Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Os
Kjentfolk
 

   

 
Jimmy Øvredal - forfattaren idnånte fjedlo
Tekst og foto: Mona Vindenes
Publiseringsdato: 10.03.2003

På veg inn til Øvredalen i Os kommune, inn forbi Hegglandsdalen, kjem ein til eit skilt som er spikra på ein lysstolpe: «Kjør seint!» står det. Ei forståeleg oppmoding, det er ikkje nokon brei veg ein tar seg fram på. På neste stolpe står eit nytt skilt: «Seinare!» 

Det kan hende dette er karakteristisk for staden og folket som bur der inne. Øvredalen er ikkje ein stad det går fort for seg og dei vil ikkje at det skal gjera det heller. Der inne bur ikkje stort fleire enn Jimmy Øvredal, poet og radiokåsør, kona hans, dottera med familie og naboen. 

 
Jimmy Øvredal har likevel ei aktivitetsliste som kan ta pusten frå dei fleste. Han styrer eit toradarorkester med 12-15 toradarar og komp, kalla Os Durspelsamskipnad. Han er med i Os Streng- og Belgeigarlag, du høyrer han som radiokåsør og han reiser rundt med forteljingane sine om Nils,n i Bakkjen og Stølatræ-Jens,n. Dei to siste er særs ettertrakta, han må seia nei til fleire oppdrag. 

Utanom er han skogsarbeidar, har vore gardbrukar og driv med jakt og fiske på si. Hobbyornitolog er han óg. Gjennom dei siste 40 åra har han sytt for ringmerking av 40 000 fugl for Stavanger Museum og Statens Viltundersøkelser. Han nærmar seg pensjonsalderen no, er snart 62 år, men har heile sitt liv arbeidd som lærar og undervisningsinspektør. Tre barn, fem barnebarn og kona Åslaug er han og svært oppteken av. 

Søkjer einsemda 

Samstundes er han nær det som kan kallas eit skogtroll. Eit ekte naturbarn, som dei fleste dagar (og svært gjerne) set i hytta si opp mot fjellet Sveningjen, halvannan times gange frå heimen. Han søkjer einsemda og togna i skogsfjellet. «Paradislandet» som han kallar det. Der kan han snakka med dei underjordiske og dei framfarne, der kan han skriva historiane sine og det som kanskje ligg nærast hjarta hans: Naturdikta. 

Det er kanskje denne tydelege todelinga som skapar framtoninga Jimmy Øvredal, gjøglaren og einstøingen. 
-Ganske mange reknar meg som sprø, smiler Jimmy. -Men eg er ikkje annleis for å demonstrere noko, eg er herre slik. I skogen og fjellet får eg fred inni meg. Og der får eg gnist til å laga noko og setja pris på dagane eg får, i staden for å surmula. 
Eg er grodd fast her inne i Øvredalen, jordskorpo må rivna om eg skal flytta på meg. 

Og her kjem historiane mine frå også. Korkje Nils,n eller Jens,n har levande modellar, men det ser ut til at mange kjenner dei igjen likevel, seier Jimmy. 
-Humor er dødsens alvorleg og vestlandshumor set eg stor pris på. Å få sagt noko utan å seia det direkte, er typisk, og med ei ekte dialekt vert historiane endo betre. Mitt bidrag til å ta vare på Os-dialekten, er mellom anna å gje ut kåseria på CD. 

Meir kjem i bokform 
Seks bøker med dikt og diktformulerte historier har Jimmy gitt ut. Fleire novellar og forteljingar ligg og ventar på å koma i bokform. 
- Nils,n og Jens,n er omtrent som rykt ut or jordskorpo, med alle menneska sine feil og manglar. Dei har enkle tankar og enkle reaksjonar, sorg og saknad. Det er mest uheldige dagar i Graasteinsdalen, men kan desse dagane kombinerast med komikk, er det kjekt å få dra på smilebandet, meiner Jimmy. 
- Sjølv får eg gjerne mest igjen for å skriva naturdikt. Men du kan skjøna at eg kan ikkje stå og proklamera slike dikt, når eg kjem på arrangement der folk er klare til fest og moro og gjerne har stasa seg opp både sånn og sånn. Då er det kjekkast å fortelja om dei i Graasteinsdalen. 

- Er du eigentleg ein religiøs grublar? 
- Eg har mi faste kristne tru, den har aldri plaga meg. Ikkje noko svartsynt religiøsitet som har knekt folk, men ei tru der vi har respekt for kvarandre, Vår Herre og skaparverket. Folk manglar tru, dei må jo sjå og ta på allting før dei trur på det. Det er lenge sidan eg slutta å grubla, men eg er skuffa over den manglande respekt for menneskeverdet som rår no. Det er kun kroner som tel, det er ein voldsom ekkel historie det der. Men eg forsøkjer å påvirka der eg kan. 

- Er du deg sjølv nok? 
- Nei, eg er veldig sosial. Eg gjekk mykje for meg sjøl i barneåra, men so vart eg engasjert i ungdomslaget og idrettslaget og mykje slikt. Rett som det er lagar eg samlingar for vener og kjente inne i bua i fjellet. Samlingar av ein litt annleis type. Folk tykkjer det er kjekt og nokon har sagt at eg burde arrangera dette for firma og slikt, men eg er litt vàr på å gjera dette for ukjente. Eg vil ikkje selgja meg for kroner om det tyder at eg misser noko eg har, noko unikt som er meg. 

Kjøpte einrader i Italia 

Jimmy er ingen reisevand mann. Han fèr rundt dei fleste stader i fylket, men i utlandet har han berre vore eit par ganger Sist var han i Italia, samman med ei busslast trekkspelinteressene. Der var det vitjing på ulike trekkspel-fabrikkar og Jimmy hadde førehands-tinga noko fabrikantane aldri hadde høyrt om Verdas første einrader, med dobbel helg. To belgar måtte dei sy saman for at Jimmy skulle få belgen lang nok. Det vart jo sjølvsagt litt oppstuss kring dette, det var allereie oppstuss rundt Jimmy for hans karakteristiske utsjånad og betre vart det ikkje då Jimmy skulle betala. Han var nemleg ikkje trygg på dette med italiensk mafioso og likte ikkje tanken på at nokon kunne prøva å stela kronene hans. Difor hadde han fått kona til å sy ei lomme på innsida av bukselåret, ei lomme som var noko vanskeleg å koma til. Det er ikkje å undrast at trekkspel-kameratane hans heldt på å drepa seg av lått når Jimmy måtte vrengja av seg buksa framfor italienarane då han skulle betala for einradaren. 

Jimmy er glad for den gode mottakinga han fekk på BKK sine mobiliseringsarrangement i vår. Og han kjem heilt sikkert til å gleda oss fleire gonger framover. Stølatræ-Jens,n og Nils,n i Bakkjen har sine eigne vriar på det meste, også det som går føre seg i BKK: 

Han Nils,n i Bakkjen og Stølatræ-Jens,n 
har merkt seg at mange har valt BKK 
te samarbeidspartnar og sponsor, so fans,n 
é trygg på forankring i bergjet da blå. 

Og Stølatræ-Jens,n og Nils,n i Bakkjen 
dei ville sa gjedna slått fylgje ein dag. 
Men frykta at dei é for blasse i lakkjen 
og reknast vel helst for eit simplare slag. 

---------------------------------------------------------------
Artikkelen er henta frå BKK-nytt nr. 5. / juli 2002 
Tekst og foto : Mona Vindenes 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal