Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

   

    
Praktfulle skip på fjordane
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 09.07.2006

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane fekk i 1949 levert «M/S SUNNFJORD» -og i 1950 «M/S SOGNEFJORD». Desse to praktfulle skipa revolusjonerte samferdsla mellom Bergen og Sogn og Fjordane, og selskapet vart i stand til å skilje passasjerar- og godstrafikken i særskilte ruter. 

Båtane var bygt av Pullmann Standard Car Mfg. Co., Chicago, Illinois, USA, og levert som ubatjagarar i juli og august 1943 som USS PCE 832 og USS PCF 833. 

Under låne- leigeavtalen med Storbritannia kom dei straks inn i Royal Navv under namna «HMS KILWICK» og «HMS KILHAM». Då krigen var slutt vart skipa ført attende til US Navy, og deretter tilbudt for salg. 

FSF kunne på denne tida berre makte å finansiere kjøp og ombygging av ett skip, og i 1948 kom «KILWICK» til Haugesunds Mek. Verksted for ombygging. 

I mai 1949 var «SUNNFJORD» ferdig og gjekk inn i hurtigrute Bergen-Årdalstangen. Den vart omtalt som kystens flottaste ruteskip og kosta avgårde med 15 knops fart. 

Tonnasjen var 934 TBR og måla 178,1 x 33,1 x 12,7 fot. 
Motorane, to tolvsylindra dieslar med ein effekt på 1324, var levert av General Motors Corp. og skipet hadde 2 propeller. 

FSF ville snart ha eit søsterskip, og Bergens Handelsforening var interessert i å bedre sambandet til Sogn og Fjordane. Eit nytt selskap vart skipa: Skips A/S Investment, og dette selskapet kjøpte «KILHAM» som og vart ombygd i Haugesund og kom i fart sommaren 1950 som «SOGNEFJORD». 

«SUNNFJORD» kom no i fart mellom Bergen og Nordfjord i den nattruta som i «NORDFJORD 1» og «KOMMANDØREN» hadde hatt. 

«SOGNEFJORD» tok over ruta Bergen - Lavik - Vadheim - Høyanger - Balestrand - Hermannsverk - Lærdal - Årdalstangen, med dagturar om sommeren og natt-turar om vinteren. 

«SUNNFJORD» hadde mange uhell i sin karriere, grunnstøytinger og kollisjon med BDS-båten «DIANA» sør for Florø. 

I 1974 fekk «SUNNFJORD» eit alvorleg motorhavari, og kom etter dette ikkje meir i fart. Båten vart lagt i opplag i Florvåg, og maskineriet vart brukt til reservedelar for «SOGNEFJORD», som no gjekk inn i Nordfjord-ruta. 
I november vart båten teken ut av rutefarten, og markerte sin avskjed med ein ekstratur til Årdalstangen. 

«SUNNFJORD» vart selt til eit firma i Oslo, som planla å bygge skipet om til eit flytande kontor. Men skipet forliste under slep østover. 

21. november 1982 var siste dagen «SOGNEFJORD» var i trafikk for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. 

HISTORIA TIL M/S SOGNEFJORD ; 

1943: 02.08.: Sjøsett som USS PCE.833 for US Navy 
1943: 10.10.: Overtatt av Royal Navy. Omdøpt HMS KILHAM 
1946: Formelt tilbakelevert US Navy. Omdøpt USS KILHAM 

1949: Selt til Skips-A/S Investment, Bergen. Omdøpt til M/S SOGNEFJORD 
Ombygd til bilførande pass.skip ved Haugesund mek. Verksted: 
934 brt, 395 nrt, 575 PC 178.1 x 33.1 x 12.7 

1950: Sett i fart, utleigd til Fylkesbaatane 
1957: Innkjøpt av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, Bergen 
1978: Reg.havn endra til Florø 

1982 : Selt til Filmeffekt A/S, Oslo. Overhalt og ombygd ved Mjellem & Karlsen, Bergen, og medvirka til filminnspeling i Nordishavet. Omdøpt til Orion. 

1984: Febr.: Selt til K/S Orion Film A/S (Filmeffekt A/S, Oslo), Florø. Omdøpt ORION 

1986: Mai: Selt til A/S Orion (Tomrefjord Elektroservice A/S, Tomrefjord), Molde 

1987: Okt.: Selt til Cruiser Corp. (Panama) (Miska Matkat Oy, Helsinki), Kingstown, St.Vincent. 

1989 : I rute mellom Fredrikshamn - Vyborg. 
1991: Mai: Selt til Orion Risteilyt Oy, Fredrikshamn, SF 
1991 : I rute på kortkryssningar mellom Helsingfors - Viborg. 
1992: Selt til Cruiser Corp. SA, Kingstown, St.Vincent. I trafikk frå Riga. 

1994 : I rute mellom Lovisa - Tallinn. Seinare i rute mellom Slite - Ødsel. Det vart her store problem med skipet. 
1995: Selt til ukjent eigar, San Lorenzo, Hond. Omdøpt ORION II 

1996 : Opplag i Slite. Seinare flytta til Visby. Selt på auksjon.. 
1996 : Selt til Jaako Mathias Eriksson, Honduras. 

1997 : Selt til ukjente kjøparar i Thailand. Gjekk frå Finland via Rotterdam mot Thailand. Omdøpt till Orion Explorer. 

2005: Framleis i fart. 

----------------------------- 

Veit du meir om M/S SOGNEFJORD - og skipet si ferd - så kontakt oss på mopdal@online.no

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal