Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

   

    
SOS
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.02.2005

I eteren er SOS det internasjonale naudsignalet. Det fortel at fartøyet er trua av alvorleg og overhengande fare. Signalet består av ei gruppe morse-teikn med tre prikkar, tre strekar og tre prikkar. 

Signalet ··· -­­­ ··· vart, etter forslag frå Tyskland, godkjent på det internasjonale radiotelegrafimøtet i Berlin i 1906. To år seinare vart SOS offisielt godkjent ved internasjonale overenskomstar. 

Bokstavane SOS vert ofte tolka som ei forkorting for det engelske "Save our souls" eller "Save oh save", men dette er neppe korrekt. Det er lite sannsynleg at signalet har nokon tilknytning til alminnelege uttrykk. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal