Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Meland
Meland Kyrkje
Kyrkjekontoret
Soknepresten
Dåp
Konfirmasjon
Vigsel
Gravferd
Bjørgvin bispedøme
Nordhordland prosti

 

 

 
Meland kyrkje 
( 07.09.2003)
Meland kyrkje vart bygd i 1866 av byggmeister Askild Aase etter teikningar av byggmeister Johannes Øvsthus. Kyrkja ligg på garden Meland, midt på austre del av Holsnøy. 


Foto: Scandion.

Kyrkja er oppført av lafta plank, og tømmeret kom til Meland på flåter frå Bolstadøyri. Kyrkja står på ein pussa grunnmur av brotstein som i vest er ca. 1,5 meter høg. Utvendig er kyrkja kledd med skarpkanta, vannrett bordkledning. Alle tak er tekka med ruteheller, bortsett frå tårnet som har koppartekking. 
Kyrkja vart restaurert innvendig i 1955. Veggane vart kledd med plater, og golvet vart lyst lakkert. Det vart sett inn nye benkar som har rette, rektangulære vangar med skrå lukka ryggar. 

Orgel 
Kyrkja fekk orgel i 1927. Det kom frå Mariakirken i Bergen, og var bygd av Schulze & Søhne i 1865 med 16 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Mekanisk traktur. I 1986 vart orgelet ombygd og utvida med fem stemmer av Bruno Christensen & sønner. 

Klokker 
Den eldre kyrkja sine to klokker var i bruk i den nye kyrkja fram til 1907. Dei vart då seld, og ei ny stor klokka vart kjøpt inn. Klokka, støypt av klokkestøypar Ingebrigtsen, Laksevåg, har ikkje innskrift eller årstal. 

Altertavle 
Midtfeltet har oljemaleri av "Jesus som preker for folket". Signert J.L. Losting 1866. 

Bøker 
Bibel efter den 1699 udgangne Huus- og Reyse-Bibel, København 1762. 
Brochmands Huus Postill, København 1760. 

Kyrkjegarden
Den noverande kyrkjegarden er utvida mot vest. Steingarden som begrensa den opprinnelege kyrkjegarden, ligg inne på kyrkjegarden, like vest for kyrkja. Den nyaste kyrkjegarden ligg i relativt bratt lende søraust for kyrkja, på andre sida av vegen. 
Den gamle kyrkjegarden der dei eldre kyrkjene stod, ligg på andre sida av dalen. Nokre få eldre gravmonument finn ein der framleis. 

Meland prestegjeld 
Meland kyrkje var sognekyrkje i middelalderen. Etter reformasjonen vart Meland lagt inn under Hamre prestegjeld. Saman med Alversund vart Meland utskilt frå Hamre i 1885. Meland vart så lagt inn under det nyoppretta Alversund prestegjeld. 

1. april 1992 vart Meland prestegjeld skilt ut frå Alversund prestegjeld. Prestegjeldet omfattar Meland kyrkje. 

MIDDELALDERKYRKJA var antageleg ei stavkyrkje, som i 1616 vart erstatta av ei tømra kyrkje. Det var denne tømra kyrkja som vart reven då den noverande kyrkja vart reist. Desse to eldre kyrkjene låg like ved det gamle tunet på garden Meland, ca 300 meter sørvest for nyekyrkja. Den gamle kyrkjegarden er bevart. 

.................................................................................... 
Kjelde : Norges kirker 2003
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal