Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Bilhistorie
 

    

 
Den viktige gnisten
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 06.02.2004

Det er få komponentar i bilen som ein tar som sjølvsagt i same grad som tennpluggen. Likevel må den utføre eit ytterst nøyaktig arbeid under dei mest ekstreme forhold. 

Oppgåva til tennpluggen er å leie tenningsspenninga rett inn i motoren og gi dei viktige gnistane som er nødvendige for å antenne drivstoff / luftblandinga. 

Tennpluggen blei oppfunnen i 1885 av Etienne Lanoir, og den var temmeleg lik den vi brukar i dag. Allereie i 1777 hadde italienaren Volta kome med idéen om å antenne gass ved hjelp av ein gnist, og det same foreslo Isaac de Rivaz for ein eksplosjonsmotor som han laga utkast til i 1807. 

Tennpluggen virkar svært enkel i konstruksjon, og er heller ikkje særlig vidareutvikla sidan den vart oppfunnen for snart 120 år sidan. Likevel har den ei vanskeleg oppgåve å utføre. Ein av påkjenningane tennpluggen skal tåle, er dei enorme temperatursvingningane. 

Ein kald vinterdag kan tennpluggen sin temperatur være under 30 minusgrader når motoren er kald. Når motoren blir varma opp, kan temperaturen inne i forbrenningskammeret stige til over 2500 grader. I denne temperaturen må tennpluggen gi gnist kanskje 50 gonger i sekundet. 

Det er difor lett å forstå at tennpluggar blir konstruert med den største omtanke. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal