Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

    

 
Fjernsynet sin barndom
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 18.11.2003

Det er vel ingen oppfinning som i så stor grad har sett menneska sin fantasi i sving som fjernsynet, televisjonen, det å kunne sjå "trådlaust" - og kunne få heile verda inn i stova. 

Grunnlaget for fjernsynet er elektronisk overføring av bilder, og først gong løyst i 1884. Dei første prøvane med fjernsyn blei gjort i USA og England i åra 1926 - 1933. Den første regulære sendingane starta i England i 1936, i Tyskland 1952. I Danmark var det prøvesendingar frå 1951, med regulære sendingar frå 1954. I Sverige 1947, med prøvesendingar frå 1956. 

Det første fjernsynsutvalet i Noreg 1950-51 foreslo å starte med 2 års prøvedrift 1954-55. Ein landsplan blei utarbeida i 1956 og vedteken av Stortinget i 1957. Planen omfatta 12 års utbygging av studioanlegg i Oslo med 20 større og 25 minre sendarar utover landet. Det vart prøvedrift frå 1958 og første trinn ferdig i 1960 med regelmessige program 8 timar i veka med sendarar i Oslo, Bergen og på Gaustatoppen. Foreslått lisensavgift kr. 90.00 per år for kvar mottakar. 

I 1959 ville ein beskrive fjernsynet omlag slik : 
Fjernsynet sin tekniske oppgåve, overføring av levande bilder, må i prinsippet bli langt meir komplisert enn overføring av lyd, fordi eit synsintrykk har to dimensjonar meir enn eit lydintrykk. Der overføring av lyd krev ein enkelt signalpuls pr tidsdel, krev bilder mange tusen. Bildet må delast opp i linjer og punkt. For tida 625 linjer á 833 punkt = ca. 500 000 ulike punkt, som må overførast eit om gongen utan å bli blanda saman - for å gi eit einaste bilde av brukbar kvalitet. 

Skal bilda være levande krev det 25 bildeskift pr. sekund, og fjernsynet krev såleis overført ca 12 millionar signalpulsar pr. sekund som tilsvarar ei frekvensbreidde på 6000 kHz. Lydsending greier seg med 15 kHz. 

Oppdeling av bilder på kamerasida og samansetning i mottakaren blir styrt av ein synkronisator ved hjelp av eit eige synksignal. Ein fjernsynsmottakar består derfor av 3 avdelingar: synkronisator, bildeavdeling med bildetrøyr, og lydavdeling med høgtalarar. Mottakaren blir på den måten eit komplisert apparat, med vel tre gonger så mange røyr og andre delar - og ca tre gonger så høg pris som eit radioapparat. 

Fargefjersyn er eit nyare og endå meir komplisert framskritt. Sjølv om bildekvaliteten blir langt betre, ser det ut som om tida enno ikkje er moden for eit så dyrt og komplisert apparat. 

Ja, det var i 1959......... 

HISTORISK OVERSIKT 
1897 - skisser av eit katodestrålerør 
1906 - Katodestrålerøret kan vise bilder 
1907 - Patent på radiorøret 
1926 - Patent på fjernsynskamerarør. 
1926 - Første demonstrasjon av fjernsyn av briten John Logie Baird 
1936 - Første sendingar startar i London 
1939 - Alle sendingar i Europa stoppar p.g.a. verdskrigen. 
1940 - Første fargesendingar i USA 
1946 - Sendingar starta oppatt i Europa (England) 
1953 - Eurovisjonen. Første sending var kroninga av dronning Elizabeth 2 
1954 - Dei første offisielle sendingane i Noreg 
1954 - Televerket startar med utbygging av sendarnettet. 
1962 - Første direktesendingar frå USA til Europa via satelitt (Telstar) 
1963 - Kabelfjernsyn i USA 
1969 - Sverige startar sendingar i fargar 
1972 - Noreg startar sendingar i fargar 
1982 - Kabelfjernsyn vert innført i Noreg 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal