Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Meland
Attraksjonar
Holmestova

 

    
Holmestova 
- eit monument over svunnen tid
Forfatter: Rune Garmann
Publiseringsdato: 20.03.2003


Foto: Scandion.

Holmestova i Meland framstår som eit kulturelt minnesmerke, både i eigenskap av å vera eit av dei aller eldste bustadhusa i distriktet vårt, men først og fremst av di det fortel om ei livsform og ein levemåte som i mangt er annleis enn vår eigen, og som kan setja vårt eige tilvære inn i eit perspektiv, dersom vi bryr oss om å sjå det. 

I distriktet vårt er det heller langt mellom dei bustadhusa som kan kallast retteleg gamle. Dette har nok mange grunnar - ein kan til dømes peika på at den store jordutskiftninga som fann stad på slutten av forrige hundreåret, førde med seg at mange gardshus vart flytta frå det gamle fellestunet og ut til tun på dei nye teigane. Sjølv om dei husa gjerne vart bygde opp att på den nye staden, vart dei ofte påbygde og moderniserte. Dermed finn vi mange hus som har 
bygningsdelar med høgst ulik alder, og ofte har desse husa ei utforming som er langt meir moderne enn alderen på dei eldste bygningsdelane skulle tilseia. 

  
Eit fotografi som er teke av Holmestova i 1904, syner dei som då budde i huset. Den unge mannen til venstre på biletet er Knut Holme, som altså budde her heilt fram til 1958. Attmed han står systera Martha, som og budde i stova til 1958. Så kjem far deira, Thomas Olai Holme, og mora, som heitte Ingeborg. Lengst til høgre ser ein yngstejenta, Ingeborg Olina, som vart gift Sagstad. Den tredje som flytta frå Holmestova, Anna, var i teneste i Bergen då biletet vart teke. 

Men eitt og anna huset har likevel bevart eit preg frå verkeleg gamle dagar. På garden Holme i Meland ligg eit slikt hus, Holmestova. Ho er plassert der det gamle fellestunet til Holmegardane i si tid låg. 

Holmestova er gamal. Ei rekkje bygningsdetaljar tidfestar henne til å vera bygd på 15- eller 1600-talet. Men i samband med eit reperasjonsarbeid på huset fann dei ei fjøl med innskrifta ANO MDLI, noko som kan tyda på at stova vart bygd i 1551. 

Dei gamle lensrekneskapa syner at det i 1563 budde to menn på Holme som dette året betalte lensskatt. Den eine heitte 
Anders og var husmann. Den andre står nemnd som Peder på Holm. Truleg var dette bonden på Holmegarden, og det er ikkje urimeleg å tenkja seg at det er denne Peder på Holm som i si tid var byggherren til Holmestova. 

Frå byrjinga har nok dette vore litt av ei stasstove. Byggjehandverket er svært fint utført, med mange fine detaljar, og tømmeret må ha vore vald ut med omhug. Veggane har ikkje meir enn seks omfar, og den nedste stokken har særskild imponerande dimensjonar. Difor er det ikkje rart at det har gått historiar om tømmeret i Holmestova: 
Det vert sagt at tømmeret er hogge i Hoplandsmarka, noko som ikkje er urimeleg når ein ser dei svære røtene som den dag i dag er å finna i myrene der. Men det er og blitt sagt at ho skulle vera bygd av toppendane av tømmeret på same måte som den gamle kyrkje i Meland. 

No kan nok ikkje dette stemma, all den tid Holmestova var meir enn 60 år gamal då Melandkyrkja stod ferdig i 1616, men når dette er blitt fortald rundt om på bygdene, seier det sitt om at det ikkje har vore heilt vanleg bygningstømmer som vart nytta i Holmestova. 


Holmestova i 1989. Foto: Rune Garmann.

Undersøkjingar har vist at Holmestova har vore påbygd eit par gonger. Sannsynelegvis har ho fått sin noverande form tidleg på 1800-talet, medan ho fekk innlagt lem, trapp og golvlag i 1880-åra. Noko seinare vart det lagt tregolv i kjøkkenet, som til då hadde hatt hardstampa jordgolv. 

Til tross for si gamalmodige utforming har det budd folk i Holmestova like til 1958. Det var dei tre syskena Knut, Anna og Martha Holme som budde der då. Dersom årstalet MDLI som er utskore på den gamle fjøla, står til truande, tyder dette på at Holmestova har vore nytta som bustadhus samanhengande i 407 år! Og dette er nok forklaringa på at huset har halde seg så uvanleg godt i heile denne lange tidsbolken. 

I eit intervju (1989) minnest den over nitti år gamle Ingeborg Olina denne hendinga. Ho hugsa godt at dei stilte opp i finstasen - sjølv hadde ho «kakehuva» på hovudet og slips om halsen, og mora bar «linhuva» - og far hennar tok det litt tungt at dei ikkje hadde fått sett inn det eine glaset i stova før fotografen kom, slik at lysopninga i veggen berre var dekt av ein trelem. Ein ser trelemen til venstre på langveggen. 

I intervjuet ga ellers Ingeborg Sagstad eit levande bilete av livet i Holmestova, ei tid som i stor grad var prega av kvardagens arbeid og strev. I stova stod rokken og vevstolen framme. Når veret gjorde utearbeidet umogeleg, hadde mora fast plass i vevstolen. Ellers var inventaret i stova enkelt; der var to senger, eit bord, og trebenkar til å sitja på. 


Holmestova sett frå baksida sommaren 1989. Foto: Rune Garmann. 

I kjøkkenet var det ei grue. Så lenge Ingeborg budde heime, vart maten laga over open varme. Matstellet var prega av dette; Dei brukte lite brød som måtte steikjast i ovn. Derimot var potetkakene eit fast innslag på menyen, til dømes vart det servert potetkaker med smør og sukker eller sirup til frokost. Det var vanleg at ein bakte potetkaker for ein femdagars periode på ein gong og at desse så vart lagra innpakka i klæde. Ellers var menyen samansett av «graut, mjølk, sild og potet», som ho Ingeborg sjølv sa. Men så la ho til, at dei sjølvsagt hadde smalekjøt, både salta og tørka. Og ellers sytte karfolka for å halda huset med fisk. 

I tillegg til sauene hadde dei nokre mjølkekyr. Dei sende mjølk til Bergen med «dampen». Ei anna vare dei sende til byen, var påskeliljer. Vestom stova hadde dei eit felt med desse blomane, og kvart år reiste Knut til byen med bukettar 
som han selde på torget. 

Frå fryst av hadde kjøkkenet jordgolv, men seinare vart det lagt tregolv her, slik dei og hadde det i stova. Ingeborg Sagstad minnest at golvet vart skura ned med sand. Sanden dei brukte, måtte dei over fjellet til Austebygda for å henta. 
I mange hus nytta dei hakka eine på golvet, det gav slik god ange i rommet. Men i Holmestova nytta dei ikkje det, i alle fall ikkje i Ingeborg si tid, for «han far likte ikkje å få einen i sokkane». 

Til å lysa opp stova hadde dei parafinlampe. Men parafin var dyrt, og ein skulle ikkje sløsa. Difor vart ikkje lampa tend før det var skikkeleg mørkt. Dermed fekk dei ei tid på dagen der det var for mørkt til å driva noko særleg arbeid, men som vart ei god stund for kvild og sosialt samkvem. I denne skumringstimen sette dei seg ned i ro og mak, dei kvilde og prata saman. I eit tilvære som var så sterkt prega av arbeid, visste folket i Holmestova å ta vare på desse rolege stundene. 

Då Knut, Martha og Anna Holme flytte frå Holmestova i 1958, vart huset med grunn kjøpt med det føremålet at huset skulle takast vare på. Sokneprest Anders I. Gjellestad var ein drivande kraft i dette arbeidet. Huset vart restaurert med god hjelp frå Fortidsminnesmerkeforeningen. Under restaureringa vart huset attendeført til ei eldre planløysing, der dei mellom anna fjerna stovelemmen slik at ljoreopninga no er knytt saman med det gamle stoveinteriøret igjen. 

Arkitekt Claus Lindstrøm leia arbeidet, som i hovudsak vart utført av Amund Valde frå Hjertås. Konrad Vetås skar ut ein ny og vakker ljoreboge. Og ellers har ein prøvd å samla ulikt inventar som anten har- eller som kunne ha- høyrt heime i Holmestova. På den måten ynskjer ein å kunna syna komande slekter korleis folk på våre kantar levde i farne tider. 

Dermed framstår Holmestova som eit kulturelt minnesmerke, både i eigenskap av å vera eit av dei aller eldste bustadhusa i distriktet vårt ,men først og fremst av di det fortel om ei livsform og ein levemåte som i mangt er annleis enn vår eigen, og som kan setja vårt eige tilvære inn i eit perspektiv, dersom vi bryr oss om å sjå det. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal