Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

 

 
Delfin - "havets cowboy"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 10.07.2003


Foto: Scandion
   

Når ein skal fortelje om delfinen, er det heile tida bruk for superlativ. Den er ikkje ein fisk, men eit pattedyr med lunger, ein såkalla tannkval, populært kalla "havets cowboy". 

Delfiner, (Delphinidae) høyrer til familien av tannkval, artar som er mellom 1,5 - 10 meter lange, og som finst i alle hav. Til delfinane høyrer bl.a. vanlig delfin, spekkhoggar, grindkval, kvitnos, kvitskjeving og tumler. Spekkhoggaren, som er størst, kan verte opptil 8 meter og 5 tonn. Delfinen sym utruleg fort, kan drepe haier, kommunisere med sine artsfrendar og opptre som hamnelos. 


Foto: Scandion

Eit nytt liv 
Ein delfinfødsel kan vare opptil ein halv time. Den meterlange ungen kjem til syne med halen først, ellers ville den drukne. Mora gjer ein brå kroppsbevegelse for å rive over navlestrengen og befri ungen - som straks sym opp til overflata og pustar djupt inn - for så å vende tilbake til mora. Delfinen kan sjå med det same den er født. Augene sit like bak munnen og kan sjå både på nært hald og på lang avstand, akkurat som våre. 

Hørselen er usedvanlig skarp, og det indre øyra er bevegelig. Den kjenner moras røyst og kan sjølv snakke med pipande og gryntande lydar. 

Reservemamma 
Like etter fødselen er det vanlig at ein annan vaksen ho-delfin dukkar opp. Det er "reservemamma" - som hjelper til med å 
oppdra ungen og halde haier unna. 

Om ein hai går til angrep, utstøyter mora og hjelparen nokre forte fløytetonar for å tilkalle hjelp, samtidig som dei kretsar rundt haien, for plutselig å stange snutane inn i kroppen på den så gjellene vert øydelagde. 

Delfinungen får mjølk frå to spenar som sit i fordjupningar like ved halen til mora. Mora trekkjer underlivsmusklane saman og sprøyter mjølka inn i munnen til ungen. Som nyfødt manglar delfinen tenner. Den første dukkar opp nokre veker seinare, og i alt kjem det 44 i kvar kjeve. Ungen får mjølk frå mora i nesten halvtanna år, men begynner så smått å gomle små blekksprutar frå den er seks månader. Delfinen pustar gjennom eit enkelt nasebor oppe på hovudet, eit halvmåneforma sprøytehol som lukkar seg når det kjem i berøring med vatn. Delfinen manglar stemmeband så "stemma" kjem óg frå dette holet, der kanten er like bevegelig som våre lepper. 

Godt utvikla sansar 
Delfinen kan halde seg under vatn i mange minuttar før den må opp for å puste. Den brukar lyd både til kommunikasjon og til ekkolokalisering, og kan "sjå" utan å bruke augene. Delfinen kan difor orientere seg under vatn for å finne mat sjølv om det er mørkt. Den høyrer lydar frå 0,25 kHz til 220 kHz, og sender sjølv ut ein serie klikkande lydar. Frekvensen og hastigheita på lyden kan endrast. Den lågfrekvente ganske langsomme klikklyden blir brukt for å lokalisere objekt på større avstand, medan raske høgfrekvente lydar vert brukt på nært hald. 

Hjernen til delfinen er faktisk større enn hos eit menneske - og har like mange hjerneceller pr. kubikkcentimeter. Hjernen er i det heile høgt utvikla, og hukommelsen er god. Mykje av hjernen brukar den truleg til å arbeide med lydsignal. Delfinen kan bli opptil tredve år gammal, og er i stadig bevegelse. Den treng lite søvn og søv då med mesteparten av kroppen under vatn. Den lukkar sjelden augene meir enn eit halvt minutt om gongen, høgst fem minutt. 

Delfinane finst i alle havområder, og dei samlast som regel i større eller mindre flokkar, av det eine kjønnet eller ei blandning av hoer, hannar og ungar. Nokre artar held til i tropiske og subtropiske farvatn, andre i tempererte og kaldare havområder. 

Bodbringar og livreddar 
Delfiner er svært selskaplege dyr, og hjelper kvarandre både med jakt og når dei er sjuke. Dette samarbeidet er nødvendig for att dei skal leve vidare. 
 

Det finst mange historier om spesielle venskap mellom menneske og delfinar. Delfinen har, blandt mange folkeslag og til alle tider, hatt ein guddommeleg status. 

Blandt den australske urbefolkninga er f.eks delfinen bodbringar for gudane. I gresk - romersk mytologi og i kristen billedkunst vert delfinen symbolisert som ein frelsar, og det har bakgrunn i historier om korleis delfinar har hjelpt mange sjøfolk i naud. 


Alle bilder er frå 2001 då Scandion besøkte opplevelsesparken Sea World, Gold Coast, Australia 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal