Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Vaksdal
Lokalhistorie
 

    

 
Med von om "det store draget"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.08.2005
 
Laksegiljene og sitjenøtene har stått langs mange av fjordane på Vestlandet, men få andre stader har dette fisket vore halde så lenge i hevd som kring Osterøy og ved Stamnes og Straume.  


Laksegilje på Stamnes. Foto: Scandion.
  

Laks og aure har vore fanga med ulike reiskapar i fjorden og straumane der i uminnelege tider. Funn i steinalderbuplassen Skipshelleren fortel at laksen truleg vart fanga med onglar. 

Garn, teiner og ruser har vore nytta i elvane like fram mot vår tid. I fjordane vart garnbruken kring 1500 utvikla til eit "laksevarp" og vidare til det me i dag kjenner som sitjenot. 
Sitjenøtene og dei høge laksegiljene ved fjorden er ein fangsteknikk som har utvikla seg i fisket etter sjølaks i fjordbygdene på Vestlandet. 


Laksegilje på Straumsneset, Straume. Foto: Scandion.
   

Sitjenota - er ein garnpose som er open i den eine enden. Den står i sjøen rett under gilja, med eit ledegarn inn til posen. For at sitjenota skal stå støtt i straumen, er ho festa med strenger til lands og med steinar til botnen. 
Høgt over fjorden, i ei lita hytte på toppen av gilja, sit laksefiskarane. Når dei ser at laksen er komen inn i nota, stengjer dei notposen med eit "drag". 

På Straumsneset er det lett å stå frampå haugen og sjå når laksen går oppover straumen. Den første gilja vart reist på slutten av 1800-talet. 
Laksefisket gav gode inntekter til grunneigarane, og det var eit interessant fiske, med relativt små investeringar. 

Laksefiskarane kunne sitje i dagevis og venta på at storlaksen gjekk i nota. Det var alltid von om "det store draget", med nota full av sølvblenkjande laks. 


Sitjenot 
   

Marknadsverdien på laks og aure auka utover frå 1870, og laksefisket fekk dermed ein kraftig oppsving. 

Like etter 1900 hadde sitjenøtene spreidd seg langs heile norskekysten, og det vart fiska laks i stort omfang. 

Sitjenøtene stod tett i tett kring heile Osterøy og oppi straumane. Det var eit yrande folkeliv med oppkjøparar og oppsynsmenn. 

Etterkvar minka det på laksen, og det var berre på dei beste fiskeplassane ein held fram med fiske. 

I Stamnes har dette laksefisket halde seg lengst her i landet, både på grunn av særleg gunstige økologiske tilhøve, men og på grunn av stor interesse for å halde det i hevd. 
............................................... 
Kjelde: 
Vaksdal kommune 
Kulturhistorisk Vegbok (1993)  

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal