Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Modalen
Aktivitetar
Bryggjeslottet

 

 
Bryggjeslottet
Foto: Scandion

28. juni 2007 kunne ordførar Knut Moe klippe snora og opna allaktivitetshuset "Bryggjeslottet" - storstova som har kosta 35 millionar kroner.

Innbyggjarane i Modalen har fått eit innhaldsrikt og vakkert kulturhus som innbyr til eit mylder av aktivitetar for små og store. I opningstalen til ordførar Knut Moe inviterte han ikkje berre bygdefolket til å ta den nye møteplassen aktivt i bruk, men ønska også innbyggjarane i nabobygdene velkomen til å gjere kulturhuset levande. 

Bryggjeslottet inneheld ein fleirbrukshall som med enkle grep kan forvandlast frå konsert/teatersal til idrettshall. Elles er her velutstyrt treningsrom, bowlinghall, terapibasseng og folkebibliotek. 

Kjelder: Hordaland fylkeskommune

 
 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal