Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Krig / konflikt
 

    

 
Krim-krigen
Tekst: Scandion
03.07.08

Krim-krigen 1853-56 var mellom Russland og Tyrkia, som fekk hjelp av England, Frankrike og Sardinia. Krigen enda med Russisk nederlag og freden vart underskriven ved ein kongress i Paris 1856.

Hovudkampane var på Krim, halvøya mellom Svartehavet og Asovhavet, som er bunde saman med fastlandet ved ei smal landtunge (6 km i nord).

Den sterke russiske festninga Sevastopel fall hausten 1855. Russland tapte herredømmet over Donaumunningen og retten til å ha ein krigsflåte i Svartehavet. Slik greidde Frankrike og England å halde Russland ute frå Middelhavet.

I fredsavtalen var det med bestemmelsar om at Dardanellene og Bosporos i fredstid skulle være stengt for framande krigsskip. Seglas på Donau skulle være fri og Svartehavet nøytralt. Desutan vart ein samde om fire sjøvettreglar i krig:
1) Kaperi er avskaffa.
2) Nøytralt flagg vernar fientlege varer, unntatt krigskontrabande.
3) Nøytralt gods, unntatt krigskontrabande, kan ikkje takast, sjølv under fientlege flagg.
4) Berre effektiv blokade skal respekterast.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal