Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

   

    
Sjøen - leveveg og ferdsleveg
Forfatter: Wilhelm Waage
Publiseringsdato: 07.01.2003

At Sogn og Fjordane er eit fjordfylke, ligg i sjølve namnet, og den som tek for seg kartet, får oversyn over den omlag 200 kilometer lange Sognefjorden og ei rad andre fjordar og fjordarmar frå grensa mot Hordaland og nord til Stad og Møre og Romsdal fylke. Det er sjølvsagt, at sjøen var folket sin ferdsleveg i lange tider og at dei var knytte til båtbruk av ymse slag ettersom utviklinga gjekk sin gang. 


MED ÅRAR OG SEGL. Ein sekskeiping med råsegl i frisk seglas på Frøysjøen. 
Båten er ein nøyaktig kopi av ein båt bygd i 1860 og tilhøyrer kystkulturstiftinga "Over stokk og stein" i Bremanger. 
Foto: Harald J. Stavang

Det kan soleis vera interessant å tenkja litt over kva skip folket her har sett siga forbi strendene deira. Til å byrja med var det no ikkje store skipa forresten. Det måtte då vera, at vi går attende til slaget ved Fimreite, men det skal vi la liggja. 

Skyss-stasjonane sine båtar var lette båtar med årar til framdrift, og det same galdt folk sine vanlege båtar, oftast færingar eller seksæringar. Dei vart nytta til gravferder, som kyrkjebåtar sundagar og i samband med bryllaup. 

Vi veit óg at doktorskyss eller henting av jordmor til tider fann stad med særleg lettrodde båtar av dette slaget. 
Var vinden lagleg, kom vel segla óg i bruk. Sol på brunbarka segl seiest å ha vore eit sjarmerande syn, men noko særleg romantikk knyter seg vel knapt til nett desse båtane. 

Det var det vanlege kavet med jord og husdyr som sette kravet til korleis båttypane vart, og noko særleg vakkert kom aldri ut av det. Flytting av dyr til og frå beite eller til slakt eller sal vart nok rutine, men det kosta til tider livet kring i bygdene. Sjøen tok sin toll av bondeyrket óg, endå det sjølvsagt var kystfolket som måtte betala dei fleste liv på denne vegen. Dei store fiskeria langs kysten vår sette svære krav til båtmateriell og anna utstyr og var eit tungt slit for mengder av folket her. Frå innst i fjordane og til ytst på øyar og holmar strøymde sesongarbeidarane til dei sølvblanke sildestimane som kom frå nord i år etter år. 


AGENTBÅT. M/B "Grieg" var bygd i 1908-09 i Hardanger for Markus Nese i Arnafjorden i Vik, 
og skal ha vore den første agentbåten i Sogn. 

No kom det eit skifte i det meste av båtbruken. Motorer kom i bruk hos vanlege folk. Til sjøs hadde Fylkesbaatane og andre selskap skaffa folk den skipsferdsla som den tekniske utviklinga hadde ført med seg ogso til vårt land. No byrja bygginga av skøyter, kutrar ustyrte med pålitande maskineri, og det vart i mange område nesten ein revolusjon når det gjeld det ein kan kalla småbåttraflkken. 

Der Fylkesbaatane hadde sine hovudruter auka talet på konkurrerande motorbåtar. Men til og frå byen, og det vil her seia Bergen, so vart den flåten ein såg koma og gå, stendigt nyare, og sist på var det so og seia slutt på dei gamle jektene og segla. 

Folk som elles hadde reist med dei ferme seglskipa til sommarstemnene i Bergen, hadde byrja nytta «dampen» eller konkurrentane hans. Ja, det var so tidleg, at dei på veg til byen sommarsdag hadde sett «keisarskipa» på fjordane. Ikkje berre det, dei hadde óg vore nær dei første store turistskipa, dei so kalla «flytande hotella». som vitja oss. Og etter nokre fåe år, hadde vegane laga band langs fjordane og ferjene hekta dei saman. 


TRADISJONSBÅTAR. Kystmuseet i Sogn og Fjordane, som ligg i Florø, har ei større samling av gamle båtar. 

Det er berre utruleg kor stutt tid det tok å leggja om trafikkbiletet mange stader. I ein periode på under 100 år bygde handelsstanden i byane opp ein liten flåte av «agentbåtar», som vi kalla dei. Langs alle fjordar og strender elles tøffa dei frå handelsmann til handelsmann. Ikkje alle var like vakre og velhaldne, men vi minnest firmabåtar, som var reine «yaehtane». Men so kom vegane, og dei handelsreisande sine båtar vart borte frå sjøen utan at folk la særleg merke til det, endå landet vårt skal ha vore det einaste i heile verda som hadde ein slik «handelsreisandeflåte». 

Det er mange av oss eldre som minnest den første påhengsmotoren vi såg. Det vart sagt mykje «stygt» om han, og i mange år var det dei tunge innabordsmaskinene som rådde grunnen i dei opne båtane. Men den tekniske utviklinga heldt fram og førde med seg, at biletet til sjøs endra seg totalt. Ikkje berre vart dei store skipa våre borte. 12-14 mils fart vart bytt om med nærare 40 mils. For dei mindre båtane sitt vedkomande vart det nytta anna byggjemateriale enn tre. Og utetter fjordane våre og langs kysten synte den aukande kjøpekrafta seg att i stendigt større, snøggare og flottare båtar. 

Dei katamaranane Fylkesbaatane bygde opp hovudrutene sine på i 1970- og 1980-åra var ein revolusjon. Vi hugsar vel då ekspressbåtruta frå indre Sogn til Bergen kunne fortelja dei reisande, at strekkja var like lang som Bergen-Langesund. Seinare har desse båttypene auka farten med omlag ti mil. Då går det helst snøgt. Det var likevel folket i Solund / Gulen som tykte dei fekk størst utbytte av den auka farten. Grunna omlegginga av rutene vart reisetida til dels korta ned frå 11 timar til om lag 2 1/2 time. 

Men ikkje alt som hende på eller langs fjordane våre vart teke imot med like stor glede. Bruer, nye vegar og tunnelar førde med seg visse vanskar i fleire distrikt, og fleire vil nok koma til å syna seg i åra som kjem. Førebels ser det ut til at sjøen likevel held fram med å vera viktigaste levevegen vår. Saman med den store fiskeflåten vår og dei mange lakseoppdretta langs alle strender, er sjøen framleis den kjelda vi kan ausa or. Vi har også olja i Nordsjøen og andre havdjup. 

Fleire museum og samlingar kring i distrikta våre vil gjera sitt beste for å nøra opp under nostalgien og dei varme kjenslene for det som var. 
-------------------------------------------- 
Kjelde : FSF - Fjord og kyst 2001 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal