Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Industrihistorie
 

   

    
Oppgangssaga
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 14.12.2004

Dei fyrste sagbruka i Noreg kom i sving ikring år 1500. Då stod skogen tett heilt ned til kysten. Før den tid vart det berre hogd litt tømmer for sal, - og stokkane vart kløyvde med øks og kilar. 

Grunnen til at skogen voks fram skuldast i stor grad Svartedauden som herja i året 1349 - 50, - og som gav landet vårt ein alvorleg knekk. I mange bygder døydde folket heilt ut, andre stader vart det berre nokre få att. Omlag ein tredjepart av folket strauk med. 

Det vart få att til å halde jorda i hevd. Det var ikkje leiglendingar og arbeidsfolk å få, og skogen voks innover den dyrka marka. Mange "øydegardar" har namnet sitt frå den tida. 


Her ser du korleis dei nytta vasskrafta i gamle dagar. Det hjulet som er midt på biletet, vart drive rundt når vatnet vart ført ned gjennom den renna du ser ovanfor. 

Bord av tømmer som vart kløyvd med øks og kilar vart dyre, og seint gjekk det óg. Ikring 1520 tok dei så til å byggja sagbruk ved bekkar og elvar. Dei første sagbruka var oppgangssager, ei nemning som kom av at det lange sagbladet var vertikalt innspent i ei ramme som bevege seg opp og ned - og drive av eit vasshjul. Moderne oppgangssager i stål og med fleire blad vart kalla rammesag. 

Då Kristian 2. styrde, men også seinare, tok sagbruka seg veldig fram. Nederlendarane hadde bruk for ei mengd tømmer og plankar til hus, skip og dike. Skottane kjøpte sin trelast frå Vestlandet. Trelastskuter kom og gjekk. Norske sjømenn fekk hyre på framande skip óg. Det vart liv og rørsle i landet og trafikk frå og til Noreg. 

Kongen støtta opp om kjøpmenn, handverkarar og andre byborgarar; for når borgarane tente godt, kunne kongen få større skattinnkomer av dei. Byborgarane fekk einerett til å driva trelasthandel med utlandet. 


Oppgangssaga var eit stort steg framover. 

"All handel gjennom byane," sa Kristian 2. Men likevel voks det opp ladstader attmed dei store elveosane: Halden, Moss, Bragernes (Drammen), Larvik, Arendal, Odderøya og Mandal. Det vart uråd å knekkja dei, endå byane klaga og folk i desse ladstadane måtte taka borgarskap i næraste kjøpstaden og svara skatt der. 

Då Kristiansand vart grunnlagd i 1641, fanst det ingen annan kjøpstad mellom Skien og Stavanger. I 1666 brann London. Dit 
selde vi ei mengd trevyrke då dei skulle byggja opp att byen, og det vart sagt at "nordmennene vermde seg godt på den 
brannen". 

Vass-saga hadde gjort skogane våre til ei rikdomskjelde. 

Ikring året 1500 hadde Noreg 300 000 innbyggarar. I 1665 hadde talet stige til 450 000. I desse tala reknar ein ikkje med Herjedalen, Jemtland og Båhuslen, som vi miste. Den store auken i folketalet syner best korleis næringslivet tok seg fram. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal