Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Ekspedisjonar
 

   

     
Gjøa
Forfatter: wikipedia
Publiseringsdato: 06.06.2006

Gjøa var det første fartøy som segla gjennom Nordvestpassasjen. Med eit mannskap på seks, under leiing av Roald Amundsen, nådde skuta Stillehavet i 1906 etter ei reise på over 3 år. 

Den 70 fot store skuta vart bygd i 1872 i Rosendal, Hardanger, og vart dei første 28 åra brukt i fiskeria før Roald Amundsen kjøpte den i 1900 for bruk i arktiske ekspedisjonar. 


Foto: Scandion. 

Mannskapet på ekspedisjonen var (forutan Amundsen), Helmer Hanssen, Anton Lund, Peder Ristvedt, Gustav Juel Wiik og Adolf Henrik Lindstrøm. 

Gjøa segla ut frå Oslo den 17. juni, 1903, og etter å ha segla mellom fastlands-Canada og sørspissen av Victoria Island nådde Gjøa Nome i Alaska den 31. august, 1906. Den segla så vidare til San Francisco, der den fekk ein storslagen velkomst den 19. oktober same år. 


Foto: Scandion. 

Under ekspedisjonen gjorde mannskapet blant anna fleire målingar for å bestemme posisjonen til den magnetiske nordpolen. 

Gjøa vart seinare kjøpt av eit Norsk-Amerikansk samfunn og donert til San Francisco by i 1909. Der vart den stilt ut i 
Golden Gate Park. Gjøa vart henta heim til Noreg og vart offisielt overlevert til Norsk Sjøfartsmuseum på Bygdøy i Oslo 17. juli 1972. 

Henta frå wikipedia.no


Foto: Scandion. 


Foto: Scandion. 


Foto: Scandion. 


Foto: Scandion. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal