Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Bilhistorie
 

    

 
Mekanikaren som vart bilkonge
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.02.2005

«Frå første gong eg såg ein bil på gata, stod det klårt for meg at bilen var ein nødvendig artikkel», skriv den amerikanske bilkongen Henry Ford i boka «Mitt liv og mitt arbeid.» 

Med utruleg energi og i hensynslaus kamp mot all motstand arbeidde han seg fram, steg for steg, til han i 1908 - 09 kunne sende den berømte T-modellen ut i verda. Det var den einaste modell som fabrikken hans laga frå 1909 til 1928, då den nye A-modellen kom, som i sin tur vart avløyst av «V8»-modellen i 1932. 

Fram til 1928 vart T-modellen seld i over 15 millionar eksemplarar. Berre Volkswagen med «Bobla» har klart å slå den rekorden. 

Ford T vart konstruert av Henry Ford og sjefingeniør Harold C. Wills. T-modellen hadde firesylindra vannavkjølt motor som kunne yte 24 hestekrefter. Bilen hadde 2 gir, som kunne skiftast ved hjelp av ein pedal. Den hadde mekanisk handbrems og eit karosseri av stål. 

«Thin Lizzie», som den populært vart kalla, fekk ein enorm suksess, takka vere den låge prisen. I åra 1909-10 vart det produsert ca 18600 bilar til ein pris av 950 dollar. I åra 1916-17 vart det i alt produsert 785 432 T-modellar, til ein pris av 360 dollar. 

Den låge prisen auka salet, og i 1923 var produksjonen oppe i 10 000 bilar kvar dag. 

Ein nevenyttig gut 
Henry Ford (1863-1947) var son av ein farmar i Greenfield, nær Detroit i Michigan. Foreldra var irske immigrantar. 

Frå dei tidligaste gutedagane var han interessert i alt som hadde med mekanikk å gjere, i kvernkallar og treskemaskiner, og alt anna som kunne svive og gå. 

Han begynte tidleg å eksperimentere. Ein dag hadde han funne ut at han skulle sjå korleis det gjekk med ein kjele full av kokande vatn når dampen vart stengt inne. Han brukte ei steintøykrukke med tut, fylte den med vatn og plugga åpninga forsvarleg. Så la han krukka i eit flammande bål på peisen. Eksperimentet kosta han eit skolda andsikt og eit sår i skallen av ein bit av krukka. I kjøkkenet var alle glasruter knuste. 

Seinare slo han seg på meir fornuftige ting. Han vart m.a. ein svært habil urmakar, og som 17-åring kom han i lære på ein mekanisk verkstad inne i byen, i Detroit. Om kvelden arbeidde han hos ein urmakar; det blei femten timars arbeidsdag - for ei samla løn av 4,5 dollar i veka. 

Foreldra trudde guten var tussete som ville stenge seg inne i ein skitten verkstad mellom surrande maskinhjul, når han som eldste son kunne få overta garden. Men for Henry var hjula, akslingane og drivreimene sjølve livet. 


Henry Ford og sonen Edsel Ford med fabrikken sin bil nr. 1 og nr. 25 000 000. Det er ein viss utvikling. 

I 1892 hadde han den første motorvogna klar, og året etter var den så ombygd at han våga seg ut på landevegen med den. 
Motoren var 2-sylindra og utvikla 4 hestekrefter. Heile vogna vog knapt 250 kilo. Det var den første, og lenge den einaste bensinvogna i Detroit. Den vekte stor forargelse, for den held eit syndig spetakkel og skremte hestane den møtte. Men han 
fekk då til slutt lov til å køyre gjennom gatene i Detroit med den. 

På den tida var Ford tilsett ved elektrisitetsverket i Detroit. Direktøren rynka på nasen av dette tullet med bensinmotor i 
elektrisitetens tidsalder. Men Ford eksprimenterte vidare. 

I 1899 fekk han starta eit bilselskap der han sjølv var teknisk leiar. Samarbeidet med dei som sat med kapitalen i selskapet gjekk snart i stå, - for medeigarane ville ha stor forteneste straks, medan Ford ville ha liten forteneste på den enkelte bil - men stor omsetnad. 

I 1903 bygde Ford to racerbilar for å skape bakgrunn for starten av sitt nye selskap. Bilane fekk namnet «999» og «Pilen». 
«999», med 80 hestekrefter, viste seg å leve opp til forventningane. Den vann overlegent eit stort veddeløp på ei engelsk mil (1609 m). Rekorden vart pressa ned i under minuttet. 

Ei veke etter vart Ford Motor Company starta, med Henry Ford som direktør, teiknar, verksmeistar og arbeidsformann. Han hadde også fjerdeparten av kapitalen i selskapet. Seinare overtok han aksjemajoriteten, og frå 1919 stod han, saman med sonen Edsel, for heile kapitalen. 

I desse åra gjekk teknikken fram med stormskritt. Frå å være ein ytterst livsfarleg sport, vart bilkjøring først ein fornøyelse for rike menneske, - for etterkvart å bli eit av dei viktigaste ledd i den moderne samferdsla. Masseproduksjonen kunne starte. 


Den låge prisen på T-Forden skuldast mest den rasjonelle produksjonmåten ved hjelp av lange samleband. 

På samlebandet
Første året laga Ford 1708 bilar. Seinare kom fabrikkane opp i 5000 - 10000 bilar - om dagen. Omlag kvart 10. sekund døgnet rundt rulla det ein ferdig bil ut av monteringshallen. 

Ein slik produksjon var muleg på grunn av to faktorar: den låge prisen og ei effektive tekniske organisering av bedrifta. 

Alle delar vart standardiserte og masseproduserte. Monteringa vart delt opp i mange, kvar for seg enkle prosessar. 
 

Kvar arbeidar hadde berre eit enkelt arbeidsoppdrag å utføre medan bilen passerte på samlebandet ; ein plasserte ein skrue, ein annan skrudde den inn, den tredje trekte den til.... 
Arbeidarane vart automatar, som ikkje trong nokon utdannelse eller innsikt, og alle unødige bevegelsar vart fjerna. 

Det vart effektivt og billig, men lite interessant for arbeidarane. Mange såg seg, etter kort tid, om etter anna arbeid. 


Ford Sierra var den mest populære bilmodellen på den norske marknaden midt i 1980-åra. 

I 1922 kjøpte Ford fabrikken Lincoln, og i 1925 vart det starta produksjon av fly. Frå 1920-åra etablerte konsernet seg utanfor USA, og starta produksjon i fleire europeiske land, spesielt i Storbritannia og Tyskland. 

Bland Fords mange bodellar kan ein nevne dei amerikanske ; Mercury, Thunderbird, Lincoln, Continental, Fairline og Mustang, og dei europeiske Eifel, Taunus, Consul, Anglia, Granada, Cortina, Escort, Fiesta, Sierra og Scorpio. Ford er også ein av verdas største traktorprodusentar. 

Henry Ford var ein av vår tids største industriherrar. Det skuldast til dels at han tidleg kom inn i ein bransje i slik utvikling som bilindustrien. Han var politisk engasjert, og prøvde i 1918, med president Wilsons støtte, å bli valgt inn i Senatet frå Michigan, men tapte. Som bedriftsleiar bekjempa han fagorganisering med alle midlar heilt til 1941. Han var sterkt sosialt interessert og testamenterte halvdelen av sin formue til Ford Foundation, eit fond han og sonen Edsel stifta i 1936. Pengane i fondet har gått til internasjonale hjelpetiltak mot svolt og overbefolkning, til utdanning, forskning, humanitære og kulturelle formål. 

Sonen Edsel Ford (1893-1943) var frå 1919 administrerande direktør. Då han døydde i 1943 overtok Henry Ford igjen leiinga av konsernet. I 1945 vart han avløyst av barnebarnet Henry Ford II, som var firmaets sjef til 1979. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal