Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

    

 
Abc'en, skrive- og lesekunsten
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 22.02.2005

Korleis ville livet ha arta seg om vi ikkje hadde hatt alfabetet ? Barna lærer tidleg å ramse opp bokstavane frå A til Å, og den utenatleksa kjem vel med seinare i livet. 

Bokstavane er ikkje berre dei minste byggjesteinane i språket, dei dannar også eit registreringssystem som vi kan bruke til å halde orden på nær sagt endelause mengder av opplysningar, ja på heile vårt stadig veksande kunnskapsstoff. 

I dag er det sjølvsagt at barn i dei velståande landa lærer å lese. Men i gamle dagar var skrive- og lesekunsten berre for det fåtall som hadde råd til å få undervisning, og slik er det framleis i utviklingslanda. 

Alt fleire hundre år før boktrykkarkunsten vart oppfunnen lærde barna bokstavane å kjenne ved hjelp av bokstavbrett eller abc-darier. Eit slik brett var opprinneleg eit flatt trestykke som bokstavane var rissa inn i. Seinare vart bokstavane skrive på skinn eller papir, som vart festa på brettet. I Noreg kom dei første katedralskulane ein gong på 1100-talet, og det er truleg at dei gjorde bruk av slike abc-darier i undervisninga. 

Hensikta med å lære folk å lese var truleg at dei skulle bli i stand til å lese Bibel og salmebok på eiga hand. Alle våre eldre abc-bøker har eit strengt religiøst preg, og går frå alfabetet og enkle staveøvingar rett over til katekisma. 

Det er ein enorm avstand mellom den gamle religionsskulen sine abc'er og våre dagars rikt illustrerte lesebøker, som er utvikla på bakgrunn av omfattande undersøkingar både av språket og av barn sine evner til å lære. 

I dei siste åra er bruk at data ei ny form for undervisning. Å lære å skrive og lese ved hjelp av PCen er på full fart inn i barneskulen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal