Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Meland
Kultur
Kulturminner

 


 
 

 

 
Kulturminner
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 01.11.2006

Kulturminne og kulturmiljø er spor etter menneske, ikkje berre fotspor i form av gamle stiar, men spor etter ymse aktivitetar og levemåtar. Eit kulturminne kan såleis vera stort og det kan vera veldig lite. 

Ein skil og ofte mellom faste og lause kulturminne. 

FASTE kulturminne er slik som fabrikkar, bygningar, kaiar, vegar og andre faste installasjonar i landskapet. 

LAUSE kulturminne er alt som er flyttbart slik som fiskereiskapar, båtar, landbruksutstyr og anna lausøyre som menneska har nytta. 

Landskap med spor etter gamle åkrar, slåttemarker, utslåtter, skogar og t.d. lyngheilandskap er og minne etter ein kultur. 

Kulturminne er og å finna i sjø og vatn. Alt dette som no er nemd er materielle kulturminne. 

I tillegg til desse kjem kulturminna som ikkje er materielle d.v.s. immaterielle. Det kan då vera tru og tradisjonar knytta til landskapet. Stadnamn er eit døme på eit immaterielt kulturminne. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal