Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Amerika
 

 

 
Vedunderlandet i vest
Tekst: Scandion
 Publiseringsdato: 23.02.2005

Med pakkhestar og overdekka vogner - "prærieskonnertar" drog nybyggarane under uavlatelege farer over kontinentet mot det jomfruelege prærielandet, og endå lenger mot vest. 

Den første frå Europa som gjekk i land i Amerika var Leiv Eirikson, omkring år 1000, medan Christofer Columbus, som kom fram til Bahamasøyane 12. oktober 1492, blei den som la grunnlaget for europeiske koloniar. Amerika blei opprinneleg kalla "Den nye verden", men blei i 1500-åra oppkalla etter den italienske oppdagelsesreisande Amerigo Vespucci. 

USAs eineståande historie er skapt av to store faktorar som virka saman. Den første var Nord-Amerika sitt rike kontinent mellom St. Lawrenceelva i nord og grenseelva Rio Grande i sør. Den andre var den vesteuropeeiske sivilisasjonen, som vart ført med folkestraumen over Atlanterhavet gjennom tre hundreår av den største emigrasjonsbevegelsen verdshistoria kjenner til. 

Dei europearane som kom til Amerika, var fri for hemmande band frå sin eigen kulturtradisjon. Det stod dei heilt fritt å forkaste eller behalde det dei meinte var viktig frå den åndelege arven dei førte med seg til sitt nye fedreland. I det nye landet kunne dei ta eit fritt val, byggje opp ein kultur og skape nye kulturformar, som ikkje var eit resultat av utviklinga i Europa. 

Landet hadde enorm rikdom; åkerjord, umåtelege forekomstar av mineral og metall, skog og beiter. Det gav grunnlaget dei trong for å bygge ein økonomisk grunnvoll for ein ny nasjons liv, framgang og velstand. 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no