Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
1. verdskrig
 

    

   
Den fyrste verdskrigen 
(18.06.2006)
  
Den fyrste verdskrigen er ei nemning på krigshandlingar som gjekk føre seg i Europa frå august 1914 til 11. november 1918. 
Krigen var ein verdskrig av di dei deltakande landa var store kolonimakter. I tillegg kom Sambandsstatane (USA) med i 1917. Storbritannia og Frankrike hadde koloniar i alle verdshjørner, medan Russland strekte seg langt inn i Asia. 

Den fyrste verdskrigen er omtala som «krigen som skulle få slutt på alle krigar». Ei anna omtale er berre «den store krigen» (The Great War). 

Landegrensene i Europa vart mykje endra då krigen tok slutt. Austerrike-Ungarn forsvann og vart erstatta av ei mengd mindre sentral-europeiske statar, medan Tyskland vart omforma frå keisardøme til republikk. Russland gjekk gjennom ein revolusjon og måtte avstå store landområder. Mellom anna vart Finland og Polen sjølvstendige land. 

Noreg og den fyrste verdskrigen 
Noreg var, på lik linje med dei andre skandinaviske landa, nøytral under den fyrste verdskrigen. Krigen gjekk likevel hardt ut over den norske handelsflåten, som måtte sigla gjennom krigsfarvatn. 915 norske skip vart senka av dei krigande maktene, og 1 892 sjømenn døydde. Desse 915 skipa utgjorde om lag 20 prosent av handelsflåten vår. Kjelde: Nynorsk Wikipedia

 
Erich von Ludendorff
Forræderi 
Harold Alexander
Sir Edmund Allenby 
Ubåt - eit farleg våpen
Slaget om Atlanterhavet
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal