Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Radøy
Lokalhistorie
Krigsminne på Kvalheim

    

    
Krigsminne på Kvalheim
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 03.09.2006

Krigsminne på Kvalheim i Radøy kommune vart avduka 8. mai 1998 på initiativ av Karstein Bjarne Vågenes. Bautasteinen er eit minne om dei som drog vest i havet til Shetland i krigstida for å delta i fridomskampen. 


Foto: Scandion. 

Sokkelen til bautaen ”Dei eigde mot. Dei viste veg.” er bygd av steinar frå alle grender i Nordhordland som hadde personar som rømte til Shetland, for derfrå å yte sitt bidrag i Noregs fridomskamp. Fronten på bautasteinen vender mot Nordsjøen og er dekorert med motiv frå Skageneset på Radøy, som for mange var rømningsstaden frå Noreg. 
Fronten er også dekorert med ei fiskeskøyte og KNM ”Hitra”. Baksida av bautaen har eit innriss av eit fly med retning mot Masfjorden. 

Dette skal være eit minne om flya som kom frå England med dropp av våpen for forsyningar til Bjørn West. Kostnadane ved bautasteinen vart betalt av Karstein Bjarne Vågenes og hans familie. 

Kjelde: Fylkesmann Svein Alsaker sin tale ved tildelinga av H.M. Kongens fortenestemedalje i sølv til Karstein Bjarne Vågenes den 25. august 2006 i Statens Hus. 


Foto: Scandion. 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal