Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

   

 
Verdas største- og minste ur
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 10.06.2003

Det uret som vart vist fram på verdsutstillinga i St. Louis i 1904, er antagelig det største som nokon gong er laga. Urskiva var ein grasplen nesten 50 m i diameter. 

Siffera var 4,5 m høge og minuttstrekane var av blomster. Minuttvisaren var over 22 meter lang og vog over eit tonn. 

Verdas minste ut vart laga i Sveits i 1930-åra. Diameteren er 6,8 mm, sjølve urverket veg verre 0,95 g. og spiralfjæra ikkje meir enn 0,0001 g. 

Svetsarane har og laga verdas tynnaste ur. På ei utstilling i Sveits i 1933 vart det vist eit herrelommeur som såg ut som eit vanleg lommeur, bortsett frå at tjukkelsen på urverket berre var 0,95 mm. 

Av kjente store tårnur har Big Ben i London (1859) ei urskive på 6,85 m i diameter. I Hamburg finst eit på 7,8 m, i Paris eit på 8 m, og i Golgate, New Jersey, USA, er det eit på heile 15 m i diameter. 

Tårnuret på Oslo Rådhus har ein diameter på 8,55. Det astronomiske ur på Rådhuset er 5 m i diameter. 
............................................................. 
Litt : Alte Uhren (Darmstadt 1955) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal