Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

 
Ein dråpe olje er nok
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.10.2003


Eit tankskipforlis der enorme mengder olje grisar til hav, fjordar og strender, er ei katastrofe for natur og alt liv langs kysten. For det skal berre ein dråpe olje til for å ta livet av ein fugl. 

Olje øydelegg det vatn- og varmeisolerande fjørlaget til fuglar, slik at dei ganske enkelt frys i hjel. Normalt er fjørdrakta vassavstøytande ("det prellar av som vann på gåsa"). Det er det same for alle fuglar. Dei kan opphalde seg ein heil dag i plaskregn utan å bli våte. Heller ikkje sjøfugl har problem, for fjørdrakta held vatnet effektivt ute, og det er livsviktig. 

For ein sjøfugle er det viktig at dei enkelte fjøra held seg i ein bestemt avstand frå kvarandre. 
 

Dersom avstanden mellom to nabofjør vert for stor vil vatnet trenge inn. Om fjøra vert tilsølt med olje, mistar dei den vassavstøytande og varmeisolerande evna, fordi oppbygginga av fjøra vert øydelagt av oljen. 

Dei klistrar seg saman, og sjølv ein ørliten oljeflekk virkar som eit hol i isolasjonen som vatnet kan trenge igjennom. 

Om sommaren når vatnet er forholdsvis varmt, vil fuglen kanskje klare seg, men om vinteren betyr kulden direkte mot kroppen den sikre død. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal