Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Ekspedisjonar
 

   

     
Første mann på "Verdas tak"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 20.04.2006

I 1953 gjorde Edmund Hillary ei bragd som for alltid vil bevare hans namn i historia. 29. mai sto han på "Verdas tak", Mount Everest, saman med sherpaen Tenzing Norkey frå Pakistan. 

Edmund Hillary vart født på New Zealand i 1919. Han vart tidleg interessert i fjellklatring og andre dristige idrettar; bl.a. var han ein av pionerane innan skiidretten i heimlandet. 

Under den 2. verdskrig gjorde han teneste som flygar i Stillehavet. 

Før Hillary, med den britiske Himalaya-ekspedisjonen i 1953, gjorde framstøyt mot Mount Everest - var ha allereie kjent som ein av verdas dyktigaste og dristigaste fjellklatrar. 

6. juni s.å. gjorde den britiske dronninga det kjent at ho ville adle han og oberts John Hunt - som var leiar for denne vågale ekspedisjonen - for deira innsats. 

15. juni vart Sir Edmund Hillary tildelt Nepals høgaste utmerking. Då han kom til Europa saman med dei andre som hadde vore med på Mount Everest-ekspedisjonen fekk han ein overveldande hyllest i land etter land. Sigeren over verdas høgaste fjelltopp vart sett på som historias største idrettsbragd. Sir Edmund Hillary besøkte også Noreg på si foredragsferd. 

Himalaya har alltid vore eit lokkande mål for fjellklatrarar - nettopp fordi den er mest utilgjengeleg av alle fjellkjedar på jorda - og difor byr på dei største utfordringane. 

I denne ville fjellkjeden er det fleire høge fjell enn noko anna stad på jorda - og av fleire toppar over 8000 meter, ragar Mount Everest høgast med sine 8882 meter. 

Det var som det skulle være at ein britisk ekspedisjon hausta denne triumfen. Heilt sidan tidleg på 1920-talet hadde den eine ekspedisjonen etter den andre frå den britiske Himalaya-komitéen gått til angrep på den berømte toppen. Sigeren hadde kosta mykje slit og mange menneskeliv. 

Andre kom etter 
Berre vel ein månad etter at Hillary og Tenzing Norkey hadde slite seg til toppen av Mount Everest, sto østerikaren Hermann Buhl, medlem av ein tysk-østerisk ekspedisjon, på toppen av det 8125 meter høge fjellet Nanga Parbat i det såkalla Karakoram-Himalaya. 

I 1954 var det også stor virksomheit i Himalayas fjell. Den viktigaste var utvilsomt bestigninga av K-2, også kjent under namna Lamba Pahar og Mount Godwin Austen - som med sine 8611 meter er jordas nest høgaste fjell. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal