Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Land og rike
 

   

    
ALBANIA
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.06.2005

Albania, balkanstaten ved Adriaterhavet, er eit land rikt på kontrastar. Albanerane er dei eldste folk på Balkanhalvøya, og enkelte av folkestammane har levd der sidan før-hellensk tid. 

Republikken Albania (Republika e Shqipërisë), som vart sjølvstendig stat i 1912, har eit arial på 28 748 km². Folketalet er på 3 544 800 (2004) - som tilsvarer 123,3 innb. per km2. Nesten alle er albanerar - med gresk og makedonisk minoritet. Kystområda og dalføra er tettast befolka. 

Albania har grenser til Montenegro i nord, Serbia (Kosovo) i nordaust, Makedonia i aust, Hellas i sør, Adriaterhavet i vest og Det joniske hav i sørvest. 

Kystlinje : 362 km 
Landegrense : 720 km 
Tidsforskjell til Norge : Ingen 

Natur og klima 
Albania er eit av dei mest bergfulle og utilgjengelege land i Europa. Innlandet er prega av høge, bratte kalkfjell. I sør er det fjell heilt ut mot kysten, men her er det også oppdyrka slettebygder. Mitre og nordre del av adriatarhavskysten er myrlendt lågland med små strandsjøar. Nokre av dei største elvedalane er også godt oppdyrka. Størstedelen av det indre av landet er oppfylt av ville fjellparti og den høgaste toppen Korab i distriktet Dibra er på 2 753 meter. 

Adriaterhavskysten har middelhavsklima, det vil seie mild vinter med regn,- og tørketid om sommaren. I det indre er vintrane kaldare, og snøen ligg relativt lenge. Ein del regn frå oktober til desember, men ellers eit svært solfylt klima. I månadene juli-august er det varmast med temperaturer på mellom 30 og 40ºC. 

I dei lågare stroka i innlandet er det eike-, gran og bøkeskog, og over skogbeltet er det gode fjellbeiter. Naturleg nok er feavl ein viktig næringsveg, og frå den kjem landet sine viktigaste eksportvarer. Feavl har eit visst nomadepreg, avdi kystslettene gjev gode vinterbeite, medan fedrifta held til i det indre fjell-landet om sommaren. Det viktigaste jordbruket er i kystlandet og i dalbotnane; her dyrkar ein mais og litt ris, tobakk og oliven, vin og sydfrukter. Kornproduksjonen dekkjer ikkje på langt nær landet sitt behov. 

Historie : 
Ein veit ikkje mykje om landet si eldste historie, men folket har seinare hatt ei hardare skjebne enn dei fleste andre ; levd under mange framande herskarar og vore innlemma i mange ulike rike. 

Frå år 168 f. Kr. var Albania ein del av provinsen Illyria i Romerriket. Seinare det bysantiske rike - og vart utsett for slavisk invasjon og stod under serbisk herredømme til 1389. Albania vart i 1468 lagt inn under det tyrkiske riket, og islam fekk fotfeste i dei sentrale og nordlege områda. Etter første balkankrig vart Albania sjølvstendig stat. 

I 1914 måtte den første regent, prins Wilhelm av Wied, flykte for intriger og opprør etter få månader styre. Etter dette kom ein periode med anarki, og det vart planlagt å dele landet - då det vart tatt av Italia. Men i 1917 proklamerte den italienske 
øverstkommanderande i Albania, general Ferrero, på ny landets sjølvstyre, og ei provisorisk regjering vart danna. 

Etter 1. verdskrig kom albanarane i trefningar mot både Italia og Jugoslavia. I 1925 vart Albania erklært som republikk, men vart i 1928, av den grunnlovgjevande forsamling, omdanna til monarki med Achmed Zogu som konge. 

I åra 1939-44 var landet under italiensk og seinare tysk okkupasjon. Italia, som hadde store økonomiske og strategiske interesser i Albania, tok landet i besittelse 7. april 1939. Kong Zogu måtte flykte til utlandet, og Victor Emanuel av Italia tok tittelen konge av Albania. 

Albania vart formeld overlevert dei allierte ved Italias våpenstillstand i september 1943, men vart så tatt av tyske tropper og befridd først då krigen tok slutt. 

Etter krigen overtok Albanias kommunistparti under Enver Hoxha makta. Han vart anerkjent av U.S.A., Storbritannia og Sovjet-Samveldet i november 1945. Den grunnlovgivande nasjonalforsamling erklærte Albania som republikk i januar 1946. 

Konfiskering av store jordegods og sosialisering av gruver, transportvesen, bank- og postvesen vart iverksett. 

Som folkerepublikk (1946-91) førte Albania ein streng planøkonomi kombinert med bl.a. betydeleg kontroll av befolkninga, og landet var i desse åra Europas fattigaste og isolerte land. 

Ved inngangen til 1990-åra begynte Albania å bryte isolasjonen, samtidig som det vart innført marknadsøkonomi og frie val. 
Vinteren 1997 kom det til voldsomme opptøyer etter at ein stor del av folket mista sparepengane sine i ein stor finans-skandale. 
I 1998-99 var situasjonen i stor grad prega av konflikta i den jugoslaviske regionen Kosovo. Nærare ein halv million kosovalbanske flyktningar kom i 1999 til Albania. I 2001 vart dei diplomatiske forbindelsane med Jugoslavia, noverande Serbia og Montenegro, gjenoppretta. 

Av reformar i Albania kan nemnast: 
1929 - Familiefedre vart ved lov pålagt å ta ettenamn i bruk. 
1937 - Muhammedanske kvinner i landet fekk forbod mot å bære slør. 

Eit gjestfritt folk 
Det albanske folk er svært gjestfrie og det er ikke uvanlig å bli invitert inn på kaffe og raki (druebrennevin) av tilfeldige bekjentskap. Ei avvisning av ein slik invitasjon må gjerast svært respektfullt for ikkje å fornærme den som byr. Like fornærmande er det når gjesten vil betale for seg eller leggje att pengar. Tips: husk å ta med små gåver. 

Sjølv om 70 pst. av albanarane er av muslimsk herkomst, gjeld stort sett europeiske omgangsformer og klesdrakt. Menn bør likevel være forsiktige i sin omgang med ugifte kvinner. Dersom en skulle komme til å "skade en kvinnes ære" kan dette ha lite hyggelege konsekvenser. 

Næringsliv 
Frå 1990-åra vart det adgang til privat jordbruk og handel. Det vert dyrka kveite, mais, poteter, sukkerbeter, sitrusfrukt, druer m.m. Betydeleg gruvedrift (krom-malm, kobber, nikkel og kull). 
Petroleum. Det vert produsert kunstgjødsel, maskiner, byggematriell, sigaretter, tekstiler, vin m.m. 

Helseforhold og mathygiene 
Generelt har Albania dårlege vass- og sanitærforhold. Vaksine mot hepatitt A og B vert anbefalt. Svært låg standard på det nasjonale helsevesen. Hygieneforholda på dei fleste internasjonale restaurantar er akseptabel. Mineralvatn lett å få tak i. 

Straum og telefon 
Albania har 220 V, men ein må rekne med store spenningsvariasjonar og tidvise straumbrot som kan skade elektriske apparat. 
Det er dårlig GSM-dekning og få roaming-avtalar med andre land sine selskap. Netcom og Telenor sine abonnentar kan bruke mobiltelefonen i Albania 

Kredittkort 
Du kan bruke Diners, MasterCard og Visa, men det er fremleis svært få brukarstader. Det er vanskeleg å få ut kontantar på kredittkort, men minibankar (Visa) er i ferd med å bli installert i Tirana. 
Åpningstider i bank, off. kontorer og butikk er normale - og offentlege kontor har opent mellom 0800 - 1630.(man.- fre.) 
Bankane er opne 0900 1600 (man.- fre.) 
Dei fleste butikkar er opne frå 0800-2000 (man.-lør.) Svært mange butikkar er også opne søndagar. 

Transport 
Utlendingar vert anbefalt å bruke taxi eller leige bil med sjåfør. Vegstandarden er svært dårleg i store delar i landet - og bilparken har heller ikkje tilfredsstillande standard. Farten er høg og farlige forbikjøringar kan forekomme. Fare for overfall/ran er ikkje spesiell stor, bortsett frå i enkelte områder i Nord-øst Albania, som grensar mot Kosovo. For dei meir erfarne backpackers går det rimelige minibussar mellom alle dei større byane. Generelt så bør ein ikkje dra utanfor allfarveg uten å ha snakka med kjentfolk om kvar det er trygt å reise - og vegvisar er å anbefale ved fjellvandringar. 

Visum- og passreglar 
For tida er det ikkje visumplikt for norske borgarar til Albania. 

Albania har ei flyplassavgift på 10 Euro som må betalast både ved innreise og utreise 

Kriminalitet 
Som utenlandsk turist er du ikkje spesielt utsett for kriminelle handlingar. 

Naudtelefonar : 
Ambulanse : 127 
Brannvesen : 128 
Politi : 129 

Nasjonaldag : 28. november. 

Nasjonale helligdagar : 
1. januar, 22. mars, 1. mai, 28. og 29. november og 25. desember. 
I tillegg kjem 4 bevegelige religiøse helligdagar i forbindelse med gresk-ortodoks og romersk-katolsk påske og islamsk Store- og Lille Bajram. 

Største byar : 
Hovudstad er Tirana med 800 000 innbyggjarar. (Innbyggertallet er usikkert på grunn av stor tilflytting) 
Større byar er : Durrës (113 000), Elbasan (85 000), Shkodër (85 000), Vlorë (85 000) Fier (76 000) og Korçë (58 000) 

Språk : Albansk, men også godt kjennskap til italiensk, litt engelsk og fransk 

BNI pr. innbyggjar : 1 344 USD 

Mynt : Albanske lek á qindarka 

Religion : 
Islam (70%) - gresk-ortodoks (20%) - romersk-katolsk (10%) 

------------------------------------------------------ 

Styreform : 
Republikk med fleirpartisystem frå 1991. 
Folkeforsamling : 155 medlemmar vert valt for fem år. 
Statsoverhovud vert valt av Folkeforsamlinga. 

Statsleiarar : 
1914 Fyrst Wilhelm av Wied (regent) 
1914-25 Regentskap (4 regentar) 

Republikk : 
1925-28 Ahmed Zogu 

Kongedømme : 
1928-39 Zog 1 
1939-43 Viktor Emanuel (okkupert av Italia). 

Folkerepublikk : 
1946-48 Enver Hoxha 
1948-53 Omer Nashani 
1953-82 Haxhi Lleshi 
1982-92 Ramiz Alia 

Presidentar : 
Ahmet Zogu (19251928) 
Ramiz Alia (19911992) 
Sali Beresha (1992-97) 
Rexhep Mejdani (1997-2002) 
Alfred Spiro Moisiu (2002-) 

Statsministar :
Fatos Nano 

Kommunistpartiets leiarar : 
1941-85 Enver Hoxha 
1985-91 Ramiz Alia 

----------------------------------------------------------- 

Norsk ambassade og/eller konsulat : 
Kgl. norsk ambassade Tirana, Rr. Dëshmorët e 4 shkurtit, Pall. 7/1 (Skytower) 
Tel.:+355-4-25 70 35/25 69 23, 

Ambassade i Noreg (i Stockholm) 
Albanias Ambassade i Stockholm 
Capellavägen 7, S-181 32 Lidingö 
Tel . +46-8-731 0920/30, Faks: +46-8-767 6557 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal