Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

 

 
Noregs ryggrad
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 28.12.2004

Då nedgangstida kom etter 1. verdskrig, fall prisane på jordbruksvarer meir enn på andre varer. Det var ei hard tid for bøndene våre. Mange odelsgardar gjekk då ut or slekta. 

Verdskrigen i 1914 kom uventa på oss. Vi hadde nett hatt den store jubileumsutstillinga (1814-1914) i Kristiania, og folk gledde seg over hundre år med fred og framgang i landet. 

Brått vart det andre ting å tenkja på. Landet hadde små varelager, og prisane flaug i veret. Ein sekk rugmjøl kunne ein dag kosta 16 kroner, neste dag 26. Det førde til at folk storma til bankane for å ta ut pengane sine for å hamstra varer i butikkane. Staten måtte snart gripe inn og fastsetje maksimalprisar. 

Dei som førde krig, ville gjerne ha tak i varene våre: fisk, cellulose, salpetersyre og svovelkis, og dei betalte svære prisar. Det var jobbetid, og mange tente store pengar. 

Gunnar Knudsen var statsministar i desse krigsåra. Riksstyret hans greidde å halda Noreg utanfor krigen, men det var ei svært vanskeleg tid for dei som styrde landet. Tyskland lova oss krig, dersom vi leverte for mykje varer til England. England ville sjølvsagt avgjera kor mykje Tyskland skulle få. 

Det gjekk med store summar til nøytralitetsvakt på den lange kysten vår. Statsgjelda steig til det tredoble i krigsåra - frå om lag 350 til 1000 millionar kroner. 

Handelsflåten 
Det minka på varene. I 1917 måtte vi til å rasjonera slike varer som mjøl, sukker og kaffi. At vi likevel ikkje leid verre naud, kan vi takka handelsflåten vår for. 

Då 1. verdskrig tok til i 1914, var flåten nr. 4 i storleik - etter England, U.S.A. og Tyskland. 

Tyskarane freista å søkkja alle skip som gjekk med varer til fienden, særleg til England. For sjømennene var det å "setja livet inn". I dei fyrste 5 månadene av 1917 vart 300 norske skip borte i djupet, jamt over 2 for dagen. Bortimot halvparten av flåten vår vart søkkt, og 2000 sjømenn mista livet. 

Ikkje noko anna land miste ein så stor del av flåten sin i krigen. Det gjekk likevel fort å byggja den oppatt. I 1939, før 2. verdskrig, var vi atter på 4. plassen. Flåten vår var svært moderne og tredjeparten var store tankskip. 

Bøndene 
Då nedgangstida kom etter 1. verdskrig, fall prisane på jordbruksvarer meir enn på andre varer. Det var ei hard tid for bøndene våre. Mange odelsgardar gjekk då ut or ætta. 

I 1920 vedtok Norsk Landmannsforbund å stiga fram som politisk parti. Bøndene hadde no gjort som staten bad dei. Dei hadde pløgt opp mykje åker for å skaffa korn. No då prisane vart så skrale, kravde dei tollvern. Programmet til bondepartiet vart : Tollvern og sparing. 

I 1926 fekk dei innført korntrygd. Kornmonopolet betalte no bøndene noko meir enn verdsprisen for å halda norsk korndyrking oppe. 

Jordbruket gjekk storleg fram. Bøndene starta samkjøp av kraftfor og kunstgjødsel. Dei organiserte seg med mjølkesentralar, fleskesentral og samslakteri. Kontrollassistentar gjekk omkring i fjøsa og rettleia. Jordbruksskular og prøvegardar fann fram til dei rette plantesortane og husdyrslaga. 

Arbeidsløn og andre utgifter steig svært, så bonden måtte få store avlingar og selja meir. Bonden måtte fylgja godt med på alle område om han skulle greia seg. 

Bøndene vart kalla ryggraden i landet, 30 % av folket levde av jord- og skogbruk, og før 2. verdskrig skaffa jordbruket mellom 60 og 70 % av den maten vi trong. Under krigen viste det seg kor naudsynt det var å vera mest mogeleg sjølvberga. 
------------------------------------------------------------------------ 
Kjelde : Bernhard Stokke : Folket vårt gjennom tidene. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal