Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

    

 
Rav - Nordens gull
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.02.2005

Rav er ikkje anna enn forsteina harpiks, men like sidan oldtida har det blitt forma til fine smykker frå havet, og det har hjelpt til å bevare mange interessante trekk frå dyre- og planteliv i forhistorisk tid. 

For 3000 år sidan reiste foretaksomme menn i Norden sørover for å handle langs dei store elvane Elben og Saale. Dei brukte rav som betalingsmiddel. Snart fann dei vegen heilt ned til dei meir siviliserte folkeslaga omkring Middelhavet. I dei neste hundreåra farta desse handelsmennene på kryss og tvers i Europa for å bytte den honninggule skatten mot bronse, jern og klede. 

I det gamle Romerriket var Rav verd si vekt i gull. Der var slottshallar som glimta av rav. Kvinner brukte det som hårpynt, og romerske rikmenn betalte meir for eit stykke rav enn for ein prima slave. 


Eit innsekt som ein gong i tertiærtida vart fanga av flytande kvae, og seinare forsteina til rav. 

Rav er fossil eller harpiks frå nåletrær (Pinus succinifera) som voks i Nord-Europa tidleg i tertiærtida for 40-50 millionar år sidan. Kvaen hardna og vart innleira i avleiringar på havbotn. Seinare kan dei ha blitt flytta under istidene og avleira i moreneleire eller skylt opp av havet på strendene under storm. Dei største stykka kan vege fleire kilo. Rav er så bløtt at ein kan risse i det med negla (hardheit 2-2,5) litt tyngre enn vatn (densitet 1.05-1,10 g/cm3). 

Den viktigaste kilda for rav har vore sørkysten av Østersjøen, spesielt Polen. 

I Danmark finst det i ravpinnelag og moreneleire langs Nordsjøkysten. Andre funnstader er Burma, Sicilia og Romania. 

Historia fortel at folk både i Norden og sydligare strøk meinte at rav hadde ein lykkebringande eigenskap, det verna mot onde makter og kunne helbrede sjukdomar. Legekunstens far Hippokrates erklærte at det hjalp mot alt, frå struma til delerium. 

Grekarane meinte at rav var størkna tårar frå Solgudens døtre, og kalla stoffet "elektron". Den forunderlege krafta som dei hadde oppdaga var naturlegvis elektrisitet. Men det skulle gå eit par tusen år før det vart konstantert at magnetismen i rav skuldast atompartiklar med negativ ladning - og at desse "elektronane" kunne sende straum gjennom ein ledning. 

I det 19. århundre fekk ein tysk ingeniør ideén til ei form for gruvedrift som gjorde det mulig å utvinne rav frå jordlaga ved kysten av Øst-Preussen. Han fann eit lag av blåleire 25 meter under bakken, som inneheld ei mengde rav. På få år vart marknaden så metta at det før så kostbare stoffet brått vart ei vanleg handelsvare. 

Entomologane, som tok dei gylne klumpane under lupa og granska insekta som var innkapsla i stoffet, kunne fortelje at det i dei fleste tilfella dreia seg om dei same artane som vi kjenner i dag. Når ein så undersøkte dei geologiske laga der ravet vart funne, var det lett å rekne ut at dei små, vel bevarte mumiane var 50 millionar år gamle. 

Kven veit, - om 50 millionar år vil kanskje ein eller annan skapning, like fjern frå oss som vi frå fortidsøglene, stå med ein forsteina harpiks i handa og sjå på noko som er innkapsla i den frå vår tid. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal