Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Flyhistorie
 

   

   
Gjennom lydmuren
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 29.09.2003

Lydmuren er eit uttrykk som vart skapt på den tida då dei første flya oversteig farten til lyden, såkalla supersonisk fart, i motsetnad til subsonisk som er seinare enn lyden. 

Uttrykket skriv seg frå den feilaktige forestilling om at eit fly, når det oppnår lydhastigheit (Machtall 1), må overvinne ein luftmotstand som er så stor at effekten blir den samme som om flyet støyter mot ein mur. Ein slik plutseleg effekt eksisterer ikkje. Motstanden aukar kontinuerlig, og når flyet kjem innanfor det transsoniske fartsområdet, dvs. nærmer seg farten til lyden - oppstår kraftige trykkbølger. Dersom det kritiske fartsområdet vert passert raskt og med rette rorbevegelsar, går eit supersonisk fly gjennom lydmuren utan risiko for å bli slått i stykker. Trykkbølgja frå eit fly som passerar lydmuren vert på bakken oppfatta som eit enormt smell. 

Det første supersoniske fly som passerte lydmuren var det amerikanske rakettdrevne Bell X-1, som i august 1947 i stup nådde Machtall 1,45 i ca 20000 m høgde. Den første offisielle notering av supersonisk fart i planflukt vart gjort i oktober 1953 då ein Dauglas Skyray kom opp i 1212 km i timen. 

 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal