Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Flyhistorie
 

    

   
Ferdskrivar - viktig sladrehank
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.10.2003

Ferdskrivaren i eit fly er ein viktig sladrehank når ei flyulukke skal granskast. Den fortel om flyet sin fart og posisjon, og har opptak av flygarane sine siste samtalar. 

Ferdsskrivaren (Flight Data Recorder) er plassert i halepartiet på flyet, som normalt er den sikraste staden. Etter eit voldsomt krasj vil halepartiet på flyet ofte knekke av og være utanfor det området der ein finn dei høgaste temperaturane. Normalt vil ferdskrivaren bli kaste ut ved eit havari. 

Med forbindelse til friluft, kan ferdsskrivaren registrere både det statiske lufttrykket utanfor flyet (som viser høgda over bakken) og det dynamiske lufttrykket (som viser farten flyet har). 

Ferdsskrivaren består av to boksar. FDR-boksen (ferdsskrivaren) kom først. CVR-boksen (Continuous Voice Recorder), eller taleregistratoren, kom i bruk eit par år seinare. 
FDR-boksen er ei viktig brikke i puslespelet som Havarikommisjonen må setje saman etter eit flyhavari. 

Den fortel om flyet sin stilling og fart, under og rett før havariet skjedde og flyet styrta. 

CVR-boksen vart konstruert for å samle inn ekstra opplysningar. Den tek opp samtalar i cockpiten og forandringar i motorlyden. Opptaka er synkronisert med FDR-boksen, slik at ein kan høyre kva som vart sagt på det tidspunkt då det 
oppstod ein krisesituasjon. 

I 1974 vart FDR-boksen obligatorisk i Noreg for fly på meir enn 5700 kg. Grunnen var at havarikommisjonen fekk større vanskar med å finne årsaker til havari. På grunn av større fart og større flygehøgde vart flydelane meir forvridde, avslørte mindre, og det vart færre overlevande. 

Tåler eit trykk på eit tonn 
For at registrerte data skal overleve eit flyhavari, er opptakssystema innkapsla i ein solid boks som er skarp raud-orange på farge. Den må tåle høge temperaturar, trykk og væskeangrep. Dei amerikanske krava er blant dei strengast: 
Boksane skal : 
- tåle eit trykk på eit tonn i alle retningar 
- Beskytte banda så dei kan analyserast sjølv etter at boksane har vore utsett for 1100 grader i opptil 30 minutt 
- motstå vatn og andre væsker, for eksempel olje 
- eit fall på 10 000 meter. 

Den siste halvtimen 
Ein Cockpit Voice Recorder (CVR) er ein svært påliteleg bandopptakar som tåler kraftige påkjenningar. Den har eit 15-minuttars band som kan ta opp på begge sider, slik at ein alltid har opptak av lydane i den siste halvtimen før eit havari. 

På bandet er det fire lydspor: 
1. Kapteinen og 
2. andreflygaren sin radiokontakt med flygeledaren på bakken 
3. all radiokontakt mellom cockpiten og kabinen 
4. samtaler i cockpiten. 

Batteria i boksen leverer nok straum til at den sender ut eit signal kvart sekundet i minst 14 dager, sjølv om den ligg djupt på havbotnen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal