Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

   

    
Kjæledyr på langfart
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 09.01.2004

Viste du at brevduer har små, magnetiske korn inni hovudet som blir påvirka av jorda sitt magnetfelt. Derfor kan brevduer finne fram også når dei hverken kan sjå sola eller stjernene. 

Små trekkfuglar på 10 gram er store navigatørar og kan finne vegen over distansar på 10 000 km. Også kval, laks og andre havdyr forflyttar seg over store strekningar med sikker retningssans. Sjølv kjæledyr, som har vore tamme i generasjonar, har denne evna. 

Vi har lese om kattar som har blitt borte på ferietur. Lenge etterpå, og etter ufatteleg mange mil med trasking, har dei funne vegen heimatt. 

Når kjæledyr utfører slike bragder blir det stått stort opp i media. Eigentleg er det urettferdig, for i naturen er det mange dyr som er minst like dyktige til å finne vegen. 

Katten har ikkje for vane å legge ut på så store vandringar utan ein spesiell grunn. Kva er det då som gjer at katten har denne evna til å finne fram ? 

Det vert hevda at kjæledyr ikkje har fjerna seg så langt frå dei ville dyra. Dei har enno evna til å kjenne igjen eit landskap, til å lukte seg fram, til å styre etter sola og månen. 

Men uansett kva svaret er, så er det ikkje tvil om at dyr, tamme som ville, gjennomfører store trekk og navigering som vi menneske ville ha store problem med å klare, sjølv om vi var utstyrt med kart, kompass, adressebok eller vegvisar. 
 

Her er eit lite utval historier om kjæledyr på langfart. 

3800 km gjekk ein huskatt frå New York til California. Turen tok litt over eit år. 

2500 km tilbakela ein schæfer som vart borte frå eigar på ein campingtur i Arizona. Fire månader seinare dukka den opp heime i staten Washington. 

1300 km gjekk ein schæfer frå Solingen i Tyskland for å komme til eigaren sin, som hadde flytta til Sør-Italia. Turen tok eit år. 

150 km løp ein huskatt frå New York. Den var gravid då den blei borte frå familien på campingtur. Då den kom heimatt hadde den ein kattunge i munnen. Men historia slutta ikkje her. Den same katten løp kort tid etter 300 km for å hente endå ein kattunge. Då tok familien katten med i bilen for å hente resten av ungane. 

75 km gjekk eit tamt pinnsvin då det blei flytta frå sin opprinnelege heim i Russland. Det tok dyret to månader å gå strekninga heimatt. 

8 km gjekk hunden Mickey frå huset til pleieforeldra sine og til sin gamle heim. Det virkar ikkje imponerande, men Mickey var på det tidspunkt 15 år gamal, blind og stokk døv. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal