Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Amerika
 

 

 
Dei Forente Stater sin fødsel
Tekst: Scandion
Publiseringsdato: 07.11.2003

I Nord-Amerika hadde Storbritannia 13 koloniar som låg langs Atlanterhavskysten. Sjølv om kolonistane skattla seg sjølv gjennom sine valgte forsamlingar, var dei framleis britiske undersåttar. 

Dei gleda seg lojalt saman med kong Georg III då Frankrike si makt i Nord-Amerika var knust i 1763. Men snaue 12 år seinare var kolonistar og konge i desperat krig mot kvarandre. 

Kolonistane kjente sine rettar. Dei likte å være sjølvstendige, og leiarane - mange av dei var sakførarar - var opplyste og intelligente. Dei hadde lese den engelske filosofen John Locke, som hadde forsvart den engelske revolusjonen i 1688 med at eit styre må være godtatt av dei som blir styrt. Dei hadde rett til å gjere motstand dersom styret er urettferdig og vilkårleg. 
 

Så lenge kolonistane følte seg trua av franskmennene, fann dei seg i britisk styre. Men i åra etter franskmennene sitt nederlag, voks følelsen for å bli uavhengige. Dei tok til å føle seg som ein eigen nasjon. 

Engelskmennene forstod ikkje styrken i desse følelsane. Dei tok i bruk gamle lover som la band på kolonistane sin handel til fordel for engelske kjøpmenn. Kolonistane vart også nekta å ta i bruk det land som var erobra frå Frankrike, fordi det kunne føre til ein kostbar krig mot indianarane. 

Forholdet mellom England og kolonistane forverra seg. Kolonistane protesterte, og engelskmennene fann stadig på nye måtar å straffe dei på. Dei vedtok ei lov som påla kolonistane å innlosjere tyske leigetroppar som var sendt over for å halde styr på dei. Resultatet vart direkt samanstøyt. 

I 1774 møttest kolonistane sine leiarar til ein kontinentalkongress i Philadelphia for å planleggje motstanden. Då engelske troppar i april året etter prøvde å beslagleggje militærlager rundt Bosten, starta krigen. Den slutta seks år seinar med engelsk nederlag. 


George Washington, USAs første president. 

Det var tre hovudgrunnar til at engelskmennene mista sine koloniar i Amerika. For det første la dei opp ei feil krigføring. 
Generalane i felten måtte rette seg etter politikarane som prøvde å føre krigen frå London. For det andre viste amerikanarane sin øverstkommanderande George Washington seg som ein meistar. 

Gjennom den fryktelege vinteren 1777-78 held han hæren sin, av halvt utsvelta frivillige, i ro i Valley Forge framfor å risikere kamp mot erfarne troppar. Han viste at året etter ville han få hjelp frå den franske flåte - den tredje årsaka til England sitt nederlag. 

Den engelske øverstkommanderande, lord Cornwallis, fann seg til slutt innesperra med hæren sin i Yorktown med Washington sine troppar rundt seg og den franske flåten bak seg i Chesapeake-bukta. Det var umuleg å sleppe unna. 
 

Då freden vart underteikna i 1783, godtok engelskmennene at amerikanarane vart uavhengige. 


Inntoget i den dåverande hovudstaden New York i forbindelse med val av presidenten i 1789. 

Frå 1781 var dei tidligare koloniane knytta saman i ein «evig union» gjennom konføderasjonsartiklane, ein laus avtale om felles forsvar og utanrikspolitikk. Då kravet om fast leiing i fred vart sterk nok, bad ein Georg Washington komme tilbake til politikken. I 1787 leia han den nasjonalkongressen i Philadelphia som la grunnen til eit nytt styre: Dei forente staters grunnlov. 

Alle statane godtok konstitusjonen, og i april 1789 vart George Washington valt til Amerika sin første president. 

Faktisk var Dei forente stater det første demokrati i moderne tid, og konstitusjonen vart eit mønster både i Amerika og i Europa. 
------------------------------------ 
Kjelde: World history 1963 

Stater - og årstal dei vart opptatt som stat 

Alabama - 1819 
Alaska - 1958 
Arizona - 1912 
Arkansas - 1836 
California - 1850 
Colorado - 1876 
Connecticut - 1776 
Delaware - 1776 
District of Columbia - 
Florida - 1845 
Georgia - 1776 
Hawaii - 1959 
Idaho - 1890 
Illinois - 1818 
Indiana - 1816 
Iowa - 1846 
Kansas - 1861 
Kentucky - 1792 
Louisiana - 1812 
Maine - 1820 
Maryland - 1776 
Massachusetts - 1776 
Michigan - 1837 
Minnesota - 1858 
Mississippi - 1817 
Missouri - 1821 
Montana - 1889 
Nebraska - 1867 
Nevada - 1864 
New Hampshire - 1776 
New Jersey - 1776 
New Mexico - 1912 
New York - 1776 
North Carolina - 1776 
North Dakota - 1889 
Ohio - 1803 
Oklahoma - 1707 
Oregon - 1859 
Pennsylvania - 1776 
Rhode Island - 1776 
South Carolina - 1776 
South Dakota - 1889 
Tennessee - 1796 
Texas - 1845 
Utah - 1896 
Vermont - 1791 
Virginia - 1776 
Washington - 1889 
West Virginia - 1863 
Wisconsin - 1848 
Wyoming - 1890 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no