Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

    
Nebbdyr - det levande fossil
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 26.04.2006

Nebbdyr er hverken krypdyr eller pattedyr og er difor ein av kuriositetane i våre dagars dyreverden. Det var på slutten av 1700 talet at ein fekk kjennskap til nebbdyret, også kalla platypus. 

I 1797 sende oberstløytnant David Collins sine vitenskaplege kollegar i London ein beskrivelse av eit merkeleg dyr han hadde støtt på ved Hawkesbury-elva i New South Wales, Australia. Dyret hadde ikkje munn som andre pattedyr, men derimot eit andenebb. Denne beskrivelsen var heilt korrekt så langt, men Collins kunne forlenga lista over merkelege trekk som var spesielt for dette dyret. 

Den ufullstendige skildringa av dyret var likevel nok til å skape sensasjon i vitenskaplege kretsar både i London og på Kontinentet. Fleirtalet av dei lærde hadde mistanke om at det heile var ei grov skipparskrøne. Grunnen til ei slik haldning kan være at ein først då hadde oppdaga at Australia hadde ein fantastisk fauna med dyr som ingen hadde høyrt om før, for eksempel kenguru, vombatt, pungape, maurpinnsvin eller pungdjevel. 

Nebbdyret (Ornithorhynchus anatinus), som lever i ferskvatn i Australia og på Tasmania, blir opptil 60 cm lange, medrekna den ca 15 cm lange og flate halen. Vekta kan være mellom eit og to kilo. 
Den mjuke pelsen er raudbrun ovantil og på sidene og har ein gulaktig glans på undersida av dyret. Men det kan variere sterkt, og hannar og eldre dyr er mørkare enn ungane. 

Oversida av halen har mørke, grove hår. Ellers minner halen om ein beverhale, og den blir brukt som ror under symjinga. Desse dyra var tidlegare gjenstand for jakt på grunn av pelsen, men i dag er dei totalfreda. 

Nebbdyret padlar seg fram ved hjelp av fire symjeføter med klør. Under vatnet sym det med lukka auger og øyrer, og finn fram til maten ved hjelp av eit svært følsomt nebb. Samanlikna med kroppsvekta set det til livs kollosale mengder mat, som kan være små krepsdyr, sneglar og ormar som det finn i bekkar, elvar og innsjøar. I store kinnposar har dyret sand og grus, som antageleg blir brukt til å knuse maten. Nebbdyret et berre i kveldsskumringa eller tidleg om morgonen. 

Hørselen til nebbdyr er fantastisk god, men synet er det verre med - det kan ikkje sjå framover - berre til sidene og oppover. 
Difor endar det som regel gale med nebbdyr som går seg vekk, og kjem bort frå vatnet. Av og til har ein funne nebbdyr langt borte frå elva. Det kan tyde på at det har gått seg bort i eit forsøk på å finne elvar eller dammar med betre tilgang på næring. 

Ved hjelp av sporer på bakbeina kan nebbdyret påføre andre skapningar dødelige sår. Det er grunn til å tru at det berre er artsfeller nebbdyret drep på denne måten, og då i rivalkampar mellom hannar. 

Kloakkdyra starta si utviklingsrekkje for millionar av år sidan, og blir betrakta som overgangsformer mellom krypdyr og pattedyr. 

Den franske naturforskar Lamarck prøvde i 1809 å innordne nebbdyret i den zoologiske systematikk. Han kom til at dette dyret og slektningar hverken var krypdyr eller pattedyr. Han plasserte dei difor i ein klasse for seg sjølv. I dag reknar ein desse dyra til kloakkdyras orden (Monotremata) innan pattedyrklassen. 

I strandbredda ved elvane har nebbdyret reiret sitt. Det grev ein gang som ofte kan være over 10 meter lang. Den tek til ved vassoverflata - og endar i ei reirhole. Reiret, som gjerne kan ha fleire inngangar, er fora med mjuke plantedelar. 

Hoa er ikkje nøgd med ei felles hole, men vil ha sin eigen bustad når tida er inne for å leggje egg. Dette er nødvendig for at avkommet skal få den tryggleik det treng. Reiret blir fora med fuktige eukalyptus-blad. Når reiret er klart, lukkar hoa alle inngangar til tilfluktsstaden. Der inne i mørkret legg ho egga sine, opptil tre stykker - som ikkje er større enn dueegg. 

Nebbdyret rugar egga sine som ein fugl, og hoa rullar seg saman med snuten mot halespissen og trykkjer egga inntil kroppen. Ruginga varer i tre veker. 

Ved klekkinga er ungane nakne og svært hjelpelause. Dei arbeidar seg ut av egga ved hjelp av ei eggtann, ein hard utvekst på overkjeven. Fugleungar brukar vanlegvis eggtanna på overnebbet til dette formålet, men nyklekka nebbdyr har ikkje fått noko nebb endå. Nebbet utviklar seg først seinare, når ungen sluttar å leve av mora si mjølk - og må lære å dykke ned i vatnet for å leite etter mat. 

Kaninane, Australias landeplage, som blei innført frå Europa gjennomhola elvebreddene og dreiv dermed nebbdyret bort frå mange nedarva tilhaldsstadar. Tidlegare hendte det også ofte at nebbdyret blei fanga av fiskereidskap som blei sett ut i elvane, men no er det strenge lover som forbyr slik reiskap for å beskytte det merkelege dyret. 

Nebbdyret si lange historie vitnar om ei medfødt evne til å klare seg under vanskelege forhold. Men dyret er svært ømfintleg for støy. Det blir fortalt at nebbdyr er blitt drept av sterke lydeffektar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal