Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Modalen
Næringsliv
Kraftutbygging 

 
Næringsliv

Jordbruk og skogbruk har frå gamalt av vore hovudnæringsvegen i Modalen. 

På 1800-talet levde så å seia alt folket i Modalen av jordbruk. Jordbruket er framleis ein av dei viktigaste næringsvegane i kommunen. 

I 1930-åra byrja uttak av sand og grus, frakta på skuter ut fjorden. Dette har etter kvart vorte ei viktig næring. Ein del av sandressursane vert og foredla i Modalen og skapar arbeidplassar innan sandindustrien. 

Kommunen satsa tidlig på IKT-teknologi, og kunne som første kommune i landet tilby alle husstandar og bedrifter tilgang til breibandsnett alt i 2000. 

Gründerbedrifter innan IKT-sektoren står i dag for en stor del av arbeidsplassene i kommunen - og den største bedrifta Uni Micro AS har over 40 arbeidsplassar. Bedrifta, som utviklar økonomisystem, vart starta i 1986 av gründer Hans Jørgen Neset. Hovedkontoret ligg i Modalen, med avdelingskontor i Bergen og Haugesund. 

Otterstad bru over Modalselva der den renn ut i fjorden på Mo. Bygd i 1936. 
Foto: Scandion.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal