Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Ekspedisjonar
 

    

 
Først på Sydpolen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.06.2003

Den 19. oktober 1911 la 5 mann og 52 hundar i veg mot polpunktet. Dei fem var Roald Amundsen, Helmer Hansen, Olav Bjaaland, Oscar Wisting og Sverre Hassel. 

Ekspedisjonen er vel den mest imponerande skiferd historia kjenner til. Ein tur på 2800 kilometer, i opptil 60 graders kulde med forrykande snøstormar og bitande sno. Dessutan var det i eit farleg terreng på opptil 3300 meters høgde, dvs. nesten 1000 meter høgare enn Galdhøpiggen. På 4 sledar hadde dei proviant for 4 månader. 

Frå det siste depotet på 82 grader vart det oppført vardar for kvar femte kilometer. På 85 grader tok dei fatt på oppstigninga til Sydpolplatået, med ville brear, kløfter og sprekker mellom 4000 - 5000 meter høge fjell. 

Sydpolen 
Den 14. desember 1911, ti dagar før Amundsen hadde rekna med, sto dei fem på Sydpolen. Her, i 3100 meters høgde vart teltet reist, og det norske flagg heist over "Polheim". Området vart kalla Haakon VII's vidde. Dei var på polen i fire dagar for å gjere mest muleg nøyaktige observasjonar. For å være sikker på å ha vore på sjølve polpunktet, gjekk dei fleire kilometer lange turar på kryss og tvers frå leiren "Polheim". 

Tilbaketuren gjekk utan uhell, takka være god planlegging med depot og vardar. Den 25. januar 1912 kom dei tilbake til hovudkvarteret "Framheim" med 2 sledar og 11 friske hundar i behald - dei andre var brukt som hundemat på turen, det var også eit ledd i planen. 

Forutan den reint sportslege triumf med å nå Sydpolen først, ga ekspedisjonen mange verdifulle vitskaplige oppdagelsar som resultat; bl. a. vart det påvist at Sydpollandet ikkje består av to kontinent, men er eit veldig, samanhengande fastland. I dei seinare år har det gong på gong vist seg korleis andre ekspedisjonar, ikkje minst amerikanarane Byrds og Ellsworths flyferder, har kunna bygge på Amundsens erfaringar og resultat; Amundsens "Sydpolen" er vår bibel," har Byrd sagt. 
.............................................. 
Litt: Roald Amundsen: Mitt liv som polforsker (1927) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal