Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Attraksjonar
Storsetehilleren

 

  
Storsetehilleren
Tekst og foto: Scandion

Storsetehilleren, eller Matrehola, har truleg vore fangststasjon gjennom eit par tusen år. På ein stor grusterasse i Matredalen, eit par kilometer frå Matre, ligg Storsetehilleren, ved enden av ei svær steinblokk som ein gong har rasa ned frå fjellet. Vel hundre meter aust for hillaren renn Matreelva. 

Dei arkeologiske funna fortel oss at hellaren har vore i bruk i eldre jernalder, i seinmellomalderen og i nyare tid. Det har kome for dagen knivdelar, spinnehjul, keramikk, kleberskar, saks og bryne. 
Beinmaterialet syner at her har både laks, aure, torsk, hyse, sei og uer stått på menyen. Dessutan er det funne bein av sau, geit, svin, storfe, hjort, sel og fjellrev. Desse funna, og funnmengda, talar for at helleren berre har vore i sporadisk bruk. Truleg har det her vore ein slags fangststasjon. Her har folk halde til, gjort opp eld og laga mat. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no