamle planane. No er dette prosjektet oppteke på fylket sin plan over kanaliseringane, men det er diverre så langt ute at det nok endå vil ta ei rom tid før båten slepp runden om Areklett-tangen. 

Andre vegtiltak 
Utanom det som er sagt om dei einskilde vegane i bygdi, har det offentlege ytt tilskot til ein skogsveg på Rambjør, ein sætreveg i Nordlandsdalen, ein sæterveg frå Fossestølen til Kringlebotnstølen, og til veg gjennom Fossedalen. Den siste vegen er det Magnus og Sverre Stordal, som etter 1946 har gått i gang med. 

Det har ikkje vore råd å fastsetja kor mykje det har vore ytt til kvar av vegprosjekta, men det har nok vore til god hjelp. 

Til vegen gjennom Fossedalen har dessutan Distriktskommando Vestlandet gjeve ein del sprengstoff, og det gjorde at mykje arbeid vart gjort på etter måten kort tid der inne. 

Ein må elles seie at karane frå Stordalen har gjort eit stort arbeid i dalen, der det no, i 1951, er grovbrøytt fleire km veg mellom Fosse og Stordalsvatnet. 

Bru over Ostavatnsund 
I 1929 vart det ytt tilskot til denne brua. Ho fekk vanleg fylkes- og heradstilskot, men likevel vart det nok tungt for dei etter måten få interesserte. Med eit lite vegstykke til kom det heile på omlag kr. 16 000,-, og alt var ferdig i 1940. 

Matre bru 
I trettiåra vart etterkvart den gamle brua over elva mellom Store - og Litle-Matre så dårleg at det var turvande med ei ny. Denne vart ytt herads- og fylkestilskot til i 1938, og sumaren etter stod ho ferdig. Ho er bygd på impregnerte pålar i dei to kjera, og det er elles jarnbjelkar med tredekk oppå. 

ETTERORD 
I stutte drag var så dette nokre ord om vegane i bygda. Noko helte-epos er det just ikkje. Attom kvar vegstubb som med åra har vorte lagde til, ligg det seigt og godt arbeid. 

På mange av gardsbruka i bygda var det år etter år å utføre dagsverka ein hadde bunde seg til. Ofte var det både 60 og 70. Slikt har respekt. Det var nok både eitt og hitt som kunde vera turvande å ta i ferd med heime, men når tida kom, haust og vår, så var dei å finna i vegbrotet. 

Mange av bøndene var nok ikkje kunnige då dei tok til, og det vanka nok mang ein sår neve når slaget råka like ved sida av boren, og det var ikkje alltid så lett å halda på trilleplanken for ungguten når han kom på \"veien\" for første gong. 

På dei fleste gardane går det nok endå mange lystige soger om nett denne tida då dei braut vegen fram. Men alt retta seg, og mange var fullt ut fagfolk før deira veg var ferdig. Alle me som i dag dreg nytte av arbeidet som er lagt ned, har grunn til å vera takksame mot dei som fram gjennom tidene har lagt ryggen sin til, og jamna den steinharde grunnen. 

Om vegbygginga kan me trygt seie at: «det kosta tusen år, i kav frå vår til vår», utan på nokon måte å misbruka sitatet. 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal