Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Meland
Lokalhistorie
Flatøy Flystasjon

  

 
Flatøy Flystasjon
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 14.08.2005

Først ut av flyplassane i Hordaland var Flatøy Flystasjon på Flatøy i Meland kommune. Den vart oppretta alt i 1917, og var base for fly- og marinegruppa ved Bergen festning. 

Flatøy Flystasjon var ein stasjon for sjøfly, og frå 1920 vart den og base for ruteflyginga på ruta Bergen-Haugesund-Stavanger med selskapet Det Norske Luftfartsrederi A/S. I tillegg til denne hadde Hordaland frå 1934 ei sivil sjøflyhamn i Sandviken, der Thor Solbergs Flyveselskap hadde sin base. Etter 2. verdskrig vart det oppretta i sjøflyhamn på Hjellestad i Fana. 

Thor Solbergs Flyveselskap A/S flytta inn på Flatøy Flystasjon i 1947, og starta sivil lufttrafikk. Selskapet fekk leige delar av flystasjonen for ei månadsleige på 700 kroner pluss assuransepremie for bygningane. Det vart drive taxi-, skule- og ambulanseflyging med bl.a. Republic Seabee amfibiefly og Luscombe 8A sjøfly. 

Driften fekk diverre ei kort tilvære. Sommaren 1948 måtte kommersiell flytrafikk avsluttast, og selskapet vart gradvis bygd ned og avvikla. 

Thor Solberg, frå Florø, var ein flypioner av stort format. Han vart internasjonalt kjent då han i 1935 flaug frå New York via Grønland og Island til Bergen, i motsatt retning av Leiv Erikson si rute. Dette var den første Atlanterhavsflyging frå USA til Noreg. Etter dette starta han flyselskap både i USA og Noreg, og allereie før krigen opererte Thor Solbergs Flyveselskap frå sjøflyhamna i Bergen. 

Kjelde: Statsarkivet i Bergen 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal