Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Årstider
 

    

     
Vår jordiske tid
Forfatter: Scandion
 15.06.08

For at vi menneske skal kunne arbeide saman og planleggje for framtida, må vi kunne snakke om dagar som skal komme. Utan kalendar vil samfunnet ikkje fungere. Kalendaren sin viktigaste oppgåve er å måle ut og inndele kommande år.

Vårt gregorianske kalendarår stemmer svært godt med tida for eit jordomløp rundt sola, og årstidene inntreff alltid til samme tid på året. Eit kalendarår omfattar alltid eit heilt antall døgn. Sidan jorda brukar litt i underkant av 365 1/4 døgn, må vi leggje inn ein ekstra dag (29. februar) kvart 4. år. Likevel vil året bli fleire minuttar for langt. Derfor vil alle heile hundreår som kan delast med 400 også være skotår, eks. 2000 og 2400.

Dag og natt
Den del av jorda som er vendt mot sola, får dagslys. Resten av jorda ligg i mørke. Etterkvart som jorda roterer om sin akse, flyttar dagen seg vestover. Land etter land blir ført inn i dagslyset, medan andre glir inn i natta. Fordi jorda dreiar seg frå vest mot aust, må lyset bevege seg i motsett retning - så dagen vandrar vestover.

Det vart i sin tid bestemt at klokka skal være 12 midt på dagen overalt på jorda. Jorda er difor delt inn i 24 tidssonar med 15 grader meridianer som grenser. Mellom kvar sone er det ein time forskjell. Som utgangspunkt vart det bestemt at 0-meridianen skulle gå gjennom Greenwich i England. Når klokka er 12 i Greenwich, har plassar aust for Greenwich ettermiddag eller kveld, medan plassar lenger vest har formiddag eller morgon. Land som ligg 180 grader aust, har 12 timars forsprang, og land som ligg 180 grader vest, er 12 timar forseinka i forhold til Greenwich-tida.

Det inneber at to plassar som ligg tett inntil kvarandre, men på kvar side av 180 grader-meridianen, får ein tidsforskjell på 24 timar. Dette er berre mulig dersom ein har ulik dato. Derfor har ein innført ei datogrense ved 180 grader-meridianen. Grensa føl ikkje meridianen heilt nøyaktig, men går av praktiske grunnar over opent hav. Passerer ein datogrensa mot aust, får ein same dato to gonger. Passerar ein mot vest, må ein hoppe over ein dag.

Månader
Månen sine fasar og sola si vandring over himmelen målte ut tida i gamle dagar. Vår moderne kalendar bygger på det samme system. I almanakken finn ein bl.a. opplysningar om når sol og måne går opp, står i sør og går ned. Dessutan har den tegn for månen sine fasar. Før hadde kvar dag sin helgen, no minnast almanakken kjente kvinner og menn og spesielle hendingar.

Månen føl jorda i si bane rundt sola. Samtidig bevegar månen seg i si eiga bane rundt jorda. Året er delt i månader fordi eit måneomløp er omtrent 30 dagar.

Året
På eit år fullfører jorda eit omløp kring sola. Jordaksen sin stilling i verdsrommet bestemmer veksling mellom årstidene. Når Nordpolen hellar bort frå sola, har vi vinter på den nordlege og sommar på den sørlege halvkule. Når Nordpolen hellar inn mot sola, er det omvendt. Det same er tilfelle ved vår og haust.

Ved haustjevndøgn og vårjevndøgn er dagen like lang over heile jorda. Ved sommarsolverv har heile området nord for den nordlege polarsirkel dag døgnet rundt (midnattsol). Ved vintersolverv er det i staden natt døgnet rundt. Polane har 1/2 år dag og 1/2 år natt.

Innan astronomi reknar ein årstidene mellom solverv og jevndøgn; våren frå vårjevndøgn til sommarsolverv, sommaren frå sommarsolverv til haustjevndøgn osv. På den nordlege halvkule er våren i gjennomsnitt 92,8 døgn, sommaren 93,6, hausten 89,9 og vinteren 89,0.

Sommarhalvåret, frå vårjevndøgn til haustjevndøgn, er vel 7 døgn lenger enn vinterhalvåret. Det skuldast at jordbana er elliptisk.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal