Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Modalen
Lokalhistorie
 

   

 
Lokalhistorie
Foto: Scandion.
 
Bygda og kulturen
Folkefest med veteranar
Modalen -between tall mountains and deep fjords

Modalen Kommune ligg inst i Osterfjorden i Hordaland fylke og er den nest minste kommunen i landet når det gjeld innbyggjarar. Flatevidda er 385 km2. 

Kommunen har store naturrikdommar. Ein har gode og moderne tilbod innan skule- og helsesektoren. Her er gode tilhøve for friluftsliv og rekreasjon. Det første som møter deg når du kjem til Modalen - både langs landevegen og sjøvegen - er den mektige naturen, bratte fjell, fossefall og store vidder. 

Livsnerva i dalen er Modalselva - ei klar og fin elv - der du kan fiska ørret og laks. Laksetrappa i Hellandsfossen er Norges lengste. Elva har opp gjennom tidene forma dalen og lagt grunnlaget for sanddrift som næringsveg ved sida av jordbruket. Det er gode høve til fiske i sjøen og fjellvatna. 

Modalen har vore eigen kommune sidan 1910 og fekk sine noverande grenser 1. januar 1964. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal