Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Flyhistorie
 

    

    
Krigsfly som pionérar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 30.10.2003

Den raske utviklinga i flyteknikken har i høg grad blitt påvirka av utviklinga av krigsflya under dei to verdskrigane. Militære erfaringar er sidan komt sivilflyet til gode. 

I første verdskrig opererte flya stort sett individuelt, og dramatiske luftduellar vart utkjempa med maskingevær frå dei dobbeldekka jagarflya. Leiande konstruktørar av tyske fly var Fokker og Junkers, av engelske De Havilland og Hadley-Page. 
Spesialbygde trafikkfly med fleire motorar kom i bruk på 1920-talet, og dei første transoseane passasjerfly (clippers) flaug over Stillehavet. 

Luftkrigføringa i andre verdskrig bestod framfor alt i bompeangrep (tyske Stukafly, dels som bombing frå støre høgder (USAs flygande festningar). Sistenevnte angrepsform vart som regel utført av veldige luftflåtar. 

Jetmotoren slo først gjennom etter krigen, men også på dette området var militærflyet pionér. Den kalde krigens rustningsindustri har også påvirka sivilflyet. 

I åra kring 1950 hadde passasjerfly enno stempelmotor. Sidan kom dei første flya med gassturbin, som likevel var bygd for propelldrift (turboprop). På slutten av 1950-talet kom gjennombrotet med det reine jetflyet (turbojet). 

Brødrene Wright gjennomførte i 1903 med sitt biplan historias første motorflyging. Dei flaug 260 m på 59 sekundar. 
Franskmannen BLériot flaug over Den engelske kanal i 1909. Nordmannen Trygve Gran flaug over Nordsjøen i 1914. 
Svensk-amerikanaren Lindbergh flaug åleine over Atlanterhavet i 1927 på vel 33 timar.. 

Propellflyet var einerådande til 1939, då det første jetfly, ein tysk Heinkel 179 kom i lufta. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal