Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

    
Trompetsignal frå urtida
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.10.2003

Mammut, elefanten sin næraste forgjengar, var eit istidsdyr som levde over heile den nordlege halvkula samtidig med steinaldermenneska. Den levde også i Noreg. 

Mammuten var nær beslekta med den nolevande indiske elefanten. Den hadde ei mankehøgde på ca. 4 meter, og hadde tett, raudbrun pels med enkelte svarte hår. Hovudet og rygg var forsynt med ein fettpukkel. Mammuten hadde små øyrer og kort snabel. Støttennene, som var svært krumbøygd, hadde lengder hos hannen på opptil 5 meter og vog mellom 80 og 100 kilo. 

Mammuten var eit utprega tundradyr som livnærte seg av plantar. Under siste istid var den å finne i Nord- og Mellom-Europa, Nord-Asia og Nord-Amerika. 

Det er gjort ei mengde funn av mammutskjelett. I den evige telen i Sibir er det også funne heile mammutskrottar, som er bevart i djupfryst tilstand. I ein mammutkjeve som vart funne i Sentral-Europa, sat det fastkilt ei steinalderøks. 

I Noreg er det gjort 12 funn av mammut. Det dreier seg om tenner og knoklar som hovudsakleg er funne i Gudbrandsdalen og i områder rundt Mjøsa. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal